logo

Heilt i lodd?

Publisert:
06.12.2018

Neppe. Ikkje eg.  Men eg er oppteken av lodding: Hardlodding  var ein metode som sumerarane  i byen Ur (Irak) nytta for å lage sverd før essesveisinga vart oppdaga, 3000 år f.Kr .  Same metoden brukte Girardoni til å setje saman trykklufttanken i rifla si, nesten 5000 år seinare. Kvifor?

Ja, kvifor vart ikkje tanken sveist? Teknologien med essesveising var mykje brukt på 1800-talet for å lage løp til militærvåpen som skulle tåle ekstreme trykk, opp mot 1000 bar. Dette er eit steikande godt spørsmål, nesten like godt som spørsmålet: Kvifor laga Girandoni låskassane sine av messing og ikkje av stål? Eg har diskutert problematikken med børsemakarmeister Robert Brandt frå Waltershausen i snart ei veke no, men me er enno ikkje komne fram til noko fornuftig svar, men sit framleis berre med ”sleikjepotten på nosi”, som Jakob Sande skriv. Bartholomeus Girandoni er sikkert oppe med Gabriel og resten av englane og ler og humrar.

Nei, slikt kan ta nattesøvnen frå ein stipendiat. Her kjem likevel ein hypotese: Botnen og det gjenga partiet i front kan ikkje sveisast, det må hardloddast. Andre teknikkar var ikkje kjende i 1780. Kvifor skal då mellomstykket med saumen gjerast sterkare enn endane?  Inuittane i Alaska laga sine berømte skinnbåtar (iqyax) med spant av tynn vier. Dei var ikkje spesielt sterke, men dei var mange og ikkje sterkare enn resten av rammeverket. Etter tre tusen år med prøving og feiling hadde dei konstruert eit skrog som var så fleksibelt og fritt for uendeleg stive punkt at båten berre kunne kollapse om h e i l e  konstruksjonen gjorde det. Eit genialt konsept som gjorde det mogeleg å fangste sjølv i dei tøffaste atlanterhavsbårene. Kanskje skal eg sjå på tanken på same måten? Som ein elastisk sak? Som ein ballong?

Men fyrst må me forme tanken:

Når eg har bøygd stålplata rundt doren , tek eg plata av den innvendige forma og  dreiar  koniske ringar som eg driv på plass med hammar og slagstykke.  Ringane har same konisitet innvendig som tanken utvendig, 3,16 grader.

 

Så merkjer eg, kjørnar og borar hola for dei heimelaga naglane:

Men kva for eit hardlodd skal eg bruke? Girandoni brukte messinglodd, for det gjev optimal styrke. Loddet hadde han neppe kjøpt hjå TESS, så eg gjer som Girandoni, eg lagar mitt eige hardlodd: Børsemakarkollegaen min frå  Tyskland har ei bok med seg i sekken: ”Die Technologie der Büchsenmacherkunst” av Rupert Schützelhofer, utgitt i Wien i 1922. Bak i boka i kapittelet ”Arbeitsweisen mechanisch-chemischer Natur” finn eg fylgjande oppskrift: ”…5 delar messing og 2-5 delar sink…”. Supert. Som bestilt. For ordens skuld: Hardlodding er lodding på temperaturar over 450 grader Celsius, der loddet har eit smeltepunkt som ligg litt under smeltepunktet til metallet det skal bindast til. Eit flussmiddel vert påført metallet som skal halde oksygen ute og gjere overflata i metallet mottakeleg for loddet. Når loddet smeltar lagar det ei legering med overflatestrukturen i metallet. 

Til verket: Eg skjer til messingbitar og sinkbitar, varmar opp omnen og er i gong:

Eg tilset borax for å få bukt med oksid i oppvarminga  og raffinerar messingen gjennom to smeltingar for å vere sikker på at alt er homogent. Heilt fantastisk å ha drive på med gjørtlararbeid før, no kan eg lettare ”lese” messingen når han smeltar. Rart, dette her. Eg kjenner meg litt meir heime no. Snøgg oppvarming er nøkkelen til suksess, elles oksiderar messingen og vert uråd å smelte.

 

Det ferdige loddet ser spennande ut: Det er både gull-og sølvfarga. Eg har børsta det grundig med stålkosten for å få det så reint som mogeleg. Boblene kjem av høg varme på oversida. Neste gong skal eg dekke det betre til...

Eg gjer ein loddeprøve med to stålplatebitar for å sjekke ut kor langt kapillærkreftene vil dra loddet inn i den klinka fuga. Messingloddet ligg på toppen og held akkurat på å smelte:

 

Etter avkjøling og nedfiling av stykket er det fram med lupa:

 

Dette er fascinerande: Loddet dreg seg inn i fuga heile vegen, ser du den tynne, gule streken? Det er messingen som har laga ei legering med stålet, sterkare enn messingen i seg sjølv.  Fantastisk. Av og til kjenner eg meg så liten. I dag er ein slik dag. Tenk - i Egypt, på faraoane si tid, vart denne metoden brukt for å føye saman delar i drikkekar. No, omringa av alskens nymotens verkty,  balar eg med å få til ein elementær liten skøyt av to platebitar. Hadde handverkarane for 4000 år sidan sett meg, hadde dei fått ein god lått.

Vel, eg  rettar ryggen, børstar alle flater, avfeittar, set inn med boraxpasta, klinkar tanken og loddar han i den store omnen.  No er eg spent på om det held. Om loddet har trengt inn i alle fugene vil vise seg når me set trykk på. Under har eg børsta fugene, dei ser heile ut, men om dei   e r  det, vil me erfare seinare.  Nett no er eg overlukkeleg over at eg brukte eit knapt år på å lage smie og mure omn. Førebuingar kan verke lange, men du verden så kjekt det er når ein kan bruke det ein har konstruert til noko produktivt. I fjor transporterte eg eldfast stein i segldukskajakk over islagt vatn, i dag plirar eg med gluggane som katten framfor omnen når propanblussa brølar. Herleg. 

 

Jau, det er litt sårt å måtte sprengje noko som ein har streva så lengje med å få til, det er sant. Likevel, det vert spennande å finne ut kor mykje tanken eigentleg tåler. Har ei kjensle av at det er duka for ei overrasking. Veddar på at Girardoni har noko på lager.  No må eg finne fram hørselsvern til katten også, vernebriller og dekningsmateriale , dette vert mildt sagt eksplosiv empirisk forsking….

 

Ha ei fin helg, folkens!

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...