Hege Iren Wiken

 Korgmakerverktøy. Foto: Arne Fykse

Verktøy til splitting

Publisert: 4. mars 2021

No har eg til hensikt å fortelle litt om verktøy eg bruker i arbeidet med å splitte materiale til korger. 

Etter mitt syn er mitt aller viktigste verktøy hendene. Men kan dei defineres som verktøy? 
Store norske leksikons definisjon synes eg passer godt: Verktøy er redskaper som brukes ved fremstilling av et arbeidsstykke.
Men videre heiter det at verktøy oftast er skjærende verktøy. Andre typer verktøy brukast til å halde fast arbeidsstykket, kan då føter og knær defineres som verktøy? 

Anten kroppen kan defineres som verktøy eller ikkje, så er det få, enkle verktøy som kreves for å splitte materiale til korger. Når ein stort sett jobbar med pinnar som er på tykkelse med tommeltotten er det kniven som er det nyttigste verktøyet. 
Grovt sett kan ein sei at ein treng ein liten sag, øks eller saks for å hauste materiale, og kniv for splitting og smiing/spikking.  

 

Som sagt er korgmakarens viktigaste verktøy er hendene. Ein fletter, bøyer, justerer, kjenner, vurderer styrke, lirker, drar, vrir og mykje meir når ein fletter ei korg. Hendene brukes til å flette og forme, mens knær og føtter og ellers resten av kroppen hjelper til med å halde fast og legge tyngde på rette stader. 

Hendene er korgmakarens viktigste verktøy. Foto: Norsk Handverksinstitutt

Splittinga er den røde tråden i alle korgene eg jobber med som stipendiat, og måten ein utvinner materialet for å gjere det klart til å flette med. Flettematerialet må deles og smis/spikkes tynt nok til å verte føyeleg og smidig så det toler mykje bøy og tøy under flettinga.

Når ein skal splitte treng ein kniven for å lage hakket og komme gang med splittinga, men styringa må skje med hendene. Pinnene holdes fast under armen eller mellom knærne og det er viktig å styre slik at ikke splitten skeiner ut i ein retning. 

Samson splitter selje. Foto: Arne Fykse

Lauvtrea har meir eller mindre marg som er sprø og lite bøyelig, den må smis bort før ein kan dele ein gong te. 
Når eg skal smi bort margen likar eg å bruke ein tohandshøvel eller "bokskøys", spokeshave (kjært barn har mange navn). Det sparer neven å kunne bruke to hender på det, og er ein grei måte å få skava bort margen spesielt når det er mykje av den. 

Her har Samson festa halvkløyvingen i ein "høvelplank" og bruker ein tohandshøvel til å smi bort margen før pinnen skal deles på nytt.

Under følger følger fleire bilete av splitting av forskjellige materialer, på forskjellige stadier med forskjellige hender. 

Splitting av selje. "Du kan splitte``n så tynt som pappir" sa Arne Jensen som var med på vedmeis prosjekt hjå Norsk Handverksinstitutt på 90-talet. Foto: Arne Fykse

 

Kniven er tilgjengelig for hjelp der hendene trenger det. Foto: Norsk Handverksinstitutt

 

Samson splitter hatl. Foto: Arne Fykse

 

Selje som allerede er splitta fleire gonger, splittes igjen for å lage tynne, smidige band til å flette med. Foto: Norsk Handverksinstitutt

 

Splitting av selje. Her er pinnen allerede delt i to, margen er smidd bort, og halvdelen deles på nytt. Foto: Arne Fykse

 

Korgmakarens viktigste verktøy er hendene og kroppen. Her ser ein Syver Horten frå Skårvangen som bruker heile kroppen for å splitte ein vier. Foto: Norsk Handverksinstitutt

Når ein har delt ein pinne, må ein glatte og jamne den, det vil alltid verte noko ujamn tjukknad når ein deler. Dette kaller eg å smi band. Då held ein kniven i ro på kneet, mens ein drar materiale gjennom. Kniven fungerer då på eit vis som ein høvel og ein justerer vinkelen ein held kniven i for å smi bort så mykje ein ynskjer. 

Samson smir band av hatl. Foto: Arne Fykse

 

Her jamnes bandet på kneet. Kniven holdes i ro, mens emnet dras igjennom. Foto: Norsk Handverksinstitutt

Nokon gonger kan utradisjonelle verktøy fungere godt. Tapetkniven har tynt blad og er god å bruke når ein smir banda jamne. 
Men kva kniv ein nytter er oftast ein smakssak og ein vanesak, her er nok like mange meininger som det er folk som brukar kniv. 

Tapetkniv kan vere eit hendig verktøy 

Ein anna måte å splitte på, er å ta ut band frå utsida av pinnen, istadenfor å dele den i to. Då kan ein bruke ein splittebenk som på bildet under. Ofte er dette gjort ved å bøye pinnen over kneet, men det kan røyne på kneet i lengden. 
Ein skjærer eit lite hakk - så djupt som ein ynskjer bandet skal vera tjukt, i pinnen og bøyer den hardt over kanten på benken slik at bandet løsner. Ved å bruke ein slik benk kan ein knekke ut fleire band og nytte tjukkare pinner enn om ein skulle bruke kneet. 
På same måte som når ein splitter etter margen, må ein også her jamne banda med kniven på kneet før dei kan splittes på nytt, og før dei kan brukes til å flette med. 
Denne måten er spesielt fin til å få ut heilt tynne og veldig smidige band som kan brukes til å surre kant for eksempel på vedmeis og snik. 

Splittebenk for å splitte band. Foto: Arne Fykse

 

Verktøy for å hauste 

Under er bilete av verktøya Syver Horten brukte når han alaga aktarkorger, og eit bilde av mine verktøy. Eg kjem inn på fleire av verktøya i neste blogg om verktøy til fletting av korger 

Syver Hortens verktøy. Foto: Norsk Handverksinstitutt

 

Noko av korgmakarens verktøy. Foto: Arne Fykse

 

 

 

Utforsk bloggen