logo

Mil etter mil

Publisert:
17.01.2020

…etter mil….

Katten lettar forsiktig på hovudet, men opnar berre så vidt det eine auget før han slepper haka nedatt på stolputa. Her er det om å gjere å porsjonere kreftene. I det siste har det vore fullt køyr her i verkstaden: Heile romjula og nyttårshelga gjekk med til innleiande skjeftearbeid. Forskjeftet på Girardonirifla er eit kapittel for seg, og Bent Erik og eg fann ut at det var lurast å lage ein modell før me kvesta  emnet vårt i over hundre år gammalt tyrkisk nøttetre. Sabla mykje arbeid, men kva gjer ein ikkje for å unngå å skjende eit godt emne?

Bent Erik tykte det var ein heilt grei idé å jobbe seg gjennom feriedagane: Det var så mykje vind at han datt ut av kassen sin,  i n n e  i vedskjulet, så det var i grunnen heilt okei å flytte inn under spontrauget ved fresemaskina. Her har han passa matinga på fresebordet og olja lager kvar åttande time. Det er faktisk få ting  som gjev meir ro i sjela enn ei fresemaskin som går for fullt i kjellaren.

Noko som sjølvsagt hadde vore endå betre, hadde vore vissa om at me får dette til. At me kjem i mål. Somme tider får me tvilen over oss, Bent Erik og eg. NRK P1 spelar Jahn Teigen:

 «Hvil deg nå, du er sliten,

Hvil din kropp før din kraft ebber ut….»

Freistande, men det får vente.

Fyrst må me få måla me tok av skjeftet i haust over frå papiret og over på eit skant. Akrylplast er eit supert material til slikt, då er det lett å seinare leggje malen over på emnet og sjå kor me kjem ut med blyantrissa våre.

Viss me er heldige no, så skal me klare å få to forskjefte ut av eit emne. Modellen vår vil vise om det går: I vedskjulet finn me eit stykke eik som målar vel to gongar to tommar og er litt over tredve tommar langt. Litt kort, men me  limer på ein stubb og planfresar alle fire sidene i Bridgeportmaskina:

Sidan løpet er åttekanta og smalnar konisk av mot munningen, er løysinga å spenne opp emnet i to skrustikker som me set på skrå i forhold til fresebordet:

Emnet må ikkje berre skråstillast sidevegs, men også i høgda, og konisiteten sjekkar me med eit måleur. Stigninga er 0,41mm på 100mm vandring:

Så er det å frese ut sideveggene med ein pinnefres og ta sidene med ein 45 graders profilfres:

Rettnok tek det tid å lage ein slik skjeftemodell. Men du verden så godt det er å ha noko handfast å sjå etter. No kan me leggje inn linjene i skjeftet og sjå kor me hamnar.

Og det er no dansen startar: Låseplata må flyttast litt på, og då må også låsedelane inni flyttast tilsvarande. Det eine tek det andre. Meisling. Saging. Filing. Fresing. Dreiing. Nye delar. Filing. Tilpassing. Så byrjar låsen å lage problem.  Hengjer seg opp. Pakningane tek til å fuske. Dei gjenga partia i messing er så mjuke at dei trugar med å verte deformert. Herleg. Og kor går timane? Me er brått midt i januar månad. Opp klokka kvart over fem og i seng klokka elleve.  Framover går det, men med bittesmå musesteg.  Kvifor gjer me dette her, pus? Kvifor er ikkje me i syden nett no? Med paraplydrink, solbriller og utsikt mot havet? Nei, fordi me har eit mål me skal nå. Me skal reprodusere tidenes genistrek, pus. Girardoni M1780. Og me skal klare det. Du og eg.  Katten nikkar. Han har alltid hatt sansen for Jahn Teigen. Det har eg også.  Reise til finalen i Grand Prix to gongar og komme heim utan eit einaste poeng. Men gje opp? Aldri. Likar den innstillinga der. Inst inne har eg ein teori om at Jahn Teigen visste meir om det å vere handverkar enn mange andre:

« Og det er langt å gå

Det er lengselen som driver deg

Mot et lys som du kan se men ikke jeg»

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...