logo

White Christmas

Publisert:
24.12.2019

Kvit jul?  Ikkje av det enklaste å få til på Vestlandet i femten grader pluss, men Bent Erik og eg gjev ikkje opp for det….

«Sprøtt, ikkje sant?»  Bent Erik nikkar. Han har gledd seg i vekevis til aketur og snømann. Men ute er det varmare enn det har vore på lengje. Skikkeleg vårstemning. Det er like før me kan ta på oss bermudashortsen og stupe i sjøen. Likevel, ikkje ferie heilt enno, for me har mykje føre oss i verkstaden:

Plata på motsett side av låseplata må meislast inn i låskassen. Den beste meiselen til dette bruket er ei gammal fil som vert slipt til på slipesteinen. To filer er det beste. Ei som er slipt etter langsida og ei som er slipt etter kortsida. Slik kan ein også nå inn i dei trongaste hjørna:

Etterpå er det tid for å kappe finna på toppen og file låskassen på form. Her kjem armfila til meister Borowsky godt med. Det ville vore mykje vanskelegare å spenne opp låskassen i fresemaskina og prøve å frese ei kurve. Armfila er dessutan så tung at ein ikkje treng bruke noko kraft på å presse fila ned. Ein ting eg har lurt på ofte: Kvifor vert det ikkje lagd slike filer no? Med ei slikt beist kan ein file ned store mengder material på kort tid. Armfila er eit genialt verkty og fungerar mest som ei lita fresemaskin: Ho har tenner på alle fire sider og er tjukkast på midten, såkalla «Fischbauchprofil» eller «fiskemageprofil», slik at ho kan slette alle humpar og i øvde hender kan lage ei perfekt plan overflate.  Ein annan genial ting med dette verktyet er at det kan kvessast opp att når tennene er utslitne Fila er så tjukk at eg kan raspe ned tennene og hogge nye før eg herdar fila på nytt. Dette var forresten eit eige yrke i Thüringen fram til for nokre tiår sidan. Og så er det miljøvenleg.  Filene av i dag er for det meste så tynne at me må kaste dei etter bruk.  Nei, pus, kva er det som har skjedd? Har me utvikla oss bakover, eller?

No er me komne så langt at me kan file låskassen på form. For å få det til, må han spennast opp i bakkant, slik at me får linjene i låskassen til å stemme med profilen på lufttanken og løpet. Løysinga er å finne ein aksling som me plandreiar og borar ut bak, før me dreiar ut siste biten og lagar innvendige gjenge som passar til bakenden på låskassen:

Bent Erik får ynskjet sitt oppfylt: Det vert kvit jul. Inne. Den store bakkskiva mi av polsk fabrikat får nemleg brått for seg at no er det nok:  Før eg får sagt «julekake» raskar ho til seg ein saftig dott med dreiespon og slengjer han rundt vangane som ei nisseluve.  Dotten nappar i same slengjen med seg stussen på slangen til kjølinga:  Litervis med kremfarga kjølevæske tilsett Krystal grønsåpe med furunålsduft sprutar til vêrs. Alt vert vått.  Det tek ei  stund før eg får tak i naudbrytaren på benken og stogga vaskeautomaten vår. Både stipendiaten og store delar av verkstaden er  dynka i mjølkefarga skjereemulsjon. Over spindelen  ser eg ei mørk, våt stripe ispedd små bitar dreiespon som viser at me ikkje berre har fått vaska gølvet i år, men at også taket har fått seg ein god skrubb:

Det tek ei stund å få rydda opp i alt sølet  som har gjort verkstadgolvet til ei skeisebane. Dreiespon er ikkje å spøke med. Glad er eg for at ikkje eg fekk kvasten om geipen då han roterte med firehundre omdreiningar i minuttet. Livsfarleg glatt er det også, men det luktar no jul, tenkjer eg, der eg står på kne på betonggolvet framfor vaskebøtta.  Det er då eg ser det: På himmelen utanfor,  ein stad over furutoppane i vest:  Eit sterkt, kvitt lys. Julestjerna. « Bent Erik, kom og sjå!» Ein augneblink vert me ståande begge to og myse opp mot den blanke stjerna på nattehimmelen medan angen frå kjølevæske og grønsåpe blandar seg med julemusikken frå radioen.  Det er så vakkert. Julestjerna lyser så klart og sterkt som ho aldri har gjort før.   Det er så stille. Fred på jord. Eg kjenner at eg kjem i ordentleg julestemning.  Litt lenger nede, inne mellom furugreinene,  lyser det svakt i  eit raudt lys. På andre sida kan me så vidt skimte noko grønt.  Kva er dette?  Julestjerna bevegar seg. Ei skipssirene bryt stilla.  No ser me det: Det er topplanterna på ein oljetankar som ligg der ute. Jaja.  Kjekt så lengje det varte, tenkjer eg medan stjerna vår tøffar seg sørover mot raffineriet på Mongstad.

Katten og eg ser på kvarandre:  «Me er ikkje  s å  langt frå Betlehem heller, er me det, Bent Erik?

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...