logo

From the Ashes of Disaster

Publisert:
23.11.2019

....Grow the Roses of Success….

Når du er skikkeleg langt nede, då kan det berre gå ein veg, ikkje sant? Oppover!

Klokka er halv seks om morgonen. Eg finn vegen ned trappa mot verkstaden. Det knest i omnen av tørre grankvistar. Gule flammar slår opp og kunngjer at ein ny dag har starta. Godt er det. Gårsdagen var ein katastrofe: Over ei veke med arbeid gjekk rett i vasken berre på grunn av ei mikroskopisk stålflis. Kanskje eg burde skifte yrke? Gå over i ei stilling som assisterande seniorrådgjevar i offentleg sektor? Starte dagen litt før ti i varm kontorstol med designarbrille, hipsterbart, kaffe latte og croissant? La bleike, kvite fingrar gli over ein touchpad frå Apple og svare på ein mail frå september i fjor medan eg planlegg neste ferietur til Cuba før lunsjmøte på grupperom med laksesnittar og bløtekake?

Nei. Alf, nei. Det vil vere eit svik mot standet. Ærlege handverkarar gjer ikkje slikt. Dei drikk  pulverkaffi  frå refillpose og held blyantstumpen med såre, sprukne arbeidshender. Dei sit ikkje, dei står. Og så planlegg dei ikkje ferie. Dei planlegg neste arbeidsveke.

Nemleg. Og no er det på tide å få skuta på rett kjøl her: Fyrst må skaden innvendig i løpet utbetrast. Eg tek først som sist og spenner opp pipa i dreiebenken, klokkar henne inn med måleuret og lagar kammer for rundkula, slik at overflata innvendig er perfekt og kula får eit maksimalt godt leie. Til denne jobben nyttar eg ein pinnefres med kuleform i front, ein radiusfres Ø12.

Så må overflata innvendig filast, brynast og leppast for å få ei perfekt anleggsflate. Alle hjørne må kontrollerast og utbetrast, vinklar må sjekkast med eggvinkel, lupe og godt motlys.

For å kontrollere at eg er i mål, set eg saman ein kombinasjon av passbitar. Desse passbitane er slipne med  toleranse på litt under 1/1000dels mm. Eg noterar meg målet og set dette som ei ramme for det målet skuvaren seinare skal få.

No har heldigvis kraftlaget gitt oss straumen attende att. Eigentleg har me mykje å vere glad for, ikkje sant, Bent-Erik?  Difor kan me bort til den over sytti år gamle universalfresemaskina og grovfrese skuvaren til ein halv millimeter over mål før me går i gong med filinga. Girardoni hadde nok ikkje passbitar, men han hadde nok ein mal han hadde filt, herda, slipt og brynt slik at han hadde ein referanse å gå etter. Og noko han heilt sikkert hadde, var egglinjal:

Egglinjalen er eit fantastisk måleverkty: Han har ei tjukk overside og ei underside som endar i noko som liknar på ei knivsegg. Dersom ein held egga mot ei heilt plan flate vil det ikkje kome lys gjennom. Ujamne parti på over ein tusendels millimeter er såleis lette å få auge på.

Egglinjalen vert også mi hjelp og støtte når eg famlar meg fram mot rett mål som er 13,52 mm i tjukna og 14,41 i høgda. Det seier i alle fall passbitane mine frå Carl Zeiss i Jena.Heile tida må eg passe på at alle vinklar er heilt rette, heile vegen. Dette går seint. Alvorleg seint. Er eg så treg, eller?  Eg får så lyst til å strekkje meg etter den aller minste pennhammaren og gje skuvaren eit ørlite press ekstra, men Bent Erik har skarpe klør og passar på om eg skulle falle i freisting. Bartholomeus, kvifor gjorde du dette? Hadde du hatt planslipemaskin og firkantbrotsj  der nede i Penzinger Strasse i Wien kunne eg forstå deg, men dette her…. No kjenner eg at eg sveittar. Det er mindre enn ein halv hundredel att før eg er i mål. Mikrometeret klarar ikkje å tolke dei siste tusendelane, no må eg berre kikke etter blanke klemmerke utan å ripe skuvaren. Fram med det ultrafine keramiske brynet frå amerikanske Spyderco og slette den siste humpen.  Pusse reint for nihundreogåttiande gong. Ha på den tynnaste olja eg har. No er det godt å vere medlem i korpset, eg har eit supermiddel på lur,   nemleg ventilolje til tubaen. Det er tynn olje, det. Og no skjer det noko magisk, noko som gjer at eg vert glad langt inn i sjela:  Skuvaren glir inn og ut på lag som ei japansk papirdør. Eg kjenner meg nesten som midt inne i ein fiolinkonsert av Vivaldi. Svever berre rundt på det grøne teppet i verkstaden og synest livet er herleg. O lukkerus!

Er me i mål, Bent Erik? Orda til min syttiseks år gamle børsemakarkollega i Suhl, Horst Knopf, kling enno i øyro mine frå siste turen min til Suhl: «Bruk vatn, det gjorde me for å sjekke om pasninga var god nok. Er det vasstett er det godkjent.» Eg følgjer Horst sitt råd, fyller  på med vatn og ser : Det vert ståande. Eg pressar skuvaren frå høgre mot venstre og mot venstre mot høgre. Det er tett! Ingen lekkasje!

Den gleda me kjenner på no, Bent Erik og eg, kan ikkje skildrast med ord. Men det er stort, det veit me.  Skikkeleg stort.

«Bent Erik, er du klar over kva me har gjort? Du og eg? I kveld vert det kakao. Og film. Det har me fortent!»

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...