Tørrmuring i Nordhordland
I perioda 2003 - 2007 vart prosjektet «Tørrmuring i Nordhordland» gjennomført med Haakon Aase som fagperson.
Gjennom etablering av «byggjeplassar» for restaurering og vøling av gamalt murverk, og gjennom nye anlegg, vart det gjort eit stort arbeid med å byggje og overføre kunnskap i tørrmuring til nye handverkarar.
Kring 300 personar var innom prosjektet i kortare eller lengre opplæringstiltak, nærare 30 ulike tiltak (restaurering, vøling og nybygg) vart gjennomført, 120 elevar i vidaregåande skule fekk ei innføring i faget, og om lag 15 personar har nytta eller nyttar i dag kompetansen dei tileigna seg i samband med jobb.
Prosjektet er eit godt døme på korleis dokumentasjons- og opplæringsprosjekta kan nyttast til å vidareføre kunnskap i gamle handverk til ein ny generasjon, og for nokon jamvel skape grunnlag for eigen næring.
Prosjektrapporten Fem år med folk og stein er nå tilgjengeleg.