logo

Skjeftemodell

Publisert:
06.02.2020

Ein feil er ikkje ein feil før ein har gjort han to gonger. Det er riktig. Det var ein god idé å ta seg tid til å lage ein skjeftemodell, ingen tvil...

Kva er det som har skjedd ute? Har det slutta å regne? Rare greier. Temperaturen stig. Og fuglane syng. Kjøttmeisen i lønnetreet utanfor verkstadvindauget gjev full gass og opnar konserten med optimistiske trillar i staccato. Litt Bach over det der.  Bent Erik stemmer i med ei mollprega blanding av soul, funk og jazz ute på tunet. Ikkje akkurat den andrestemma i koret eg venta på, men kva så?  Fullt show ute. Ingen tvil. Det er vår på Vestlandet.

Inne står eg med stemmejern og lommeduk. Eg nys meg gjennom dagen så eikestøvet fyk rundt øyra. Meir som ei stortromme og  cymbalar. Eller pauke. Det susar i alle fall i skallen. Viktigast er det å leggje frå seg stemmejernet i tide, før eg nys stemmejernet inn i håndbaken og Norgesplasteret må ut. No er eg nesten ferdig med modellen min, og eg har funne ut noko som undrar meg litt: Skjeftet eg studerte i Suhl til Girardonirifle nummer 42 var laga til eit militært våpen. Likevel, det var teke minimalt masse ut av skjeftematerialet. Skjeftaren kunne ha gjort det annleis og fjerna meir av området rundt låsen inni. Likevel, det gjorde han ikkje. Han tok seg tida og fjerna berre det som han akkurat måtte. Med tanke på det arbeidspresset Girardoni og sveinane hans hadde er eg imponert.

Men kvifor? Ingen kom til å kikke inni skjeftet likevel. Gjennom alle tider har det vore gjengs oppfatning om at usynlege flater på skytevåpen ikkje treng perfekte overflater. Likevel, eg trur eg har funne grunnen: Området rundt låsen er det svakaste i heile skjeftet.  Å skjere rikeleg ut her som ei enkel og grei løysing vil ta ut viktige fiber i stokken. På slagmarka kunne dette ha ført til skjeftebrott. Så det kan vere at det er funksjonen som er motivet, ikkje estetikken.

Å ha ein modell å gå etter er uvurderleg. No har eg gode referansar eg kan bruke til å ta mål av når eg skjer ut emnet i nøttetre. På ein modell er det lov å bomme. Og når ein bommar, eller emnet er for lite, kan ein berre lime på eit stykke og gå vidare. Supert. Rekkjefølgja i arbeidsgangen vert også klårare. Kva skal ein gjere fyrst? Og sist? Korleis spenner eg opp? Kva for spesialverkty må eg lage meg?  I modellen kan alle steg falle på plass, eitt etter det andre. Etter runden med modellen er eg på så trygg grunn som eg kan vere.

 På mange måtar er dette forskjeftet utanom det vanlege:  Denne rifla har nemleg trematerial berre rundt nedre delen av låseplata. Øvre delen av randa rundt låseplata ligg an mot messingen i låskassen. Dette er svært spesielt og eg har aldri sett det på andre våpen.

Visst skal det verte ein spanande leik å gå laus på det ordentlege emnet i nøttetre. Men fyrst må eg prøve ut eit stunt: Eg må bore kanalen til pussestokken. Der har eg nesten ingenting å gå på. Korleis d e t skal gå føre seg, det får me sjå på i neste veke. Og då skal me teste det ut på emnet fyrst. Nemleg.

«Bent Erik, er du ferdig no? « Katten svarar ikkje. Eg trur han er komen inn i andre avdeling. Eksperimentell frijazz. Ja, ja. Det er ungdommen, det. Eg er gamaldags. Er ikkje komen lenger enn til barokken. Men det gjer ikkje så mykje.  I dag er det ikkje tvil om kva som skal spelast i verkstaden: Bach!….Marsj i D-dur…Det er stemmejernsmusikk, det. I mezzo forte. Då går arbeidet unna. Lytt berre på det her, kva passar betre til kvasse stemmejern og skjølper enn denne kraftpluggen av ein marsj?

Like godt å innsjå det med ein gong: Det er vår, folkens!

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...