logo

Kom til onkel...

Publisert:
21.03.2019

 Denne veka har eg vore læregut:  I Thüringen, heilt på grensa til Bayern, bur Karl Wolf eller ”Onkel Karl” som han kallast, spesialist på pneumatiske våpen. Ingen grunn til å stampe fela si, skjorta si og sjela si, men god grunn til å oppsøkje ekte fagfolk…

 

Jau, ingen tvil: Me er i Tyskland. Bindingsverkshus, ryddige gater og små  spesialforretningar der du får kjøpt livsviktige saker som til dømes sjokolade. Ekte sjokolade. Det er litt sånn i Tyskland enno: Skal du kjøpe ekte pølser, må du til slaktaren. Ekte brød, då må du til bakaren. Og skal du ha ekte børser, då må du til børsemakaren….

Karl Wolf er over 70 år no, men har ikkje tenkt å pensjonere seg. Ikkje kul. Det har han ikkje tid til, for oppdraga rasar inn fortare enn bluegrass og han er den einaste som kan hjelpe: Frå heile Tyskland,  Sveits, Austerrike og Italia kjem det kundar. Kvifor? Fordi han er den einaste som verkeleg kan sommarbiathlon. Sommarbiathlon? Hæ? Kva i alle dagar er sommarbiathlon?  Jau, det er ei form for skiskyting som er vorten meir og meir populær:  Opplegget er som for vanleg skiskyting, men det skjer om sommaren, på rulleski og med trykkluftvåpen i kal.4,5 mm. Desse våpna har magasin og hurtigrepetering som i vanlege Anschütz skiskytterrifler.  Karl var med på å utvikle dei spesielle våpna  i Suhl for mange år sidan og får stadig telefonar frå fortvila børsemakarar som har fått våpna frå einannan, men ikkje saman att. Mekanismen er så komplisert at du ikkje kjem nokon veg utan lupe, salmebok og svinaktig god smøring med stoffet tolmod.

Difor er truleg ingen så kompetent som Karl  på gebetet kompliserte mekanismar: Eg har laga eit Girardoni ventilhus i heimestøypt messing med gjengebøssing, ventilstang, fjør, pakning og ventil som eg under tvil fekk gjennom på flyplassen i Berlin. No skal eg lage eit adapter slik at eg får fylt luft på flaska gjennom ventilen og prøve om ventilen fungerar. Men kva for skinn skal eg bruke til pakningar? Og korleis bør eg maskinere ventiladapteret?

Karl er klokkeklar: ”Strukturen i skinnet er viktig. Skinnet må vere av høgaste kvalitet, tett struktur og med perfekte kantar. Alf, dette kan gå, men prøv å få kantane endå reinare…Og adapteret MÅ vere maskinert så plant og perfekt som du kan. Helst i stål.”

Eg skjønar ikkje heilt kva han meiner, men han tek fram ei lupe og viser meg ein gjengeinnsats frå eit moderne pressluftgevær:  ”Sjå her”, seier han.  Karl smiler, gjev meg lupa og let meg ta ein kikk: Ser du det same som eg?

 

Eg trur nesten ikkje mine eigne auge: Dette er høglegerte aluminiumslegeringar med mengder av magnesium som etter ingeniørane sine kalkyler skal tåle trykk på 200 bar, men kva skjer? Spissgjenget vert klemt totalt paddeflatt og resultatet er at den eine sida vert komprimert til null. Heftig, ikkje sant?

I dag, onsdag den 20.mars, er det nøyaktig 240 år sidan Bartholomeus Girardoni  fekk oppdraget frå  Keisar Joseph II. om leveransen av  luftrifler. Men dei austerrikske teknikarane strevar framleis med materialval. Er ikkje det fantastisk? Me tviler ofte på gårsdagens teknikk og kallar mangt for gammaldags. Når det er stempla med ”Austria 2019” er me ikkje så kritiske lenger , men undrar oss stort når det nymotens vidunderet går sund.  Kanskje er det likevel sunt å vere skeptisk til nye ting?

Mange fortvilar, og då er det berre eitt å gjere: Komme til onkel på krokete knær…. Erik Bye, du hadde rett. 

Neste veke er det maskinering av gjengeparti som står på programmet. I stål. Med lupe. Og kritisk blikk på detaljar.

Ha ei riktig god helg, folkens!

 

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...