logo

Grosse Scheisse

Publisert:
21.11.2019

Åndelege kriser, det er meir enn teori, det….

Frå radioen er det lite trøyst å få: P1 har eit fyldig innslag om faren for blodkreft, på P1+ spelar dei DDE og «Det går likar no» , medan P2 stiller det høgaktuelle spørsmålet om det er best å bli kremert eller å bli gravlagt på tradisjonelt vis. Yr melder om regnbyger og kraftlaget har nett sendt oss ein sms om at dei kjem til å kutte straumen ein dags tid for å halde linjenettet ved like. Glimrande. Men, som Bent Erik alltid seier, det er berre i motvind at dragen lettar.  Han peikar på at me har vedomn, primus, parafinlampe, batterilykt og fil. Og nok Whiskas. 

Enig. Ingen grunn til å gje opp. Hadde Girardoni elektrisk straum, kanskje? Det tek me ein high five på begge to og set i gong.

Altså: Korleis fekk Girardoni det til å lage eit perfekt firkanta hol midt i løpet?  Hm. Godt spørsmål. I mellomtida ser eg at Bent Erik er ferdig med frukosten og no i gong med å grave eit hol ute i rosebedet, slik han plar gjere kvar morgon ved disse tider. Det er så fint å grave der. Ein idé slår brått ned i meg: «Bent Erik, du har rett!» Bent Erik let seg ikkje distrahere, han knip begge augo saman i pur lukke medan halen står beint ut og dirrar i haustlufta.  Eg dirrar litt av glede eg også, for no har eg funne det ut:   Ettersom vårt norditalienske forbilde Bartholomeus Girardoni ikkje hadde fresemaskin, må han ha bora ut det grøvste i midten og skava ut resten med ei presse, ikkje sant? Pressa det ut? Skruepressa var flittig i bruk allereie på Gutenberg sine tider, og eg kan bruke spindelen på fresemaskina, det er presse god nok i massevis, det. Og skundar eg meg no, så klarar eg å bore holet før kraftlaget kuttar straumen. Nemleg.

Som sagt, så gjort:

Eg rissar opp firkanten og set i gong med å rette opp emnet i fresemaskina, merkje og bore:

Så kjem neste steg: Skave ut sidene. Her trengst det eit verkty. Korleis ser det ut? Eg finn eit gammalt dreiestål i HSS som eg slipar til. Det er tjukkast på enden, slik at det oppstår ein frivinkel og verktyet kan skjere fritt opp og ned. Eggvinkelen er generøs slik at verktyet tåler ein støyt:

Så er det å spenne opp og gnage i veg, hundredel for hundredel, til veggene er plane og hjørna rette:

Det artige er at sjølv kor kvasst eg sliper verktyet, er det uråd å få flatene heilt plane, ettersom det vil fjøre litt og lage ei konveks flate inni, ein såkalla «mage». Men ingen likar mage, og slett ikkje her. Løysinga vert å spenne ut, finne fram hovudlykta og file ut innsida. Bent Erik synest me bør leggje att ei glad melding på telefonsvararen medan me enno er i stand til det. Han meiner at eg har fått eit litt  «følsomt sinn» og er litt engsteleg for konsekvensane dersom det skulle ringje ein kunde som får høyre stemma til ein rottweiler med tom matskål. God idé, tenkjer eg, og lurer på om eg skal skifte teksten på skiltet på døra i same slengen.  Kanskje me skal byte ut ordet «stengt» med noko som er lettare å forstå? Kanskje «Fuck off»? Gjerne i store bokstavar? Med tre utropsteikn etter? No har det nemleg vist seg at hjørna er imot meg. Ikkje ute ved kanten, men inni. Der det er så vanskeleg å komme til. Løysinga vert å bruke eit stemmejern og lupe for å lage ein 90 graders vinkel:

Det er ørsmå sponar som skal ut, men dersom dei er i vegen, kan dei lure meg.  I vanvare kan eg file av sidene på skuvaren når det er hjørna som klemmer, og då er løpet kjørt.

Endeleg! No er eg komen så langt at eg kan prøve skuvaren. Herleg! Fantastisk! Eg gnir meg i nevane av rein fryd,  dette har me fortent: Yes! Og skuvaren går i. Trongt. Perfekt. Nydeleg. Herleg. Supert. Å, dette er flott.   Stemninga stig. Katten mel som ei kvern, sola kikkar fram og livet kjennest lett å leve. Kjenner meg litt stolt over eige arbeid og gjev sveitsarfila mi ein klem. Alf, du er fantastisk. Du får det til!

Eg har akkurat uttalt ordet «til», då kjenner eg at noko klemmer: Skuvaren sit fast. Å nei og nei. Sola er i ferd med å gå bak ein sky og P2 skal til med eit lengre innslag om å leve med alzheimers når ein er under førti. Dette er ikkje Vår Herre sitt verk, definitivt ikkje, tenkjer eg, og ser mot siste utveg: Nynorsk Salmebok står i hylla, og eg blar med skjelvande hand fram til salme 304: «Når eg rett på verdi ser, tenkjer på dei farne tider, Kva som brast og kva som ber, Og kva von er att um sider…..»

Nei. Ikkje kul. Svinet sit fast. Dørgande fast. Eg prøver forsiktig med ein liten pennhammar. Ingen resultat. Så større hammar. Ingen resultat. Smihammar? Mmm, nei. Då bøyer eg sikkert løpet og vert klar for indre eksil eller spontan haustferie på Valen Sjukehus, klinikk for psykisk helsevern. Heller sage av og slå ut den gjenstridige firkanten med ein dor. Men slaget er tapt. Definitivt. Det som for få sekund sidan var ein lysande siger, eit triumftog for bruken av tradisjonelle verkty i handverkskunsten, er for evig knust, traska sønder og saman. Historie. Gone and away. Som eit ørlite punkt på tapeten skrubba vekk i æva.  Med Jif. Og grunnen? Ei bittelita stålflis kom på den unike idéen å knekke seg laus frå innsida av kanten i løpet, falle ned, snu seg andre vegen og kome i klem mellom løpsvegg og skuvar.  Heilt eineståande:  Eit herleg skavespor har merkt skuvaren og gjort han ubrukeleg. Også løpsveggen som eg har brukt timar på å rette opp med sveitsarfil og arkansasbryne  er skamfare innvendig. O ulukke. O katastrofe. O usæle lagnad.

 

Bent Erik, kva gjer eg no? Katten ser opp på meg med eit blikk fylt av medkjensle. No er det vel berre eitt å gjere, eg kjenner det allereie på meg: Ta seg ein tur ut i hagen. Grave litt i rosebedet. Setje seg ned, knipe att augo og la det stå til.  Grosse Scheisse….

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...