logo

Tøff kvardag

Publisert:
03.04.2019

Dersom ein tek rennefart og skallar hovudet i veggen, kva kan skje då? Det er nærliggjande å tru at to ting kan skje: Konsekvens nummer ein: Ein god kul i skallen. Konsekvens nummer to: Hol i veggen. Eg er ikkje kommen lengre enn til konsekvens nummer ein og det merkast. No er eg så ør i toppen at det er tid for ei revurdering. Men eg skal ha hol i den veggen…

 

«Bent Erik, kva gjer eg no? Eg har prøvd alle typar skinn og ventilen lek framleis» Katten held hovudet litt på skrå mot meg der eg står og fyller lufttanken min med flaska frå Gulen Dykkesenter. Det kjem eit ettertenksomt «mjau», kva no det enn skulle tyde. Det ser ut som om Bent Erik kikkar bort på nabotomta. «Min kjære venn,  eg trur eg veit kva du tenkjer på: Me skal invitere katten til naboen på ein boks kattemat. Så skal me snike oss inn på han bakfrå,  overraske han, vrenge av han skinnet og teste ut katteskinn som pakningsmateriale. Bent Erik, du er meg ein god helv…., orsak, du er i overkant pragmatisk." Bent Erik nikkar. Eg ser på han med eit strengt og faderleg blikk: «Nei, Bent Erik. Nei. Ditt forslag er rett og slett forkasteleg. Dessutan er det uetisk. Dersom eg og du eliminerar premiekatten til ein av våre fremste lokalpolitikarar her i bygda vert det sjau.  Skikkeleg sjau. Klart du vert kvitt ein rival, den saka er grei. Men livet, Bent Erik, livet, det handlar ikkje berre om damer og mat. Livet, det handlar også om kunst. Handverkskunst, Bent Erik.  Dessutan, Carl Ivar likar ikkje First Price. Han vil berre ha Sheba. Med tunfisk.»

Eg kjenner at eg vert litt opptrekt. Det har eg likevel god grunn til: No har eg laga ventilar i tynt skinn og tjukt skinn, mjukt skinn og stivt skinn, av kalv, kvige, ku og til og med geit. Eg har fukta pakningen med olivenolje og vatn, lete han liggje og trekkje i olivenolje og vatn, snudd pakningane med vrangsida fram og vrangsida bak. Dobla pakningen. Tetta med tjøre, harpiks, smaletalg, tran, you name it. Polert ventilsetet i urmakarbenken med finaste stålull og lupe. Lagt eit tynt lag med tinn på ventilsetet for å gjere overflata i ventilsetet meir likt strukturen i pakningen.  Ikkje tale om . Det vert ikkje tett. Kva er feilen?

 

På skrivebordet  ligg ein gammal artikkel frå Deutsches Waffenjournal som eg fann i arkiva til Waffenmuseum Suhl hausten 2017. Orda til Herbert Wagisreither frå Wien som skriv om pneumatiske våpen og «der Jammer mit der Dichtung» gjer at eg kjenner meg mindre åleine. Litt trøyst gjer godt i ei hardt prøvd handverkarsjel. Og her ligg nok svaret. Eg siterar: «Det einaste problemet i den tida var pakningane. Dei var nemleg ikkje tette eller vart utette med tida. …Eit kvart material har si spesifikke flytegrense, som sjølvsagt varierar, alt etter kva material det er. Dersom flytegrensa til ein pakning er nådd på grunn av innvendig trykk, er det slutt på heile den tette herlegdomen. Det er no slik at pakningen må vere elastisk nok til å jamne ut dei minste feila i overflata på ventilen.»

«Elastisk». Eg smakar litt på ordet og skular over på den raude boksen med o-ringar i oljebestandig syntetgummi. No er det Bent Erik som ser på meg med eit faderleg blikk. «Nei. Ingen fusk her, Alf.  O-ringen vart fyrst patentert i 1896, hundre år etter. Du må nok bruke skinn…»

Nett då skvett Bent Erik til. Han har fått auge på noko:  Ein kvit katt med overmåte blank pels og silkepotar stiltrar seg inn på tunet. Premiekatt.  Det skin av han like hit. Ingen tvil.  Carl Ivar. Eg ser på Bent Erik. Bent Erik ser på meg. Eg skjønar at me har fått den same tanken:

 «Bent-Erik, har ikkje me ein boks Sheba i boden? Med tunfisk?»

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...