logo

Vi står han av.

Publisert:
01.04.2020

Det gjer me. Heilt karantert.

Det er ein av dei morgonane: Klokka har nett bikka fem og nordvesten ular rundt husnovene. Gardinene på soveromsglaset ligg nesten i vater og blafrar så sluddbygene slår forfriskande inn over stipendiaten som kikkar skeptisk over dynekanten iført ullhuve og tjukke sokkar. Utan tvil, det dagast.  Bent Erik er også oppe. No når han er ute av to vekers isolasjon i ein trekkfull vedbod startar han dagen i kontorstolen framfor ein raudglødande stråleomn. Velfortent. Eg set over kaffien og ser ut glaset. Enno mørkt.  Katten strekkjer på klørne og geispar.  Det har han faktisk god grunn til, for me har arbeidd på det me har klart i det siste. Langt der ute ein stad rasar eit virus gjennom landet og set resten av samfunnet på hovudet. Men ikkje denne miniverda vår i verkstaden. Ho er urokkeleg. Her snurrar alt som det har gjort før, som om ikkje noko hadde skjedd. Rare greier. Temmeleg uverkeleg.

Vel, lat oss ta ein kikk på det me har fått til: Katten og eg vart ferdige med sideplata i messing.

Det var eit sjakktrekk å starte med henne, for med denne messingbiten på plass er skjeftet såpass festa til låskassen at me kan starte med låseplata i stål på motsett side. For å felle plata inn, lagar eg meg eit handtak av ein skrue og mutter, slik at eg kan montere plata beint på kvar gong og få eit korrekt avtrykk av det tynne sotlaget eg har lagt på baksida.

Med ein vinkel kontrollerar eg at plata heile tida står nitti grader på løpet. Slurvar ein her, vil det verte uråd å få linjene i stokken til å stemme.

Sidemeiselen kjem  verkeleg til sin rett, også når botnen skal skavast ut. Det er eit universalverkty med mange sider, bokstaveleg tala.

Pasninga må vere tett, helst vasstett, slik at ikkje smuss trengjer inn og forstyrrar mekanismen. Når plata er på plass, set eg låsdelane inn, ein etter ein, og feller inn kvar enkelt systemdel med skjølper og stemmejern:

Til slutt passar heile låsen inn i skjeftet som ein del av eit puslespel. Det viktigaste er no at alle delane får røre seg fritt på innsida av treverket. Sot på låsdelane viser kor kontaktpunkta er.

Med låsen på plass er det på tide å ta fat i messingdelane på utsida: Pussestokken vert halden av tre røyraktige messingstykke som me kallar for rørker. To av dei har eg støypt saman med låskasse og avtrekksbøyle. Dei er massive og må difor borast ut før eg går i gong med vidare formfiling. Finna i topp brukar eg til å halde rørka med når eg borar henne ut, så slepp eg å presse flat røyrka som då berre er eit tynt røyr.

Å spenne opp rørka på ein dor av eit gjengestål og to mutrar fungerar godt. Oppspenning, eller korleis ein festar emnet, er, etter mi meining, eit oversett tema. Det me ikkje kan spenne opp kan me heller ikkje forme.  Lite veit me om korleis Girardoni gjorde det, men det er godt mogeleg han filte i dreiebenken. Då kunne han rotere emnet sitt og arbeide med det frå ulike vinklar. I dag er filing i dreiebenk noko som ligg temmeleg fjernt frå oss, me filar ikkje, me skal absolutt maskinere med fastståande dreiestål. Kanskje det er på tide å gå attende og ikkje tenkje så komplisert?

Den eine rørka lagar eg av to skrapdelar av messingrestar eg har støypt: Den sylindriske delen dreiar eg i benken før eg sølvloddar. «Handtaket» under skal etterpå skjerast til, slik at eg får to «øyre» som eg kan feste til stokken med stålstiftar når delane er passa inn.

 

Også når delen skal dreiast, er det greiast å spenne han på eit stykke gjengestål og klemme til med mutrar på kvar side. Hardloddinga etterpå er lettast å få til med ei loddeklemme, slik at ikkje varmen vert leidd bort frå metallet i loddesona. Atter ein gong kjem gjengestålet til innsats, no som loddefikstur:

Så kan finna skjerast til i topp og oksidsjikt fjernast med fil og smergellerret:

Men kvifor desse elegante formene på eit militærvåpen? Det er eit spørsmål eg ofte har stilt meg. Mange timar gjekk med til å støype, bore og

file til desse rørkene, timar som kunne vore brukt på å lage trykklufttankar og perfeksjonert viktige ventilar Likevel, desse detaljane vart nytta i alle dei 1300 riflene som kom ut av den vesle verkstaden i Penzinger Strasse. Kvifor? Kanskje var det kunsthandverkaren sin måte å seie: »Ha, sjå berre her. Eg kan gjere det. Difor gjer eg det.«  Spørsmålet mitt no vert likevel: Vil  me klare det igjen, 240 år seinare? Eg trur svaret er ja.  Saman. Saman klarar me det. Nett slik me  saman klarar månader med storm og ruskevêr, blå nitrilhanskar, handsprit og heimeundervisning i lag med ungane våre. Jack Berntsen hadde så rett, så rett: Vi står han av.

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...