Heimehandverk
Det er i heimen det skjer. I dag lagar me munningsbeslag…
Klokka er kvart over fem om morgonen. Grågåsa som hekker i bukta nedanfor huset fyrte i gong med konserten sin for ein halvtime sidan, så eg har starta dagen med musikk. I tillegg har eg fått drive med litt grovplanleggjing under dyna i halvkomatøs tilstand, og det er bonus. I dag står det messing på timeplanen min, og eg stiltrar meg stilt på sokkeleisten nedover trappene mot verkstaden. Ungane har døypt staden for «man cave», og det kan eg godt forstå: No for tida er eg heimepappa om dagen og fungerar som ambulerande hjelpelærar, pendlande mellom 6.klasse og elektro VG1, alt etter kva rom eg er i huset og kven som ropar høgast. Tidleg om morgonen og seint på kvelden er eg holebuar: Då forskansar eg meg i verkstaden og får forsyningar ovanfrå med pulverkaffi og smørbrød. Det er god medisin. Og ute er det full vår: Bent Erik har sjølvsagt reist på oppdagingsferd eller «lovfesta avspasering med fokus på personleg utvikling i etterkant av amputert påskeferie» som han kallar det. Eg kallar det reking . Resultatet er i alle høve det same: Meir arbeid til meg. Og i dag er det tid for den siste store delen i messing: Munningsavslutninga. Denne delen ligg under løpet framme og vernar skjeftet mot støt og slag. Samstundes er det her pussestokken skal førast inn i front. Det er eit staseleg stykke messing, og her ser du eit bilete av originalen på museumsrifla i Tyskland:
Vanlegvis vart avslutninga laga av ei rund messingpipe og eit platestykke som vart lodda saman, men ikkje hjå Girardoni. Delen vart støypt som eit stykke. Heftige saker. Forma er komplisert og berre arbeidet med å lage trepluggen før støyping i sand er tidkrevjande. Kvifor gjorde Girardoni det når dei fleste andre valde ei enklare løysing? Dette har eg grublisert på ei stund og er komen fram til følgjande konklusjon: Fyren må ha fått eit godt tilbod av ein gjørtlar. Då ordren på tusen rifler kom inn, var det om å gjere å ha logistikken klar og delane på plass. Men gjørtlaren og formmakaren fekk ekstraarbeid. Eg også, ettersom eg ville gjere det på gamlemåten og difor måtte vere min eigen modellmakar og gjørtlar. Men – det ga resultat. Rett frå sanden ser utgangspunktet mitt noko røft ut. Nedløpet der messingen rann inn i sanden, ser du under til venstre:
Det kappa eg bort og fekk ein super messingaksling som eg kunne dreie andre ting av. Etterpå kunne eg spenne emnet mitt i filkloa og ta vekk støypeskøytar og liknande med fila:
Filkloa er rett og slett genial. Her kan eg halde emnet i ei finne eg hadde støypt inn i toppen av emnet og slik komme til på sida av beslaget:
Så kan eg bruke same finna, spenne opp loddrett i maskinskrustikka og bore gjennom den massive delen som skal bli eit røyr:
Etterpå brotsjar eg holet for å få det rundare og rettare:
No må eg dreie røyret utvendig, og då er finna i vegen. Altså, fram med baufil og bort med finne:
Ein lang bolt og ein mutter er då neste måte å spenne opp emnet på:
Etter formdreiing freser eg så inn eit spor for finna:
Så loddar eg finna på plass att med sylvlodd, her spenner eg delen opp att på bolten for å hindre varmespreiing:
Så kan eg gjere reint og file vidare:
Her nyttar eg ei trekantskrape for å leggje kantane. Ei godt slipt trekantskrape er gull verdt. Skrapa på biletet over laga eg av ei trekantfil som eg slipte på Tormekmaskina. Eggene vart då lett holslipte og ikkje varme slik dei kunne ha vortne på ei smergelskive. Sportstape på fingrane kan vere ein god ting, ettersom trekantskraper er kvasse.
Her er det ferdige beslaget. Det skal verte moro å felle inn denne biten, det vert den siste messingdelen i puslespelet vårt.
Eg kastar eit blikk på klokka. Jøss kor tida har gått! No er klokka snart halv sju om kvelden, men ute er det lyst som dagen. Oppe i stova er gjengen ferdig med lekser. No er det korpsøving. Ikkje på skulen, men heimefrå: Ein Bb kornett og eit euphonium spelar opp. «Mellom bakkar og berg utmed havet.» Eg vert ståande og lytte, litt stolt over ungdommane våre og tenkjer med meg sjølv medan eg ryddar verkstadbordet for filer, smergellerret og attgløymde skulebøker: Utan tvil, det vert 17.mai i år også….