logo

I utstyrssokken

Publisert:
29.04.2020

er det mykje rart. Denne veka har eg og Super Gunnar aktivert superobservasjonskreftene våre og funne fram to kjekke ting som me gjerne vil dele med dykk…

I verkstaden min er det ikkje så mykje plass. Det har eg til alle tider sett på som ein stor fordel, for då er det teoretisk sett mindre sjansar for rot.  I praksis ser det likevel ikkje ut til å hjelpe, så no har eg forkasta roteteorien og er på stendig jakt etter meir Lebensraum. Men korleis kan ein utnytte arbeidsplassen maksimalt?   Det var då eg såg det. Minibordet. Ideen fekk eg av Harold Hall i boka «The Metalworker’s Workshop», nummer 44 i serien av minihefte «Workshop Practice Series». Denne serien med småskrift er heilt fantastisk med mange smarte løysingar for livet i verkstaden.

Altså, minibordet er nett det det seier, eit lite, flyttbart bord. Eg har laga mitt som på biletet under:

Vidunderet er laga av ei finérplate med ei lita list i nedkant, slik at ting ikkje trillar av. Vangane er også av kryssfinér, og botnen er flat, slik at bordet kan setjast ned kor du vil, så lengje underlaget er nokolunde plant. I framkant har eg skrudd på ei list som er skråhøvla i toppen, slik at ho står parallellt med dei vertikale vangane. Arbeidsbenken min har ein kant, slik at eg kan hengje bordet over kanten kor eg vil. Treng eg å skifte arbeidsstilling og treng om ein ståpult, er det berre å spenne opp bordet mellom kjeftane i skrustikka:

Her er det plass til pc, skrivesaker eller alt det verktyet du elles vil ha tilgjengeleg, men som lett kan ta opp mykje flate på arbeidsbenken din, slik som stemmejerna og bandkniven på biletet over. Dei siste vekene har eg og ungane hatt det store skrivebordet som lekseplass, og då var det supert å hekte minibordet av veggen slik at pappa fekk litt skriveplass, han også. No er det lett å gripe til rett skjølpe når eg treng det, og eg kan halde stemmejerna til venstre og filene til høgre. Ikkje at eg rotar mindre, men det s e r  i alle fall ut til at eg har meir orden. Og då er det større sjanse for at kona stikk nedom med ein kopp kaffi når det lir mot kveld. Der kan noko av motivasjonen for tiltaket liggje.

 

Men no må eg skrive om noko som eg synest er tungt og vanskeleg. Slike ting finst også i livet til ein stipendiat.  Sminkekosten.  Ja, du las rett.  Sminkekosten. Denne tingesten har no fast plass på arbeidsbenken min, sjølv om eg ofte gøymer han bort når kundar kjem innom. Kva ville dei elles tru? Ein vaksen mann på snart femti år. Med sminkekost.  Nei, eg har ikkje kjøpt han sjølv, det torde eg ikkje. Kven skulle eg i så tilfelle ha kjøpt han til? Katten? Nei, jammen er det godt å ha ei kone som ein kan sende i veg når det trengst. Vel, det har seg slik med sminkekosten: Når eg skal felle inn detaljar i tre, må eg sverte delane for å vite kor delen klemmer i trevirket, men å få sota på detaljen i eit så tynt og jamnt lag som mogeleg, er ikkje enkelt. Vanlege børstar, uansett kor mjuke dei er, klarar ikkje å finfordele sverta.  Men sminkekosten klarar biffen, for busta har god spenst og er så mjuk i tuppen at sotet legg seg på delane endå tynnare enn om eg skulle ha brukt sotlaget frå eit stearinlys eller frå ein parafinlampe.  Sminkekosten er genial.

Og som ikkje det var nok: No har eg attpåtil  perfeksjonert konseptet opp eit heilt hakk: Sist veke tjuvlånte eg nemleg den elektriske  kaffikverna oppe på kjøkkenet og malte opp noko fin bjørkesot. Denne fekk eg tak i då eg opna sotluka i kjellaren og fann meg ei lommelykt: Med ei murskei fekk eg  skrapa ut det kostbare stoffet av skorsteinen. Dette vart suksess:  Då eg tok med meg bøtta opp på kjøkkenet vart sota  nemleg så fin som eg aldri har fått henne før, nesten som støv.  Heilt utruleg. Ikkje den beste merkefargen i verda festa seg så godt til ting og tang som finpulverisert sot. Vanskelegare vart det å få kona til å dele entusiasmen min då ho kom heim frå arbeid same dagen:  Først såg ho meg, så såg ho kjøkenet, så såg ho gardinene. Deretter vart ho heilt still, før ho sette seg ned på ein stol med hendene i andletet.  Og så gret ho.  Det gjorde ikkje saka betre då eg kokte ein kopp kaffi for å trøyste henne. Vel, uansett, fargen var det ingenting å seie på.  No er eg, som de sikkert forstår, attende i kjellaren.

Me er enno gift, og det er eg glad for. Koner er fantastiske vesen.  Dessutan, korleis skulle eg elles ha fått tak i sminkekosten min?

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...