logo

Summer time, when the living is easy

Publisert:
02.07.2019

Meteorologisk Institutt melder om høge temperaturar, til tider er det blitt målt over 900 grader somme stader på Vestlandet…

Høgsommar i Nordhordland :   12 grader, nordvest kuling og forfriskande regnbyger. Perfekt vêr ute til å arbeide inne i, ikkje sant pus?  Katten ser på meg med eit tvilande blikk, han delar ikkje heilt optimismen min. Likevel, varmluftomn er ein flott sak til å tørke våt kattepels med og Bent Erik er flink til å sjå det positive i situasjonen. Me er i n n e . Frottéhandkleet heng over stolen og det knitrar i peisen.  Godt me fekk veden i hus før regnet kom.  No er me dessutan nesten ferdige med låsen, berre nokre få delar står att: Avtrekksstang og slagfjør. Avtrekksstanga er viktig: Når me dreg i avtrekkjaren, er det denne delen som utløyser fjørspenninga. Dersom ho skulle knekke under bruk er våpenet ubrukeleg. Så materialet må vere perfekt. Eg har ein bit frå ei jernbaneskinne i kista mi. På skinna står det: «Krupp Thyssen, 1913». Dette er utrangerte skinner frå Bergensbanen. Litt rart å tenkje at det har rulla tunge jernbanevogner over den vesle stålbiten kvar dag, kvar veke, kvar månad, år ut og år inn. Har stålbiten klart den påkjenninga, klarar han denne også: No durar pinnefresen over stålet. Overflata vert blank som ein spegel. Fantastisk stoff.

Å file dette stålet er ei fryd. Det er noko heilt anna enn vanleg stangmateriale, det er så kompakt, så tett. Litt rart å tenkje på det, den vesle nasa i front skal seinare bere trykket til den kraftige slagfjøra, og det er ei monumental oppgåve.

Eg varmar avtrekksstanga til ca. 900 grader før eg bråkjølar henne i olje.  No er ho knallhard og så sprø som glas.  Katten ser på meg med eit engsteleg blikk. Misser me stanga på eit betonggolv no, kan det hende ho brest i tusen knas.

For å få attende noko av seigleiken i stålet må me no «lynne» emnet eller avherde det. Det er mange måtar å gjere dette på. Ein av dei enklaste er å leggje delen på ei kokeplate og varme langsamt opp til strågul farge. Strågul seier oss at temperaturen i yta ligg på mellom 220 og 230 grader C eller rundt 500 Kelvin. Når ei kvass fil akkurat bit på stålet er avtrekkshaken så mjuk at han ikkje vil knekke og så hard at han tåler påkjenninga i låsen. Lyden av fila mot stålet er det som seier oss om delen er hard nok.  Girardoni herda og avherda sikkert i essa, bortsett frå det gjekk han truleg fram på akkurat same måten som oss to. Pus, er ikkje det rart? At ting eigentleg ikkje har endra seg stort dei siste 240 åra?

Så er det slagfjøra: Ho skal fungere som ein boge og skal kunne spennast opp mange tusen gongar utan å misse krafta. For å kunne det må ho ha ei lett avsmalnande form i både breidd og lengd og vere akkurat passeleg hard og seig. Vår fjør har berre ein arm. Likevel vert ho den kraftigaste fjøra me nokonsinne har konstruert. Denne delen skal kunne slå utløysaren til ventilen bakover i brøkdelen av eit sekund og opne for over femti bar med komprimert luft.  Litt av ein jobb. Før var fjørmakar eit eige yrke. Arbeidsgangen med herding og avherding var yrkesløyndomar som vart førte frå generasjon til generasjon…

Katten røyser seg. Han har fått auge på noko. Kva er det? Har det slutta å regne? Utruleg. Nede ved sjøen ser eg ringar. Ringar etter noko stort. Fisk. Det er ei slik stund: Bent Erik ser på meg. Eg ser på Bent Erik. Me ser på kvarandre. Utan eit ord finn me fram slukstong og gummistøvlar.

To minutt seinare er duoen på veg  ned mot sjøen gjennom friskt og høgt junigras. Halen til Bent Erik står til vêrs med ein liten krøll på toppen og gløymt er tanken om regn og kuling. Framme på stangtuppen dinglar ei lita Møresild i sommarsola. Det plaskar på nytt. Sjøaure.

George Gershwin, var det dette du meinte?

« Fish are jumping and the cotton is high...»

Den blanke Møresilda landar med eit nesten usynleg plask rett ovanfor vaket. Nett no er det tid for ein halv time easy living…

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...