logo

Kjekt å ha...

Publisert:
22.11.2018

 Kan du få deg til å kaste verkty? Eg klarar ikkje det. Dersom du er så syndig å kaste eit, får du bruk for det neste dag, garantert. Her er to handverkty som har vore med meg ei stund og som eg verkeleg treng når eg skal lage trykklufttank .  Det kan likevel hende at du får bruk for dei også, for dei er heilt supre.  Difor har eg lyst til å dele dei med deg.  Hels på  mine vener  ”der Doppelkörner” alias dobbeltkjørnaren og ”das Nieteisen” ….

Dobbeltkjørnar? Hæ? Det var min fyrste reaksjon. Heilt til min medstudent og gode børsemakarkollega Stefan Koch viste meg ein kjekk sak han og klassekameratane hans hadde laga fyrste året på børsemakarlinja.  I Suhl  var det nemleg slik: Heile det fyrste året av utdanninga gjekk med til å lage spesialverkty i faget. Kvart år endra ein litt på det praktiske pensumet, slik at dei yngre elevane fekk lære av dei eldre elevane og vis versa. Det fyrsteklassingane laga i år var ikkje alltid det som fyrsteklassingane laga i fjor. Men me utveksla arbeidsteikningar og hjelpte kvarandre.  Det ein ikkje fekk tid til å lage på skulen, laga ein på hybelen heime. Eg hadde verkstadbenk i stova. Alle burde ha verkstadbenk i stova, det fremjar kreativiteten. Så ut med fjernsynet, folkens, og inn med verkstadbenken!

 

Vel, til dobbeltkjørnaren: Dette er eit lite verkty og ser på lag ut som ein liten passar.  Vidunderet har ein arm som står fast og ein arm som du kan skru ut og inn med ein liten skrue.  I endane er det små, herda spissar av verktystål som kan bytast ut og kvessast. På toppen er det ei slagflate. Heile kjørnaren er filt ut i C45 stål som er herda i olje og anløpt.  Dersom du skal bore ei rekkje med hol som har same innbyrdes avstand, gjer du følgjande: 

a)Still inn avstanden mellom spissane med ein linjal  eller skyvelære.

b)Lås fast med skruen.

c)Slå det fyrste merket med den faste armen.

d) Set begge armane på emnet, slå neste merke.

e)Vandre nedover emnet og slå hol etter hol etter hol etter hol.

Kjekt, ikkje sant? Tenk deg at du har ein holsirkel du skal bore. Med ”pi” og diameteren er det ei lett sak å rekne ut kor mange hol  du treng og innbyrdes avstand mellom dei. Så lengje du held deg på linja du har rissa opp med passaren din på førehand er det å kjørne hola før boring ein barneleik. For ein herleg , liten sak. Smask! Når eg no skal bore opp tanken for klinking er denne darlingen høgaktuell.

Så er det tid for saumjarnet:  Eigentleg har eg ikkje peiling på det norske namnet, men kanskje det finst eit. På tysk kallar me det ”Nieteisen”. ”Niete” tyder nagle eller saum på norsk.

Dette jernet fekk eg av ein pensjonert  børsemakar i Thüringen, ein av mange eg var så heldig å verte kjent med.  Å få eit slikt verkty av ein handverkar som har hatt det som ein del av sin kvardag er noko stort. Eg vert ofte rørt når slikt skjer, det har noko med å føre vidare ein felles arv, vere ein del av noko større. Korleis kan ein forklare slikt noko? Eg er ikkje av dei største tilhengjarane av Star Wars, , men  slik trur eg  Luke Skywalker hadde det då han fekk sitt Jedi-sverd.  For meg var det i alle fall stort, det er sikkert. Eg skal også ein dag gje dette jernet vidare. Då vonar eg dei som får det veit kva det skal brukast til…

Over til jernet:  Her er det ganske enkelt to stikkekjeftar som er freste ut i vanleg stål. Dei er heldne saman med to skruar på tvers. Over skruane er det to spiralfjørar som tvingar bakkane ut att. Når du opnar stikka, vil jernet difor berre glipe litt og sleppe emnet, bakkane vil ikkje falle ut av stikka. Gjennomtenkt...

I bakkane er det bort hol med ulik diameter. Øvst i kvart hol er det ei lita forseinking. Når ein no set ein bit jerntråd i holet, let ein biten stikke opp eit par millimeter over bakkane. No er det berre å knipe att kjeftane og forme hovudet på jerntråden med ein liten pennhammar. Forseinkinga i  kjeftane gjev hovudet ein jamn overgang utan skarpe knekk der saumen vil ryke. Opp med kjeftane, og vips er saumen ferdig. Herleg, ikkje sant? No kan eg lage saumen eg treng til luftflaska mi sjølv. Girardoni hadde blautt jarn til flaskemateriale og truleg også blautt jarn til naglar.  Originalflaska hadde eit saumhovud som var 12mm stort, og då skal saumtjukna vere om lag 6mm.

 

For å lage den spesielle  saumen som var brukt i flaska må eg likevel lage eit nytt saumjarn. I neste nummer skal eg vise deg korleis du går fram for å lage eit slikt i heimen. No nærmar det seg jul, og kven vil vel ikkje ha sitt eige saumjarn under treet?

 

Ha ei flott handverkshelg!

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...