Alf Helland

He is making a list,

Publisert: 16. des. 2019

 

….he is checking it twice,…

Og det er nett det me fryktar, både Bent Erik og eg. Kva gjer me no?

Bent Erik ligg oppe i pappkassen sin saman med kjelkane og ventar på snøen. Han har gledd seg i  vekevis til aketur, juletorsk og harde pakkar, men no er han vorten litt usikker. Eg også. Tenk om ikkje julenissen kjem til oss i år? Når me tenkjer etter, er det grunn til å vere noko uroleg. Postmannen har ikkje vågt seg nedom her sidan den gongen ei rundkule rikosjetterte og skrensa borti postkasssestativet her i haust. At den trykktanken eksploderte ute på tunet i februar gjorde heller ikkje saka betre.  Etter det eg veit, har eigedomsselskapet som planla nytt hyttefelt her nede seld så få tomtar at utbyggjingsplanane er skrinlagde. Trur ikkje det vert noko julekort frå den kanten i år, i alle fall.

Nabokatten, Carl Ivar, har me ikkje sett på lange tider heller. Ikkje etter at han prøvde å stikke av etter buffeten i matskåla di. «Ja, den gongen han sat fastklemt under gjerdet. Då du beit han i halen så veterinæren vurderte amputasjon. « Bent Erik ser brydd ned. Det er noko han ikkje vil snakke om. «Veit du at Carl Ivar fekk traume av det der? At han framleis går i terapi for det som skjedde?» Ingen kommentar.  Katten kryp litt lengre ned i pappkassen. Han håpar på at ikkje julenissen har fått nyss i sakene.

 

Men lat oss sjå på det positive: Sidan sist veke har me vore svært så flittige. Magasinfjøra har me smidd ferdig og filt ut. Bent Erik kom på ideen å lage ein konisk dor til å halde fjøra med, og det var genialt:

Min idé var å slå gjenge på den eine sida og skru innpå eit par mutrar, så kunne me også halde fjøra etterpå når ho skulle filast ut og regulerast for spenst:

Ei av dei største utfordringane var likevel å finne det eksakte senteret i pipa: Me måtte frese ut eit leie for kula i skuvaren, slik at  det ville  plassere kula eksakt i senter etter at  skuvaren hadde henta henne opp frå magasinrøyret. Men korleis markere dette senteret på skuvaren?

Løysinga var enkel, her nytta me eit triks eg lærte i Suhl:  Fyrst dreia me ein plugg i hardt tre som passa perfekt i løpet: 

Denne pluggen forsynte me med eit stykke i messing som me gjenga i bakkant og limte inn i sjølve pluggen. Framme bora me eit lite hol ørlite utanfor senter. I holet limte me inn ein knekt spiralbor i HSS som me etterpå slipte til.

Så var det berre å skru pluggen på pussestokken og føre pussestokken inn i munningen.

 

 

 

 

Ved å rotere pussestokken kunne me då risse ein bitteliten sirkel i front av skuvaren som sa oss kor det eigentlege senteret for kammeret måtte vere. Hjelpeverktyet fungerte altså  som ein liten passar.

 

Så vart ringen kjørna, forbort og frest ut til rett djupne:

Til sist var det tid for å finjustere pasninga til skuvaren i det firkanta holet med eit fint bryne og fjerne alle grader og skarpe kantar:

 

 

 

Det minste røyret vart sølvlodda på magasinrøyret. Dette vesle røyret inneheld ein aksling som held loket på plass i framkant. Så lodda me magasinrøyret på løpet med reint tinn. Sølvlodd var her utelukka, ettersom det ville ført til at me måtte varme løpet så mykje opp at det kunne ta skade innvendig.

 

Fjøra vart varma opp til 280 grader Celsius i gassomnen og avherda såpass at me var sikre på at ho ikkje ville knekke. Så vart alt montert og testa. Skuvaren hentar no kulene frå røyret perfekt med eit lite vipp med tommelen. Knasten i forkant kan pressast fram og til sides. Då legg loket seg til sides og magasinet kan fyllast:

«Bent Erik! Kva seier du? Har me ikkje vore flinke? Har me ikkje fortent å få julenissen på besøk?»

Bent Erik ser framleis litt uroleg ut. Ute ausar regnet ned og vinden ular i glaskarmen. Radioen  melder om stengde vegar, fare for ras og vind på over tredve sekundmeter. Ikkje akkurat sledeføre her vest.

«Hugs, Bent Erik: «He's gonna find out who's naughty or nice.» Kanskje du skulle skrive eit julekort til Carl Ivar og ynskje han god betring, om ikkje anna? Det er framleis ei veke att til julaftan, veit du…»

Utforsk bloggen