Hege Iren Wiken

 Verktøyskrin. Foto: Arne Fykse

Verkty til fletting

Publisert: 10. mai 2021

Litt meir om verktøy. Denne gong spesielt retta mot fletting. 
Kniven og hendene er fortsatt dei viktigaste verktøya som vert brukt til splitting og fletting. Men undervegs i flettinga er det nokre fleire verktøy som kan vere gode å ha for hånden. 
Her skal eg vise litt fleire prosesser der forskjellige verktøy kan vere kjekke å ha. 

Botnen på ein aktarkorg. Syver brukte ein liten hammer for å justere flatgjølene så det vart rett avstand mellom dei. Foto: Norsk Handverksinsitutt

Når ein skal klemme flettematerialene ihop kan det vere godt med ein liten hammer eller eit bankejern. På forrige bilete settes formen på botnen, den må vere nokonlunde firkanta og rett størrelse. Då er det viktig at kvar flatgjøl (som dei kalles i Vågå) ligg på rett stad. 

Undervegs i flettinga er det viktig å få stramma og banka ihop fletter, då den krymper når den tørker. Eg brukar gjerne eit bankejern til det. 

Her er korga godt på veg, og eg brukar bankejernet til å slå banda tettare, slik at korga vert fast og fin, utan opninger i fletten. Ein ser og ei sprayflaske på golvet, den er fylt med vatn og eg sprayer korga jamnleg for å halde materiala fuktig mens eg fletter. 

Når ein fletter med splitta materiale må ein oftast tilpasse kvart band slik at det passer til det forrige. Enden må tynnes der det skal liggje dobbelt, det må klippes i rett lengde og av og te smalnast for å passe i korga. Saks og kniv er nødvendig å ha tilgjengelig

 

Medan ein fletter og når ein skal smette eit band imellom for å feste det - er ei syl og ein tang got å ha. Foto: Norsk Handverksinsitutt

 

Nokre gonger er ein mal nødvendig for å kunne få rette forma på korga. Her fletter Samson åleteine på ein mal. 

 

Spilene til kipene lagast ofte av tørt materiale, då er det greit å bruke høvel til å smalne dei nederst og rundt hjørnene. 

 

Her skjærer Syver til flatgjølene og spisar dei så dei kan bøyes og presses ned i kanten. Foto: Norsk Handverksinstitutt

 

Føtter kan og fungere som festeverktøy. Foto: Arne Fykse

Medan ein fletter ei korg er det nødvendig å "låse" den i forskjellige stillingar. Her er oftast knær og føter dei beste hjelpemidla, då ein er nødt til å snu og vende på korga titt og ofte. I nokre tilfeller, som når ein skal flette sponkorger, kan det vere hendig å spikre eller skru fast korga i ein plank for å gjere flettinga enklere.

Dette var eit lite innblikk i dei vanligste verktøya eg bruker, men her er ganske stor forskjell frå makar til makar. Forskjellige utgangspunkt og preferansar gjer at ein velger forskjellige verktøy og der finnes ingen fasit på kva som er best, kvar enkelt må finne ut kva som fungerer best. 

 

Utforsk bloggen