logo

Oppmåling av båtar

Publisert:
03.11.2018

For tida konsentrerer eg meg om å måle opp båtar. Eg vil skaffe meg så godt grunnlag som mogleg for å forstå "byggesystemet / måla" til båtane. Ikkje alle båtar er like greie å få målt opp.

Eg har ikkje begynt å jobbe grundig med materialet eg samlar inn endå, det er alt for tidleg og alt for tynt grunnlag endå. Men nokere tankar gjer ein seg likevel når ein jobbar med innsamlinga og. 

Dette er ein ladromsbåt truleg bygd i Os og den kan nok kallast ein Oselvar. Denne er eg ikkje ferdig å måle opp endå, men tenker eg vert ferdig i morgon. Flott båt som er bygd for brugdefangst, nesten 15 alen lang. Den har høyrt til i Fjell kommune på sotra , men står no på Hordamuseet. Det er diverre svært få slike store båtar att i våre dagar, så det kan bli vanskelig å finne nok båtar og samanlikne denne med.

Båten som ligg opp ned her er ein dryg seksæring frå Blomvågen. At båten ligg slik tar seg fint ut i utstillinga på Hordamuseet, men for båtbyggaren byr det på utfordringar :)

Den lakka seksæringen under teksten her er bygd av min læremeister Harald Dalland. På fredag som var fekk eg komme inn i naustet hans der han bygde båtar. Eg fekk leite gjennom tingene hans og skrive av notater eg fann. Det vart ein vemodig, men fin dag og eg har mykje å lese gjennom etter dette naustbesøket.

Denne blåmåla seksæringen har vært brukt som los og skyssbåt og er bygd for sjø og styggavær. Her finn eg litt andre mål enn i dei tre andre seksæringane eg har målt opp så langt. Men måla og formen gir god meining då båten er bygd djupare bak for å henge betre i sjøen.

Alt i alt har dette vært ei flott veke og eg kjenner at no er eg kome ordentlig igang !

Se også

Innved, festemidlar og arbeidsprosess.

26.03.2021

Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.

Tanker kring den mystiske alnastaven.

15.03.2021

Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.

klinkeverktøy og klinking

01.03.2021

Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen.  Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.

Overbøre.

17.01.2021

Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.

Trenaglar

14.01.2021

Teknikk ved nagling, produksjon av naglane, materiale, dimensjonar, bruksområd