Alf Helland

Arven frå Egbert

Publisert: 23. mai 2019

Kva vil me med handverket vårt?

 

Eg står i verkstaden og filar på hanen til luftrifla. Ute er det varmt, nesten sommar. For snart femten år sidan stod eg på parkeringsplassen utanfor Ringberg Hotel i  Suhl i Tyskland og kjende på den same varmen. Det var like etter eksamen, og det var siste kvelden for oss elevar saman før me skulle gå kvar vår veg.  Nokre skulle til Italia, andre til USA, Austerrike eller Ungarn. Eg skulle til England og grugledde meg litt der eg sto.  For meg vart det ein spesiell kveld:

Litt lengre borte på plassen stod ein gammal børsemakarmeister, Egbert Borowsky. Han hadde undervist elevar ved den gamle Schollskulen nede i sentrum sidan tidleg på sekstitalet. Sjølv hadde eg aldri hatt han som lærar, berre høyrt at han var streng. At han kasta det tunge nøkleknippet på elevar som sovna i teoritimen og at han ein gong hadde hivd eit gevær til ein elev ut av glaset i verkstaden. Verkstaden låg i tredje etasje og det nesten ferdige geværet var berre skrap etterpå. Kvifor? Fordi eleven etter tre år enno ikkje fekk til å file plant.

No kom den kvithåra læraren mot meg. Alvorleg, med tunge steg.  Under armen hans hadde han ein tøybylt med noko inni.  Han stogga rett framfor meg, strekte fram den grove arbeidshanda si og sa: «Herr Helland, dette er til deg. Lukke til.» Så  smilte han forsiktig, snudde seg og gjekk.

Då han var gått, pakka eg ut: Det var ein arbeidskittel. Meisterkittelen til herr Borowsky. Og den største fila eg nokonsinne har sett. Ei armfil. Ei grovt hogd firkantfil med krum profil som vog godt over tre kilo.

No, femten år etter, skal det lagast nye læreplanar for børsemakarfaget her i Noreg. Eg har fått det store privilegiet å vere med i arbeidsgruppa for faget.  I desse dagar skal dei nye kompetansemåla meislast ut. Kva vil me at neste generasjon børsemakarar skal lære? Kva retning skal faget ta? Korleis skal me nå ungdommen? For me er nøydde til å nå dei.  Utan ungdommen på laget har faget inga framtid.

Ein ting er sikkert: File plant, det er viktig. I malen til Undervisningsdirektoratet er eg komme til punktet «Underveisvurdering».  Eg må tenkje litt på korleis Egbert tolka omgrepet. Skulle gjerne sett då to blanke løp og låskasse fauk ut av eit verkstadvindauge i tredje etasje og landa med eit brak på brusteinen ute på plassen. Lurar på om han sa noko etterpå eller om han roleg gjekk attende til skrustikka og tok opp arbeidet  sitt, slik han vanlegvis gjorde.  No står eg her med fila hans og prøver å file plant. Det er ikkje lett. Det har aldri vore lett. Heldigvis står eg i kjellaren...