logo

Today, Tomorrow, Toyota...

Publisert:
05.12.2019

Livet er som kjent meir enn berre arbeid, litt slit høyrer også med. Såpass har eg skjønt. Dersom det er graut til middag i dag, så trur eg nokon må halde skeia og mate meg, for armane er så slakke at dei heng beint ned. Og kvifor? Jau, slik gjekk det til…

 

Det er måndag morgon og starten på ei ny og vidunderleg veke i livet til stipendiaten. Måndag morgon, då er det tid for handling: Eg kikkar på det eg fekk til i sist veke og er temmeleg nøgd med meg sjølv: Tenk, no har eg fått til skuvaren i magasinet og har til og med dreia magasinrøyr og laga lok med fjør. Loket filte eg ut av eit stykke skrapjern. Ein tiøring og ei underlagsskive passa godt som mal, så dei limte eg på toppen og saga og filte ut resten. Grei skuring.

Men fjøra inni er eit kapittel for seg: Ho er like stor som tiøringen og skal også fungere som låseknast for magasinet. Når eg ser attende på originalen i museet, ser eg at Bartholomeus og lærlingen hans, Franz Colli, har hatt sine problem:

Fjøra deira knakk. Det gjorde mi også, fyrste gongen:

Grunnen er enkel: Fjørarmen er svært kort. Skal armen svinge skikkeleg, må han ha akkurat rett tjukne og svinge likt i heile lengda.  Mellom altfor stiv og altfor mjuk ligg det om lag ein tiandedels millimeter. Korleis klarte Girardoni dette? Ein av grunnane kan vere at han måtte lage femten hundre stykk. Heldigvis må eg berre lage to.

Herdinga er også kritisk: Det er utruleg viktig at armen har den rette spensten. Er han for slakk, opnar magasinet seg og kulene fell ut. Er armen for hard, knekk han, magasinloket fell opp og kulene rullar ut på ny.  Bittesmå ting får ofte store utslag. Slaknar eller knekk denne fjøra, vert våpenet ubrukeleg i felt.

Det som tek tid, er å finjustere fjøra til den rette spensten er på plass. Til slutt er eg ferdig, og eg har varma henne opp tre gonger til blå farge for å vere sikker på at ho er avherda nok og ikkje knekk:

Og no skal eg til med den største fjøra i våpenet, nemleg den lange bladfjøra som ligg langsmed magasinet og skal halde skuvaren på plass:

Ho er mest ti tommar lang og emnet må vere over to tommar breitt. Hm. Så store emne har eg ikkje på lager. Min ven Jarle kjem som vanleg til unnsetning: Han har eit par bladfjører til ein gammal Toyota Hilux på lur. Kanskje dei kan brukast? Ja, kanskje det? Ikkje veit eg kva legering japanarane har i fjørstålet sitt, men eg er no nøydd til å varme det opp og ta herdinga ut av det før eg startar jobben, eller må eg det? Hm. No vert eg nyfiken. Eg prøver forsiktig med eit gammalt baufilblad. Ha! Det fungerar! Ein grandios tanke tek form inne i hovudet: Tenk om eg kunne kløyve fjøra på langs med baufil? Då hadde eg hatt emne til to fjører dersom den eine knakk. Kjempeidé! Dessutan ville eg ha hatt ei rett herda fjør med god spenst og rett krumming.Som sagt, så gjort: Eg grovkappar emnet med vinkelkuttaren, spenner opp i stikka og går i gong. Dei fyrste fem millimetrane går som ein draum. Herleg. Fantastisk… Tenk at no sparar du  hundrevis av kroner i freseverkty? Kvifor tenkte du  ikkje på dette før? Genialt.   «Alf, du er kjempesma…». Eg skal akkurat til å uttale ordet, men før eg er ferdig, så skjer det:  Gnikk! Bladet skjer ikkje lenger. Definitivt. Kva er dette?  Eg legg baufilbladet mitt under lupa. Det ser skikkeleg herja ut. Å nei og nei….

Kva gjer eg no?  Eg sender ein tanke til Toyota, og han er ikkje av dei varmaste. Skal eg bite i det sure eplet? Varme opp emnet og ta ut herdinga? Fuglane må vite om eg får herda det att, for legeringa er nok berre eit par innvidde i familien Toyota som kjenner. Nei, eg er no stipendiat, for svingande.  Og stipendiatar gjev aldri opp! Nemleg.

Åtte timar og tre baufilblad seinare er eg ikkje så sikker lenger. Eg har komme heile ti centimeter vidare. Kva er dette for eit stål? Det er ikkje knallhardt, det er berre forferdeleg seigt. Eigentleg ein fantastisk kvalitet for fjørstål, men katastrofalt for baufilblad, sjølv om dei er av beste sort. Det er då eg tenkjer på Fischer. Mekanikaren i Suhl på linja for «Maschinenbau», arbeidsnummer 6, som lagde den baufila eg no har i nevane.  Denne baufila fekk eg av faglæraren min på børsemakarlinja i Suhl,  børsemakarmeister Uwe Volk.  Eg hugsar godt då eg fekk henne: Volk sa ikkje stort, han smilte berre forsiktig og sa: «Lukke til.»  Tommelen til Fischer har slite eit djupt spor i handtaket, og det er ikkje utan grunn. Slikt forpliktar. Så skal me  gje opp i 2019 berre på grunn av eit lite stykke fjørstål?

To heile arbeidsdagar går. For at ikkje bladet skal klemme, slår eg kilar inn:

På morgonen, den tredje dagen, litt før klokka halv ni, kjem eg gjennom.  Ei litt uverkeleg kjensle er det likevel. No har eg to fantastiske emne som eg kan slipe til på Tormek-maskina.  Og det beste: Eg veit at fiberretninga i stålet følgjer kurven i fjøra, så sjansane for brot er mykje mindre. Er eg heldig no, så trynar eg ikkje i trappa opp frå verkstaden. Gjer eg det, vert det hakk i nasa. Ho er ikkje like seig som japansk fjørstål…

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...