logo

Mål og meining 2

Publisert:
20.10.2018

No er eg snart klar til å komme ordentlig igang med å måle opp båtar. Første test av måleskissene mine. Føles bra!

Eg har brukt noko tid på å prøve å finne ut kva plassar det er mest fornuftig å ta mål i båtane. Dette har eg brukt meir tid på enn eg på førehand såg for meg, og arbeidet har sett igang ein del gøye spørsmål i toppetasjen. Fiskar og båtbyggar Nils Olav Solbakken si korte kommentar " Hold det enkelt", har vært til stor hjelp. Det er lett å gå seg vill i forvansklingar her trur eg.  Eg har kome fram til at eg treng to forskjellige "skjema" å teikne inn måla i. Eit litt omfattande og eit som er svært forenkla. 

Her i dette gamle naustet i Os ligg ein flott seksæring som er bygd før 1880. Den er bygd med handsmidd saum og har vært rigga med råsegl. Eg har berre så vidt sett denne båten ein gong før, og synest det er eit fint objekt til å prøve ut måleskissene/ skjemaene mine på. Det er også ein båt som bør dokumenterast.

Eg laga meg litt komfort med ei tilje over ein færing som også står i naustet, slik får eg eit slags teiknebord. 

Lystilhøva er ikkje dei beste. eg jobbar med ei sterk hovudlykt på meg, den gir godt lys, men også sterke skugger. Eg trur eg må kjøpe meg nokre batteridrivne lykter, dei kan eg henge opp litt rundt omkring når eg måler opp båtar i gamle, straumlause naust.

Det er ikkje noko tilfar igjen som høyrer til denne båten, men ein og ein halv keip ligg laust i båten. Desse har stått i bakrommet og begge har slitemerke etter snøre/ tau. Det er også nokre spor etter råseglriggen i båten.  

Se også

Innved, festemidlar og arbeidsprosess.

26.03.2021

Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.

Tanker kring den mystiske alnastaven.

15.03.2021

Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.

klinkeverktøy og klinking

01.03.2021

Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen.  Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.

Overbøre.

17.01.2021

Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.

Trenaglar

14.01.2021

Teknikk ved nagling, produksjon av naglane, materiale, dimensjonar, bruksområd