logo

I regnskogen

Publisert:
09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det har roa seg i bygda no. Borte er duren frå speedbåtar, motorsyklar og mikrofly. Fellesferien er over. Finvêret også, forresten. No har regntida byrja. Utan tvil. Og her snakkar me ikkje om byger. Nei. Det er jamnt, seigt regn, av den sorten som gjer deg ordentleg våt.  Skikkeleg vestlandsmonsun i lummer ettersommar. Ute dampar det av jorda.  Trostungane herjar som besett i blåbærbuskane og fyk forskremt opp når eg eller katten uforvarande trør for nær. Lufta er fylt av lukta av mose og sopp. Stemninga er uverkeleg.  Det er nesten som eg ventar å sjå ein halvnaken indianar med blåserøyr og trepinne gjennom nasa kikke fram mellom to sprakebusker med ein apekatt lett slengt over venstre skulder.  I kommunen vår er heldigvis dei fleste apekattane inne.  Det gjeld i alle fall for dei to som held på i ein kjellarverkstad med siste hand på skjeftet til luftrifla. 

Apekattane, det vil seie Bent Erik og eg, har hatt det travelt. Ikkje at det er noko nytt, men no er det berre litt over ein månad til me skal vere ferdige. Ikkje har me fått prøveskote rifla med skjeftet på og den nye slagfjøra heller. Det burde gå bra, men heilt sikre er me ikkje. Uansett, om det smell eller ikkje, så vert det eit stilig våpen. Kanalane på sida av pussestokken lagar me med spesialverktyet frå sist, men for å lage eit reint og skarpt spor skrapar med det ut med framsida på ein akslingsbit. Den skjerande egga er eigentleg berre roa eller graden som oppstår når me filar akslingen i front. I prinsippet  er det eit uhyre enkelt verkty, men særs effektivt:

Ei anna sak er kor plant og rett skjeftet er. Sjølv ørsmå humpar eller søkk vil stå ut som svære haugar eller monstrøse buler når skjeftet er ferdig, så det er viktig å få desse ut. Første våpen i arsenalet er ei lang, finhogd fil. Etterpå er det å nytte fint smergellerret stifta fast på lange, rette lister. Eg laga dei av avkapp eg hadde frå nokre benkeplater. Men korleis får ein reinsa smergelduken når porene i papiret går seg fulle? Eg har funne ut noko lurt her: Skrubbe duken med ein neglekost godt vætt i raudsprit. Slik held ein også nøttetreet reint og heilt fritt for feitt. Spriting er vorte riktig «in» i desse tider, og at det også gjer susen i trearbeid, kan eg skrive under på.

Siktemidla er også eit interessant kapittel: Baksiktet var laga av eit stykke stål med eit enkelt v-hakk i. Men kvifor alt arbeidet med dekoren i framkant på siktet? På eit militærvåpen? Det er noko som seier meg at handverkarane prioriterte annleis før. 

Framsiktet filar eg ut av eit stykke messing og feller det inn i løpet med eit svalehalespor. Etter støypinga av låskassen fekk eg nokre akslingsstumpar til overs som kan duge som emne. Det siste eg gjer er å kappe siktet av akslingen:

Siktet feller eg så inn i løpet. Svalehalesporet er berre litt over ein millimeter tjukt, så her må alle flatene fuge godt. Med ei fin trekantfil vert dei siste hundredelane filt inn:

Siktet held eg noko høgt i starten og ventar med å file det ned til eg startar med innskytinga av våpenet.  Er framsiktet høgt, vil våpenet skyte lågt. Di meir eg filar av, di høgare må eg rette pipa og di lengre opp vil treffpunktet gå.

Det siste som skal gjerast før me prøveskyt, er å fintilpasse delane til mekanismen i skjeftet. Stokken gjer nemleg meir enn å omslutte låsen, han skal også gje nok støtte og føring til dei bevegelege delane, men utan å hemme dei i nokon grad. Her snakkar me om balansegang:

På venstre sida av skjeftet skjer me ut ein halvsirkel, slik at me kan sjå inn på låsen når han er montert i stokken. Berre slik kan ein finne ut korleis delane vil røre seg når slagfjøra er montert og systemet operativt. Dersom regnet snart gjev seg, så kunne me snart tenkje på å teste ut galskapen.

Men ute dundrar det ned. Vêret har brått skifta frå jamnt siperegn til kraftig ausevatn. Enden på stuprenna på hjørnet ser mest ut som ei fontene. Og slikt kallar me sommar. Men Bent Erik veit råd: Katten legg eine labben godt over øyra og grev snuten langt nedi ullpleddet. Det er ein god strategi. Skulle ynskje eg kunne gjere det same, men no må eg lage opp nokre pakningssett til trykkflaska. Jammen godt å ha nok innearbeid. Når det er monsun i dei vestnorske regnskogane er det berre eitt å gjere: Skalke lukene….

Se også

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...

Illusjonar...

06.05.2020

…kan vere så mangt. Det er ikkje alltid ting er nett slik dei ser ut som.