logo

TIF

Publisert:
05.09.2020

Tingenes Iboende F...skap

«Bent Erik, er det ikkje eigentleg rart kor mange ord som byrjar med bokstaven «f»? Katten gløsar opp på meg frå ullpleddet på kontorstolen. Ja, ikkje berre «Friskies», min venn. Men mange andre også. Slik som «foruroligande , «forferdeleg», «frykteleg», og ein heil del andre som me helst ikkje vil nemne her.

Altså: Fyrst knakk den eine fjøra til skeia i mekanismen. Deretter knakk nummer to.

Så byrja ventilen å slå lekk. Trykket var så stort at læret vart rive i filler. Etter at me laga ventil nummer sju og babyen vår til sist held tåta, nekta ventilen å løyse ut. Resultatet vart at gjengepartia i låskassen fekk så mykje juling av slagfjøra at dei sprakk. Ergo måtte låskassen hardloddast på nytt. Og då losna gjengepartiet i front av låskassen, så det måtte tersast ut, alt reingjerast og heile låskassen  varmast opp til over 700 grader før me fekk æra av å lodde heile stasen  på ny.

Jau, det er dagar der du berre må  rope høgt «Hallelujah!». Men det finst også dagar der det er god grunn til å rope  det stikk motsette. Like høgt.  Det er når slike dagar vert til veker at ein stipendiat verkeleg får kjenne på faget. Dessutan tikkar klokka mot avslutning. Om tre veker skal me vere ferdige. Og nett no kjem ikkje kula ut gjennom løpet ein gong. Javisst, det var noko eg gløymde: Gjengepartiet i bakkant sprakk sjølvsagt i same slengen, så det måtte loddast også. Hardlodding gjekk ikkje, så eg har retta ei bønn til Vår Herre og prøvd med vanleg tinn. Det burde halde.  Låskassane på denne våpentypen er ein svak del, det er visst. Det var som regel dei som rauk på slagmarka, skreiv det austerrikske forsvaret.

 Men lat oss sjå på det positive: Flaska er no tett. Så lengje det varer. Å treffe herdinga på pakningane var ikkje det enklaste, men denne gongen er det ingen flau flatulens frå flaskefronten. Og løyse ut gjer ventilen også. Tida er inne for ei dugeleg overhaling av låskassen. Når han er ferdig skal eg finjustere mekanikken i låsen.  Og så skal det prøveskytast. Me er på veg. Spørsmålet er berre kor vegen går.  Er det i retning fagleg gjennombrott eller psykisk samanbrott?  Eg satsar på det fyrste.  Nemleg. I mellomtida går valsen lystig vidare.  Mykje  F og litt H.  I  D-dur….. Det er difor grunn til å gle seg. Frå der Bent Erik og eg er no kan det berre gå ein veg: Oppover…

Se også

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...

Illusjonar...

06.05.2020

…kan vere så mangt. Det er ikkje alltid ting er nett slik dei ser ut som.