Alf Helland

Den dagen mannen min forsvann

Publisert: 13. sep. 2020

I dag er det kona til børsemakaren som har ordet:

«Er ikkje det ein god idé? Lag ei vindrifle, det har ingen gjort sidan….» Og dermed var idéen eit faktum. Det var den dagen Alf forsvann. Han gjekk i eksil. Rettnok berre ein etasje lengre ned, i kjellaren, men etter denne dagen vart alt annleis.

Før hadde eg ein ektemann. No hadde eg berre skalet av ein ektemann. Alle tankane hans, alle kjenslene hans, all merksemda hans var no retta mot ein stad, mot PROSJEKTET. Viss eg hadde visst at eg berre kunne snakke til mannen min ved kjøkkenbordet eller at eg kvar morgon kvart over seks vart overrumpla med fagspråk, eller at «ferien» skulle nyttast i diverse isenkramforretningar på jakt etter verkty og material til vindriflebyggjing ville eg tenkt nøye etter ein gong til og sagt: «Nei, skatt, bygg berre ei klassisk tysk dobbeltrifle slik dei gjer det i Suhl, saman med ein fin koffert. « Men nei, det ville jo ikkje vore noko utfordring. Det ville ha vore for enkelt.

Kor ofte har han ikkje sett opp på meg med store, blå hundeaugo og spurt meg: «Trur du at eg klarar det?» Minst 1095 gongar. Kvar dag. Okei, eg overdriv. Annankvar dag. Og eg var overtydd om at han klarar det, for min forrykte børsemakarmann er STA. Når han har sett seg noko i hovudet, klarar han det. Eg tippar at det har med WD 40 å gjere. Det smørjer både ledd og sta hovud.

Innerst inne har eg stor respekt for det som han har gjort. Eg ville for lengst ha kasta inn handkleet. Kven prøver no å støype ein låskasse i messing tjue gonger eller bry seg hundre gonger om poreproblem i ein skinnpakning som er ein centimeter stor? Kven skyt trykklufttankar gjennom lufta? Kven trekkjer djupt pusten og tel til ti når den nitti år gamle faren kjem inn i verkstaden og støttar seg på måleuret for ikkje å miste balansen?

Ein må vere eit sinnsjukt og entusiastisk menneske for å klare å halde ut noko slikt. Han har grave seg ned bak tjukke bøker, i papir, olje, tre-og metallspon. Det var tårer, sveitte og blod, sundslegne fingrar og negler, ei kule rikosjetterte og trefte han i kronjuvelane før han fekk fotbadet sitt om kvelden.

Han kom attende den dagen ei lita blykule kom ut av løpet på rifla og med 40 bar slo inn i eit stykke tre, ein planke i hagen. Innslaget var på 1 cm.

Ein må vere galen for å ha dette som mål for tre år med arbeid, eller? Ja, eg kunne snakke med han og han klarte også å snakke om mangt og mykje. Til og med mandolinen tok han fram på ny.

Resultatet: Eit fantastisk stykke arbeid! 100 grå hår til i skallen.Nye venar og kollegaer. Og ikke minst ei stolt kone som gler seg til snart å sjå ein ivrig, forrykt børsemakar som har mange planar. Han vil skrive bok, gå i kjellaren og grise seg til med olje og av og til komme opp i stova for å tilbringe ein hyggeleg kveld saman med familien på sofaen, «Mount Couch». For oppe på toppen av Mount Couch ser forrykte idéar dagens lys. Slik er det hjå oss.

 

Anke, trøytt, men glad kone

Utforsk bloggen