logo

Bøygen og eg

Publisert:
23.01.2019

 Ein glad stipendiat har komme til botnar i noko han har grunna på lengje: Kvifor laga Girandoni tankane sine av plater? Og kvifor lodda han dei i staden for å smisveise?

Dette er eit skikkeleg gjennombrot, det vil eg seie:  Vegleiaren min i Tyskland, Karl Wolff,  rådde meg frå å lage tankane på den opphavlege måten og sa eg burde dreie dei ut av eit massivt stykke stål.  Han såg det med auga til ein røynd mekanikar, tenkte på  lodda lufttankar som ustabile granatar og kjende ikkje til  varmforming  av plate rundt ein dor.   Eg kan godt forstå  han og var ei lang tid samd med han. Konseptet med å lage eit kremmarhus av ei plate og klinke henne saman lyder primitivt.  Dei amerikanske børsemakarane som har prøvd å kopiere Girandoni sitt system dreia tankane av massivt stål, t. d. Martin Orro.  Ernie Cowan frå Chambersburg, Pennsylvania, som diverre gjekk bort i 2018, er den einaste eg veit om som har klart å lage trykktankar av stålplater i nyare tid.  I Europa veit eg ikkje om nokon som har funne på noko slikt dei siste hundreogfemti  åra, så det var på høg tid me tok opp tråden .

No står eg her ved arbeidsbenken min og tenkjer: Kor glad eg er at eg var så sta og galen, tok mot til meg og heldt meg til konseptet til Girandoni. Skulle eg ha laga tankane ved å dreie dei av massivt stål, ville det ha gått med minst 9,66 kilo per tank og eg ville ha produsert bøttevis med spon som eg måtte kaste etter mange timar med utvendig og innvendig konisk dreiing.  Slik eg har gjort det no, går det med 1,2 kg, altså ca. 12 % av det eg elles ville ha brukt. Så klart Girandoni også klinka dei av jernplater, alt anna ville vere sløsing,  både med material og tid.  Dessutan, ein klinka tank vil vere lettare i vekt og ha større kapasitet  fordi det er plass til meir luft innvendig. Meir luft medfører at ein kan skyte fleire kuler før tanken er tom. Testen min synte at konseptet til Girandoni  klarar 100 bar, truleg meir, om eg får bukka  kanten bak.  Og skinnpakningane vil truleg byrje å flyte ut på litt over 60 bar. Arbeidstrykket ligg  berre på 54 bar. Kvifor er det ikkje høgare? Nei, det  t r e n g  ikkje vere høgare.  54 bar gjer susen.  Det er nok. Nok med ein ”k” i ”nok”. Den manuelle pumpa til å fylle tanken med er dessutan slik laga at ein ikkje klarar å pumpe høgare trykk i flaska og slik unngår flaskesprengjing.  Dette tenkte Girardoni på. Lærlingen min, Børre, nikkar. Han gler seg til neste trykktest og har allereie fått hjelmen på. Stålhjelm.

Og kvifor skulle Girardoni  smisveise stålplata i sida? Han ville likevel ikkje kunne sveise botnen,  der ville han ikkje ha komme til med mothald på ambolten sin. Botnen  er den svakaste delen og den  måtte hardloddast. I dag kunne me ha sveist konstruksjonen med ikkje smeltande wolframelektrode, men du verden så sterk ei loddefuge med messinglodd er.

Her er eg ved kjernen i saka: Kvifor kjenner me oss forplikta til å overdimensjonere og endre på noko som har fungert heilt utmerka? Er me så skråsikre på at me kan gjere det betre berre fordi me er komne lenger i tilverkjingsteknologien? Girandoni  hadde god kjennskap til materiala han arbeidde med , kanskje betre enn mange av oss i dag. Han visste at jernplater ville halde trykket om kvaliteten var god nok.  Det er også  berre tre usle spissgjenge i front som skal halde ventilen.  Det  ser svakt ut, men er meir enn sterkt nok til å tåle trykket, så kvifor lage fleire?  

Hadde eg følgd rådet til vegleiaren min, teke den sikre vegen og dreia flaska av ein aksling, ville det sikkert ha vorte ei  trygg flaske som ville ha tålt 200 bar, men eg ville aldri ha funne ut det eg har funne ut no.   

Og kva seier det meg som handverkar? Jau,  det er så utruleg viktig å gå heilt attende til kjeldene og prøve å kopiere nøye etter så historisk korrekte metodar som mogeleg.  Ikkje for å få det beste resultatet utifrå  tekniske rammevilkår av i dag, men for å forstå handverkaren.  Gjer me det, vert me tvinga inn i den same problematikken som handverkarane sto i for 200 år sidan: Me vert nøydde til å finne ut kva  handgrep me må ta, kva hjelpeverkty me må lage og  kor grensene til  materialet ligg. Det er ikkje så enkelt som å skrive eit maskineringsprogram, spenne opp ein tretoms legert aksling på over ti kilo, lukke døra,  trykkje på knappen og la heile stasen forsvinne i ein dis av kjølevæske og brumminga til eit  femaksa  maskineringssenter. Eg kunne ha gjort det, men eg ville gått forbi så mykje kunnskap og innsikt.  Det er mykje Peer Gynt i dette:  ”Gå udenom, Peer! Den er stor nok, hejen”. Men når gjekk sist  stipendiatar utanom?

I slike stunder vert eg fylt av takksemd, stor takksemd for at eg får høve til å tøffe meg litt mot Bøygen på desse smale og attgrodde  stiane i handverket vårt. Tru meg, folkens,  vegen ER målet.  God helg!

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...