Hege Iren Wiken

Kiper og lindebast i Hjelmeland

Publisert: 30. sep. 2020

Studietur til Hjelmeland og Vigatunet førte med seg ein ny tråd å følge og to flotte kurver til hjemlån. 

Studietur til Hjelmeland for å undersøke kiper på Vigatunet og i ein privat samling vart mulig når Samson skulle halde kurs i å lage lindebasttau og eg fekk henge på som "hjelpelærer". 

Grunneigaren som eig linda som vart hausta til bast, hadde ei privat samling/museum som me fekk sjå. Der hadde han ein spennende og litt annleis kipe enn ka me er van med frå Hordaland. 

Kipe, sansynligvis laga i selje. Eigar: Per Bergøy

Denne kipa er ikke laga til å bere noko tungt, då den ikkje har verken handtak eller forsterking under. Kanskje den vart laga til oppbevaring av ull eller garn? Spilene er veldig tynne og brede i forhold til mange av kipene eg har sett i Hordaland. Og formen svinger kraftig inn mot toppen. Truleg er den laga i selje. 

Det fremste målet med turen var omvisning på Vigatunet. Der hadde eg funne nokre korger på Digitalt museum som eg ynskte å studere nermare. Vigatunet er eit tun med spennende historie og har blant anna ein stor frukthage med gamle sorter. Takket være ein fleksibel og kunnskapsrik omvisar fekk me ein interessant tur til Vigatunet. 

Kipe laga i brakje. Vigatunet

Denne kipa var ein anna enn den eg fann på digitalt museum, spiler og flett laga i brakje,
men med same form som kipa til Per Bergøy. 

Handtak på kipe. Vigatunet

Dei hadde to ganske like kiper, begge med spiler og flett av brakje. Den eine hadde kant laga av brakje, mens den andre såg ut til å være laga i forskjellige treslag, blant anna lind. Dette var store kraftige kiper, med mothaker og kiler som forsterking under botnen og i kanten, sansynligvis brukt til å bære ved eller andre tunge ting. Desse likna meir på kipene me kjenner fra før på form, og hadde handtak og kant. 

Kipa laga i brakje. Kant og handtak i lind. Vigatunet

På desse kipene er stakene laga i brakje og ser ut til å vare splitta av grovere kvist. 

Vedkipe på Vigatunet, Hjelmeland

Ein av deltakarane på kurset tok på seg korgbriller og gjekk ein tur i løe og uthus når han kom heim. Det siste seg han hadde fleire flotte kurver på garden, blandt anna eit kolfat! Det fekk me låne heim for å studere nærare og kopiere. Han hadde og ei kipe i same innsvingte form som nokre av dei andre me har sett her. 

Ein av deltakarane, Robert Kvalvåg, tok på seg korgbriller og sjekka låve og uthus - han fann mykje interessant!

Kurs viser seg å vere veldig nyttig måte å samle informasjon på, då ein kjem i kontakt med andre folk og kan nytte deira lokalkunnskap. Ein av deltakarane på kurset kunne gje oss informasjon om ein gard i Hamrabø i Suldal som han visste hadde kunnskap om lindebast, og kanskje kan ha nokre interessante korger? 

Me fulgte og tipset me hadde fått og stoppa på Nesflaten. Der fann me dei rette folka, som hadde familie på garden Havrevoll i Hamrabø. Me fekk sjå film frå 40talet av bestefaren og faren som vevde band av lindebast og demonstrerte bruken. Neste tur får me avtale møte på garden og sjå kva spennende korger der finnes og lære å veve med lindebast! 

Fin farge på lindebast

Flotte farger på basta frå Hjelmeland! 

Deltakere med ferdige tau og tråd på lindebastkurs

Fornøgd gjeng med ferdig tråd og tau av lindebast 

Me fekk låne ei stor sendingskorg som me skal studere nærare og kopiere

Enno ei fin korg skulle få bli med heim. Ein ganske spesiell og stor sendingskorg som eg vil prøve å finne ut kva den er fletta med og kopiere. 

 

Utforsk bloggen