logo

Påskepang

Publisert:
22.04.2019

Merkeleg stille over alt.  Er alle reist på påskefjellet? Ser sånn ut. Men ikkje Bent Erik og eg, me har andre planar…

«Bent Erik, var ikkje det der litt i overkant? Måtte du bite Carl Ivar i halen då han kilte seg fast under gjerdet? Du var ikkje nøydd til å gjere det, veit du. Dessutan, Carl Ivar er overvektig og har høgt kolesterol, han kunne ha fått hjarteinfarkt.» Katten ser på meg som om han ikkje skjønte spørsmålet, legg seg flat på fleecejakka mi, strekkjer på labbane og lagar godlydar som ein John Deere på tomgang. Det er påske, det er sol, det er whiskas i bollen og kjøtmeis i plommetreet, kva kan ein ynskje seg meir?

Akkurat. Eg tenkjer på det der. No er me i den «stille veka», påskeveka. Det er for keisamt. «Bent Erik, skal me lage litt action?»

Action er noko Bent Erik likar. Me kikkar begge to på babyen vår, trykktanken.  Han ligg på benken.  To millimeter tjukke vegger, tette skinnpakningar, sprek ventil og rundt tredve bar med hissig trykkluft inni. Luft som berre må ut. Freistinga vert for stor: «Bent Erik, skal me teste ut?» Bent Erik nikkar.

Me skrid til verket: Låskassen vert plassert i dreiebenken, klokka inn og spent fast. Bent Erik tek seg ein tur ut i mellomtida, sjekkar lende og ser at alt er klart. Eg maskinerar gjenge bak på låskassen, planar fronten, lagar innvendige gjenge i låskassen framme og slår gjenge på løpet. Så borar eg gjennom låskassen frå kvar ende til hola møtest.

No har eg ein kanal som vil leie lufta frå flaska og inn i løpet. Lås har me enno ikkje, men eg har ein bit av ei sykkeleike som er akkurat passeleg tjukk og kan fungere som ventilopnar. Dessutan finn eg eit stykke kopar i skuffa som slagstykke og ein drusteleg smihammar. Då skal me få opna ventilen, ja…

Men kula? Me har korkje magasin eller tilbringar, men me har nokre gamle kaliber .44 rundkuler, lakenstrimlar og smaletalg. Saman vert det ein feittlapp som vil tette godt rundt prosjektilet, nett som i munnladingsriflene. No byrjar det å likne. Løpet kan eg skru av, stappe kula med feittlapp inn bak og me er klare til test. Girardoni single shot. Galskap. Går dette bra, går alt bra.

Ute på tunet er det framleis stilt. Mistenkjeleg stilt. Bent Erik og eg lyttar etter påhengsmotorar og mopedar. Ingenting. Postmannen er på ferie til Portugal, så han er trygg. Eg lagar meg til med ein tomme tjukt bord som fungerar som blink og plasserar han attåt nokre vedsekkjer. Det får duge som kulefang. Vernebriller på. Den gamle vedsaga brukar me som skytebenk. Bent Erik er like spent som eg er. Carl Ivar er på skiferie i Hemsedal med plasterlapp på halen. Men kva er skiferie og påskefjell mot dette?

Fem meter avstand. Kjem kula i det heile til å komme ut av løpet? It`s now or never, tenkjer eg og lefsar til med smihammaren mot slagstykket. Ventilen bjeffar til som ein godt forbanna puddel og pipa gjer eit lite hopp. Bra smell! Det sprutar med flisar frå vedhaugen. Bent Erik er synleg imponert. Det er eg også. Kula har blåst hol i granbordet, flisene på baksida seier sitt.  For å samanlikne skyt eg på bordet med eit kraftig luftgevær i kal.22, men det er som ei ertebøsse i samanlikning, kula stoggar halvveges inni bordet.. Og dette var 30 bar. Kva vil skje når trykket vert dobla og me får skikkelege prosjektil?

Bent Erik, dette må feirast! Trur me må opne ein boks skinke i kveld, eller?

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...