logo

No livnar det i lundar

Publisert:
15.05.2020

ingen tvil om det...

Det er ein av dei morgonane eg aldri gløymer: Kona og eg vaknar av at me står i sengja. Ja, du las rett. Står i sengja. Ute er det eit helvetes spetakkel. Er det Bergensbanen som legg turen innom soverommet vårt? Alt eg ser i den grå skodda er skarpe lys og raude gneistar av noko svært som buldrar forbi ute på riksveg 570. Klokka er kvart over fire og det luktar av stål som er slege mot stein, nett som når du stikk nasa ned i ein gammal lighter. Er det Armageddon, kanskje? Etter det apostelen Johannes annonserte, trudde eg dette slaget skulle stå litt lengre sør, men kanskje eg tek feil? Det er i så fall ikkje fyrste gongen. Tryggaste strategien er uansett å få på seg ullsokkane og komme seg i kjellaren.

Nede i verkstaden får eg opp haspene på kjellarglaset og myser ut. Me skriv midten av mai månad, men ute er det full vinter og snøen bles vinkelrett inn på arbeidsbenken. Rhododendronen er snart heilt nedsnødd:

Aha, så det var snøplogen som fòr forbi? Det forklarar saka. Letta og glad kostar eg snøfloksene bort frå ullgensaren og fyller vasskokaren min. Pulverkaffien står klar. Dette kan faktisk verte ein bra dag, folkens. Supert vêr ute til å vere inne i, og me har tak over hovudet. Det er det jammen ikkje alle som har.

Denne veka har eg bala med små ting. Ting som tek tid. Og då er det lett å misse tolmodet. Årsrapport og avslutningsrapport står for døra, men børsa er enno ikkje ferdig. Eg kjenner at eg vert stressa, og eg skjøner meir og meir korleis salige Bartholomeus hadde det då sjefen for arsenalet i Wien spurde og grov etter kvifor trykklufttankane ikkje vart ferdige. Korleis kan vanlege menneske forstå slikt? Nei, eg slit med det sjølv. Med det å forstå. No har eg nemleg arbeidd med munningsbeslaget i snart ei veke, og det vert ikkje ferdig. Kvifor? Jau, eg skal prøve å vise deg grunnen:

Dette beistet er nemleg laga i eitt stykke. Heldigvis hadde eg teke meg tida, laga tremodell og støypt rakkaren ferdig i messing. Men det er ikkje ei vanleg kappe i tynn messing, det er eit massivt stykke som skal fellast ned i fortreet. Sidan det sit så langt nede og følgjer profilen til skjeftet frå underside til overside med snirklar og bogar, må kantane leggjast forsiktig innover slik at treet kan smyge seg tett inntil. Nett no kjenner eg meg bittelitt skuffa over Girardoni: Kvifor måtte han prøve å imponere Keisar Josef på akkurat denne måten? Gjere det så forb….. komplisert? Ei blykule på nesten tolv millimeter gjer like vondt når ho treffer utan slike finesser, eller?

 

Uansett, det er ingen grunn til å syte. Det driv ikkje prosjektet vidare. Her må det arbeidast. Lengje. Konsentrert. Alle kantane må leggjast innover, slik at utsida får ei skarp rand og eg kan ta av beslaget utan at det klemmer i stokken. Men korleis skal det sjå ut i treverket?  Hm. Eg opnar stille døra til soverommet. Minstejenta søv. Klok av skade sjekkar eg teppet for attgløymde legoklossar og halvferdige syprosjekt før eg snik meg stille inn på sokkeleisten. Eit minutt seinare er operasjonen over og eg står utanfor med byttet mitt: Eit stykke lilla modellkitt. Kven sa at det ikkje er vits i å stå opp grytidleg før ungane vaknar? Ikkje eg. 

Nede ved stikka dekkar eg messingbeslaget med eit tynt lag vaselin før eg pressar modellkittet nedi. Eureka!

 

Eg har eit avtrykk og noko å arbeide utifrå. Slik skal det sjå ut. Dessutan skal det vere i perfekt høgd med overkant på skjeftet og stå som ei forlengjing av kanalen til pussestokken utan å komme ut av kurs til korkje venstre eller høgre. Der er det ein knapp tidels millimeter å gå på og det er berre ein plass i heile skjeftet alle 16 radiane stemmer. Nei, 19 radiane, eg gløymde dei tre til  røyret for pussestokken.  O grøss.

No er det slik at me stipendiatar er omgivne av sjefar som forstår oss. For ein månad sidan bad eg pent om å få prøve ut den nye diamantskiva til Tormek, DC 250. Eg er ikkje betalt av Tormek for å seie dette her, men eg må det likevel: Denne slipeskiva er fantastisk: Ho vert ikkje sjåande ut som ein velbrukt brunost etter ein dag i verkstaden, må ikkje rettast av, er alltid plan og gjev eit heidundrandes godt resultat. Om ikkje det var nok, du kan også bruke sida av steinen til å slipe med. Då den fyrste oppfyringsmotoren kom i bruk her i kommunen, var det ein av fiskarane her som samanlikna motoriseringa med å få «besøk av Gud». Nett no kan eg godt forstå han. Sliping går raskt, effektivt og egga vert like kvass som om eg skulle ha brukt den japanske vasssteinen min:

Å skjere på tvers av veden går som ein leik. Den gamle fila som eg har bygd om til stemmejern vert styggkvass og gjer jobben:

 

Det gjer også skjølpene mine. Nett no er eg veldig glad over at eg lærte å slipe holjarna konisk. Å lage koniske radiar, utvendig og innvendig, går mykje enklare, og eg kan klare meg med to i staden for ti verkty:

Starten går greitt, men det er ingen kjapp veg mot målet. Tiendedel for tiendedel må bort til pasninga er perfekt. Det går ufatteleg med tid på så små ting. Men stemmer dei ikkje, vil rifla sjå ut som ei tannlaus heks:

Men no nærmar det seg, no er det berre ein liten millimeter att...

 

I morgon er det sundag og 17.mai. Det vert saker. Yr har sendt ut gult farevarsel og melder om store snømengder.  Heldigvis ligg vestlandsbunaden vår, termodressen, nystroken i skåpet. Gummistøvlane er nypussa og ullvottane klare. Instrumenta er klare og alle notane er sveisa inn i tjukk plast. Styret i korpset vårt har tenkt på fare for generell nedkjøling og har satsa på varm kakao i staden for is. Is, det er noko me har på vegen, det.  Me har broddar, me. Og no kjem våren. Det er god nok grunn til å rope hurra….

God 17.mai, folkens!

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

Illusjonar...

06.05.2020

…kan vere så mangt. Det er ikkje alltid ting er nett slik dei ser ut som.