Med bibel og kjettingtalje
Herleg. No kriblar det i heile kroppen. Snart står omnen ferdig. Berre eit par små detaljar står att. Eller rettare sagt: Ein litt større detalj på 130 kilo: Døra. Her må det nok ein ekstra Libero til, eller kanskje ein Pampers Up and Go ?
Av og til kjenner ein seg liten og kraftlaus. Då er det eitt som hjelper: Bibelvers . Som handverkar søkjer eg av og til trøyst i 5. Mosebok, 14.kapittel, vers 29: ”, og Herren din Gud vil velsigna deg og alt arbeidet du gjer med hendene dine.”
Med andre ord: Ingen grunn til å hengje med nebbet. Eg finn fram kjettingtalja til min kjære broder saman med ein eingongsstropp av polsk fabrikat. Ein nokolunde kvistfri 4”x4” havnar over tre hanebjelkar. Tid for ei stille bøn før eg dreg i kjettingen. Døra lettar på seg. Eg prisar Jesus. Nett no er det stort å vere handverkstipendiat. Døra smett på plass, og det er same herlege lyden som når ei safedør går i lås.
Eg stemplar av med ein 2”x6” i golv og hanebjelke, tek eit kvart hallingkast i pur glede og finn fram sveiseapparatet. No skal hengslene på, og det med dekka elektrodar! Herleg. Ein I-bjelke i stål held hengslene i andre enden og bjelken har eg skrudd i ramma med seks M12 boltar. Dette bør halde.
Likevel, ei utfordring står att: Døra må liggje godt att mot brennrommet, her må det ikkje vere gliper der varmen slepp ut, elles vert det vanskeleg å halde på temperaturen. Hm. Her må eg nok slipe betongen på plass, men kor får eg tak i slipeskiver?
Kappeskiver for betong er lett å få tak i, men slipeskiver? Eg får hjelp frå uventa hald: Magnar, sjefen på den lokale SPAR-butikken, har ein slipekopp av smergelstein som han gjerne vil låne til meg. Supert! Eg går i gong, svertar kanten til brennrommet med olje og sot og slipar inn pasningen med vinkelsliparen.Det støvar så imponerande mykje at det knasar mellom tennene kvar gong eg opnar munnen. Fragment av Hey’di eldfast mørtel klistrar seg i ganen. Spanande smakar. Må tilstå at eg får medynk med ørkenvandrarar og kjenner det kunne vore godt med drikke. Når eg omsider er ferdig og røyken har lagt seg, skjer eg ut eit spor for glasfiberpakningen i døra. Pakningen kjem i, eg leskar strupen med First Price eplesaft og tek ein sigerrunde med støvsugaren. Jauvisst er det langfredag. Tøffe tak, men Sjefen er med meg. Det veit eg. Påskemorgon kjem snart, og også stunda då me skal teste ut omnen. No har mørtelen tørka i tre veker…