logo

We'll meet again...

Publisert:
26.08.2019

Når du vaknar tidleg ein sundag morgon og får vite at flyturen du har planlagt i lange tider brått og brutalt er kansellert, ja då veit du at dette vert ein dag utanom det vanlege…

Sundag den 18.august 02.53: Der og då greip Vår Herre inn og innstilte flight DY547 frå Sola til Oslo. Planen om å slutte seg til resten av teamet til Handverksinstituttet på felles fagtur til England vart brått torpedert frå uventa hald. Kvifor? Godt spørsmål. Likevel, det var berre å snu seg rundt og finne andre løysingar. Min nye plan gjekk ut på å booke eit fly til London same dag og så finne eit tog nordover mot Peak District før neste morgon rann. Me skulle mure tørrmur på engelsk vis, og det ville stipendiaten  i meg på død og liv ikkje gå glipp av.

Allereie då flyet frå Stavanger sundag kveld stod over ein time på rullebana og venta på løyve til å lette, skjøna eg at det var ugler i mosen. Toget innover frå Gatwick var så fullt som ein sardinboks frå King Oscar og siste toget nordover mot Derby kunne eg skyte ei kvit pil etter. Jau, så sto eg der då, klokka halv tolv ein sundags kveld, i St. Pancras, bydelen i London som er mest kjent for sine mange velfylte kyrkjegardar, og måtte finne eit hotell. Interessant. Det var visst    e i   seng ledig, i eit bittelite krypinn i ei tvilsom sidegate eit par kvartal frå jernbanestasjonen. Etter ein halv times leiting fann eg den vesle raudmåla døra eg var på jakt etter og ringde på.  Fem minutt eller ei halv æve seinare høyrde eg forsiktig tassing. Låsen gjekk rundt, og ein liten bleik skapning som truleg ikkje hadde sett dagslys på lange tider, opna. Han myste mot meg og smilte breitt med sine små, brune tannstubbar, før han høfleg spurte meg etter namn og nummer.  Der og då var eg mest glad for at eg ikkje heitte Frodo og faktisk hadde gløymt gifteringen heime. Det vart ikkje sagt så mykje, men eg hugsa eg prøvde å unngå ordet «precious». Etter innsjekk slepte eg kofferten min opp den mørke, smale trappa med teppe på og var budd på det verste då eg opna døra til rom nr.10. Men det som venta meg, var overraskande: Sengja hadde reine laken, badet var nyvaska og det sto til og med ein liten vasskokar med to posar Tetley te og litt kjeks ved sengja. For å oppsummere: Gleda var overveldande. Gråten tok meg og eg brukte begge teposane den kvelden. Gud er ein okei fyr. Men han har ein sær humor.

Frukosten neste dag var spesiell: Nede i kjellaren, i noko som truleg var eit tilfluktsrom flittig brukt under blitzen i 1940, var det dekka på: Ekte plasttallerkar og atomsikker loff låg på bordet saman med sjølvlysande syltety som nok aldri ville gå ut på dato. Små ostestykke var pakka omhyggeleg inn i så tjukk plastfolie at den mest iherdige Thamesrotta ville ha mista motet og gitt opp . Likevel, det var brødristaren du fyrst la merke til: Dette massive engelske handverksproduktet var av godt, gamalt merke med ein kraftig tøyarmert kabel og gedigne brytarar i blank bakelitt. Slik det stod midt på frukostbuffeten med tjukke sotlag og skorperestar minna det mest om eit lite heimekrematorium for bisetjing av gullhamster og eit og anna marsvinet.  Brødristaren er ein viktig del av engelsk frukost, det er sikkert. Mangt smakar betre når det er lett brent....

I eit hjørne nede i bunkeren stod ei kvinne.  Ho var kledd i ein svart niqab  og var stum som ein østers.  Augo var alt eg såg.   Eg var komen godt uti tekopp nummer to før ho spurte meg forsiktig kva rom eg budde på.  «Number 10. Just like the Prime Minister.» sa eg og smilte.  Ingen reaksjon. Eg slo forsiktig frampå om det var ho som hadde vaska rommet mitt. Ho såg ned, som om ho forventa ei skjennepreike, og svarte stille «ja».

 «Supert! Du har gjort ein heilt fantastisk jobb! Det var ei herleg oppleving å komme på hotellet i går. Rommet var perfekt og badet strålte.  Og tusen takk for teen og kjeksa du sette ved sengja. Det var akkurat det eg trengde. Godt handverk, kollega. Skulle ynskje folk sette meir pris på det flotte arbeidet du gjer. «

Kvinna stod heilt stille og stira på meg med store augo som om eg , ALF, Alien Life Form, nett hadde styrta med romskipet mitt  i kjellaren hennar frå planeten Melmac. Eg tok kofferten min og, for å vere heilt sikker på å overdøve morgonsendinga frå Channel 4, ropte eg ut eit rungande  «Gud signe deg, kvinne!»  før eg stengde bunkerdøra bak meg og steig inn i sola over London by. På jernbanestasjonen såg eg litt på portrettet kona hadde malt av meg på ein konvolutt før eg reiste.  Jau, det likna. Ho hadde nok rett. Ein liten heldiggris var no på veg nordover mot Peak District...

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...