logo

” , og det er skorpe på leverposteien,…. ”

Publisert:
03.10.2018

 og alt er ikke bare vått,

det er dertil totalt meningsløst  - og dyrt og jeg tenker da: Hvorfor er jeg egentlig her?”

Godt sagt, Odd.  Kvifor er eg her? Her er nokre inntrykk frå ein handverkar i 2018…

Ute regnar det som om det var det einaste som kunne skje der ute.  Det ausar ned. Ein eller annan der oppe har opna slusene. Inne sit eg med ein kopp te og prisar meg lukkeleg over at taket er tett. Det er fyr i omnen, og det ser eg på som eit under, så vått som det er ute. Ungane er på skulen, kona er på jobb. På det høgre auga mitt er det ein svær, svart flekk som dansar att og fram og har helde meg ute av verkstaden og borte frå bilkøyring i snart tre veker no. Har vent meg til luringen i det siste,  byrjar å sjå på han som nesten ein ven. Men eg har fått tid til å tenkje på kor lite det skal til før me brått kan verte kasta ut av dansen og kor mange som då bryr seg om handverkaren . Eller handverket. For kva skal me med handverket? Treng me det?

Bygda mi har visst fokus på andre ting: Fredag er det pizza, laurdag er det taco. Og 4G er livsnødvendig.  Utan 4G, ingen Youtube til pappa, Netflix til mamma og ingen Fortnite til minstemann.  Gjestane som kjem på laurdag ser nysjerrig rundt seg. Dei ser ikkje på deg, men etter nærmaste stikkontakt til mobilladaren. Sjekke snapp, face, insta. Oppdatere profil. Sjekke kva dei andre gjer og fortelje dei andre kor fantastisk glade dei er i ungane sine på bursdagen, ta bilete av middagen sin  og dele ut rette ”likes” til dei rette folka.

Og handverkaren sit her. Lurar på kva han har å seie. I dag var han på badet og såg etter mose bak øyro. Ingen mose i dag. Hadde han hatt  det eller i det minste ein sjeldan salamander under verkstadbenken  kunne det  ha vore grunn til vedtak om freding. Det er nesten som eg ikkje tør svare på spørsmålet: ”Og kva gjer så d u ?” Svaret, som er : ” Børsemakar. Lagar jakt- og sportsvåpen.” gjer det ofte pinleg stille etterpå. ”Wow”, er ofte responsen.  Dei som dristar seg til ei heil setning, seier kanskje: ”Så spennande! Fin hobby. Men kan du l e v e  av det?”  Dette spørsmålet har eg fått så mange gongar at eg har utvikla ein eigen strategi: Eg ser vedkomande beint inn i augo, smiler så breitt eg kan og svarar sakte og tydeleg,  som ein litt lekkersvolten Hannibal Lecter kanskje ville ha gjort det i ”Nattsvermeren”: ”T r u r det. Eg kan i alle fall ikkje d ø y av det.”

I dag veit eg ikkje om eg hadde orka å svare. I dag tenkjer eg på at naboen har plastbåt. Nypolert glasfiberskrog med kjempesvær Yamaha han ikkje kan starte med snor om batteriet er flatt. Han korkje ror eller seglar, det er unødvendig når ein har motor. Færingen til bestefar rotnar utanfor garasjen.  Ikkje treng han øks heller, for øks er farleg og veden kjøper han på Circle K.  "Bile" er noko han gjer for å sleppe å sykle. Tradisjonskleda hans er grilldress. Grå joggebukse med gul flekk framme, brun bak.  Grandiosaen treng han ikkje ha i keramikkskål og kalk er noko han er redd for å få i blodårene.  Men våpen er han heldigvis ekspert på, han som både spelar Call Of Duty og GTA.

I går var eg på kulturskulekonsert.  Gitarelevane som har hatt tre år undervisning framførte ”Tom Dooley” i C-dur. Dei var utstyrte med skinande nye  gitarar der ein kunne lese i lydholet: ”Hand Crafted Instruments – Norwegian Design”.  For å nå kundegruppa  som enno ikkje hadde knekt lesekoden  var det i alle tilfelle limt på eit trekanta norsk flagg oppe på halsen under tjukke lag med polyuretan. På ein liten kvit lapp heilt nede kunne ein  lese med miniskrift: ”Made in China”

Tjuefem smarttelefonar frå stolte foreldre går i véret, no er det temmeleg stille, dei minste held fred, for dei har fått kvar sin I-pad.

Frå høge Laney høgtalarar kjem siste kontrollspørsmål frå gitarlæraren:

”Har alle C-akkorden no? Ok, då tar me han. Ein –to, tre, fire….

 

”Hang down your head, Tom Doooooley,

Hang down your head and…….and.........me byter til G  no! Alle saman, inkludert deg, vennen min.    G.  Ja, akkurat, G! Ikkje D.

Cry……. ”

 

Applausen brakar laus. For ein konsert. Det var litt av eit høgdepunkt med det kompliserte akkordskiftet til  G. Dei unge musikarane går av scena på mindre enn tjue sekund. Me er klare til neste innslag, for om to minutt er det kaker og kaffi. Og pizza! Men kva får Tom Dooley? Jau, han får tid til å reflektere etter at foreldre har støvsugd buffeten for kremkaker og evakuert med poden i god tid før opprydding.  Læraren kveilar opp mikrofonkablar medan eg har funne fram bøtta og tømmer halvfulle boksar med "Burn" og"Battery" .  

Eg sit enno med tekoppen min og ser ut i regnet. No er det morgonandakt. Opp med volumet. Treng litt oppmuntring her eg sit. Pastoren inni DAB-radioen min har trøysta vérsjuke vestlendingar før, han er  erfaren bergensar og røysta hans høyrest ikkje berre våt ut, ho er  impregnert av år med vedvarande og intense lågtrykk ute i Norskesjøen:  ”DeRsom du møteR veggen, eR du ikke langt fRa en døRRRR.” Godt sagt, pastor. Eg let orda sige inn medan takrennene fløymer over.

 Men kor er døra?

 

 

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...