logo

Drilling me softly

Publisert:
17.06.2018

…strumming my pain with his fingers, singing my life with his words…

Ein handverkstipendiat kan til tider oppleve motgang og vere nede. Av og til er det som om ein arbeidar og arbeidar, men ingenting lukkast. Heilt forferdeleg. Den historia med diglar frå Kina har gått inn på meg, det er sikkert. Å sjå at den flotte messingen ein har arbeidd med berre renn ut av slaggluka og ned i grusen tek hardt på arbeidsmoralen. Men: Ekte handverkstipendiatar gjev aldri opp. Dei finn løysingar.Nemleg!

I verkstaden min, rett ved ekstraflaskene med acetylen, står det ein liten akslingstump på 210 mm og smiler til meg. ”Feuerfest” står det på han. Med andre ord: Varmefast.  Eg har visst om han, men eg har liksom ikkje sett på han i det siste. Han har liksom vore tilskodar til det heile, ein ukjend ven i hjørnet. No er det tida for å trø han nærare inn på livet. Har eg emne til ein ny digel her? Det må volum til, skal eg klare å støype låskassen til Girardonirifla. Stålhettene til Baker Oil Tools er ikkje store nok til å ta to kilo messing. Difor er det berre eitt å gjere: Ta steget og invitere akslingen på ein tur i dreiebenken.

 

Kva for ein vin skal me velje i dag? Ein mørk burgunder eller ein lys riesling? Valet fell på ein kald, tysk Gühring på 34,5 mm. Varmefast stål av tysk fabrikat er  sære saker å bore i, merkeleg, kortsponande, nesten som støypegods. Og hard medisin for min tyske spiralbor, men eg har kvesst han dugaleg og bruker mengder med emulsjon. Min tilårskomne Colchester Triumph 2000 dreiebenk høyrest noko andpusten ut og må ha to kaffipausar på åtte timar . Det tek nesten ein heil dag å bore og dreie ut holet i akslingen, som eg let vere litt under 50 mm. Då er det ein halv tomme gods att i sidene på digelen, og det burde halde. Det vert litt av eit varmemagasin, aj aj.

For å kunne halde digelen maskinerer  eg ein ring på toppen som eg festar med fire settskruar. Dersom taket på tanga skulle sleppe er det mindre sjanse for å søle flytande messing på kjeledressen. Det kan kanskje ha sine fordelar…

Spesielt stål dette også: Eg brukar over eit kvarter å kappe til eit emne med min svære Metabo vinkelslipar på 2000 watt. Dette er stål som kjem frå Nordsjøen og som er brukt til å transportere sprengladningar under havbotnen. Der vert ladningane detonert slik at resterande gass og olje som er gøymt i sedimentære lommer vert frigjort og kan pumpast opp i borestrengen. Og her står eg og borar og dreiar i sakene. Å, så miljømedviten eg kjenner meg som resirkulerar skrapgods frå oljeindustrien!  Heldigvis er det ingen som veit at eg fyrer med koks. Mitt karbonavtrykk er for tida i største laget.  

Ute er det vår og insekta er i full gong med å finne mat. Den typiske messingbilla (Ignoramus Brasso Masfjordensis) er også ute og flyg.  Typisk våratferd er høge hopp og breie nedslag med vernesko. Messingbilla er lett å kjenne att på den heimelaga digeltanga og den grøne ullgensaren. Ho er på jakt etter messing, helst frå brukte riflehylser, som ho dreg heim i bolet sitt. Bolet  har ho spikra saman av resirkulerte granbord. Der samlar ho hylsene saman og smeltar legeringa ned i ein heimelaga digel. Ingen veit kva ho skal bruke messingen til, men ho har mura ein svær gassomn inne i bolet sitt som ho fyrer opp i .  Messingbilla har utprega godt lynne, men åtferda er til tider svært irrasjonell og prega av uregelmessige vandringar inn og ut av verkstaden. Ignoramus brasso har eit godt forhold til katten i tunet, som ho lever saman med i ein slags symbiose, jf. the Friskies promise.

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...