logo

Får vi skogavær i år ?

Publisert:
07.01.2019

No er eit nytt år starta og det nærmar seg tid for skogsarbeid. Det gjekk med fleire dagar i 2018 for å leite fram skog med rett kvalitet og tre som er modne. Men no er trea blinka og det er berre å vente og håpe på godt skogavær. Vi treng god frost for å få ut nokre av trea, og hittil denne vinteren har vi for det meste hatt temperaturar rundt 0 til +6-7 grader.

Det er det same nestan kvar vinter her på hordalandskysten. Blir det nokre veker med stabil frost denne vinteren ? Får vi traktoren inn i skogen ? Og, får vi tømmeret ut før mildværet kjem ? Vel, så snart været slår til er det i alle fall berre til å hive seg rundt å komme seg til skogs. Det går bra nestan kvart år, sjølv om det ofte ser dårleg ut. I mellomtida jobbar eg videre med oppmåling av båtar, og har byrja å sjå litt nærare på korleis halsane er hugde og kjølrenna forma. 

Etter at tømmeret er skore ned og kome heim må eg grovhugge halsaemna til åttæringen eg vil bygge. Og sjølv om eg ikkje veit heilt korleis eg skal bygge åttæringen endå, må eg hugge ut forma på halsane så pass at emna kan tørke utan å sprekke opp. Eg brukar derfor noko tid no på å studere halsar på store seksæringar og ladromsbåtar ( åttæring i "levande live" har eg ikkje funne endå). Formen varierar nokså mykje, frå nestan flate halsar med tydeleg skille mellom kjølrenne og halsbord( Første og andre bordgang), til ei overgang mellom borda som nestan går i eit. På bilde over ser de ei nydeleg forma kjølrenne og ein hals som følger kurva som kjølrenna starta. Båtbyggar Harald Dalland sa at kjølrenna skal stå som ei naturleg del av halsen.

Denne seksæringen frå Trellevik på Tofterøy viser det eg trur Harald snakka om i høve kjølrenne og hals. Det einaste som syner kvar den eine slutter og neste byrjer er sua og saumrekka. For meg vert truleg dette noko å strekke seg etter under bygginga av åttæringen. Denne båten er bygd for råsegl til fiske før år 1880 , ellers uviss alder.

Båtbyggaren som i si tid bygde denne båten har nok ikkje hatt dei beste materialane ( kanskje det ikkje vart vær til å kome seg på skoging den vinteren :) ). Dei fleste borda er drygt hurtigvokste til båtemne å være. Det er også mykje grov kvist og lite al ( kjerneved), samt at det er brukt margbord i ripene. Likevel er det ikkje fuska med handverket, og båten er svært fint bygd og tatt vare på.

Eit glimt av framskuten inni båten

Her er eit glimt frå to andre seksæringar med anna fasong i botn. Diverre vanskeligare å sjå ut frå dette bildet. Den nederste seksæringen er bygd som føringsbåt og skal difor kunne bære mykje last. Den øvre er ein mykje smekrare båt.

Desse to båtane er stilt ut på Hordamuseet.

Se også

Innved, festemidlar og arbeidsprosess.

26.03.2021

Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.

Tanker kring den mystiske alnastaven.

15.03.2021

Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.

klinkeverktøy og klinking

01.03.2021

Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen.  Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.

Overbøre.

17.01.2021

Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.

Trenaglar

14.01.2021

Teknikk ved nagling, produksjon av naglane, materiale, dimensjonar, bruksområd