logo

«Hvor saare lidet vil der til…

Publisert:
16.09.2019

«….for lykkelig at være. Et muntert sind, en piges smil, en ven som gjør dig ære.» Eg lurar litt på kva salige prost Jens Zetzlitz hadde sagt om han hadde ridd seg ein tur frå Kviteseid og sett Seljord under Dyrskun…

«Nitti tusen menneske! Nitti tusen, Inger!» Eg sit bak rattet i ein fullasta Land Rover Defender og kjenner eg er litt oppgira no. Inger og eg er nemleg i Seljord og skal fronte tradisjonshandverk på Dyrskun.  Bilen vår sikksakkar seg gjennom den vanvittige folkemengda framfor oss, fullasta i bord, brosjyrar, våpendelar og verkty. Målet er å vise fram prosjektet vårt, rekonstruksjonen av Girardoni M 1780. Dersom det er så mange innom, er det vel nokon som vil interessere seg for det me har å vise fram også?

Vel, ikkje alltid. Konkurransen er hard mellom rjomegraut, spekemat, boblebad og bodylotion. Me har rigga stand på tunet til Sterke Nils mellom smedar og hovslagarar, flinke folk frå Norsk Linforening og ein dyktig treskjerar. Godt å vere saman med andre handverkarar, tenkjer me. På bordet vårt ligg det blanke, åttekanta rifleløpet og glinsar i sola saman med låsdelar i stål og messing.   Det er no det gjeld: Me gjer oss klar til dei fyrste gjestane.  Men kva er det som skjer? Folk går rett forbi plakatane våre og strenar vidare mot godtebodar, lykkehjul og raudvinspølser. Eg ser på Inger: Har me gjort noko gale?

Endeleg: Der kjem det ein: Han er liten og rund, litt hjulbeint, men med stø kurs mot standen vår. Dette lovar godt, tenkjer eg, smiler og bur meg på å ta imot han: Han ser ikkje meg, berre det blanke rifleløpet som ligg og skin i haustsola, går bort mot plakaten «Vennligst ikke rør gjenstandene» og vert ståande og stire.  Ikkje eit ord. Eg skal akkurat til å strekkje ut neven og presentere meg, men før eg veit ordet av det, har mannen allereie bora langfingeren godt inni munningen på rifla. Så knip han att augo, nett som katten, og snur prøvande på fingeren medan den lyseraude tunga stikk litt ut av høgre munnvik.  Er det noko han leitar etter inni der? Spesielt, tenkjer eg i mitt stille sinn. Veldig spesielt. Er det slik ein får kontakt her i Vest-Telemark?  Med fingeren fyrst? Mannen tørkar av den siste klatten med rjomegraut frå munnviken med handbaken, gløser uinteressert opp på meg, snur så på hovudet og vaggar vidare. Det ser ut som han har skifta fokus, no vraltar han i retning av ei stakkars Telemarksku litt lengre utpå tunet som ikkje anar kva ho har i vente.  Sjølv er eg svært overraska over å ha fått flytta mine intimgrenser på så radikalt vis ein fredag føremiddag i Seljord sentrum og kjenner meg enno litt paff. Så bråvaknar eg av eit hissig brøl: Ein laftearbeidar bak boden som enno ikkje har oppdaga at det finst slike ting som øks og bile, fyrer opp ei Stihl motorsag så eg ikkje eingong kan høyre kva eg sjølv tenkjer. På andre sida er det hjorteparteringsshow med eit par kjendisar og ein kokk eg aldri har sett før. Kva er det som skjer? No treng eg hjelp: Eg rettar eit fortvila blikk mot himmelen, faldar hendene mine og ber: «Kjære Far i Himmelen, eg veit at eg skal vere ein del av Din Store Plan. Men kvifor har Du sendt meg hit? Til Seljord?»

Det tek tjue sekund. Så får eg svaret: Midt på sletta kjem han gåande, smilande, rett imot oss: Han har mørkt hår, brune augo og er kledd i kjeledress med knallgule striper. På hovudet har han ein svart cap med merket «Tajfun» i lysande gul skrift. Eg skal til å opne munnen, men får ikkje ut eit einaste ord. I staden høyrer eg ei fast, men venleg røyst på engelsk med tydeleg slovensk aksent: «I know this rifle. It is like the ones we have in National Museum. In Slovenia. « Dette er uverkeleg:  «In L…..ljublana?», stotrar eg fram medan nordvesten piskar rundt bua og løyner gledestårene som renn nedover kinnet mitt.  Han tek meg i handa, smiler endå breiare og seier: «Yes, back home. In Ljubljana. Pleased to meet you. I am Jozê.» Så fortel han at han sel skogsmaskiner her på Dyrskun, men at han kjenner fleire børsemakarar rundt Ljubjlana og at eg må seie frå når eg kjem til Slovenia. Han skal vise meg vegen.

Eg snur meg mot Inger med gapande munn og to hender i vêret. Inger smiler. Eg smiler attende. Dette er sterkt. Eg ser opp att mot den blå himmelen over Seljord etter at Jozê har gått og seier stille: «Du har sendt oss ein mann frå Slovenia, den staden i verda der dei siste Girardoniriflene er, dei finaste Girardoniriflene verda har sett, riflene til Contriner, Jean Baptiste Missillieur og Joseph Schembor. Takk, Herre!»  

 I mellomtida har det samla seg ein skokk med folk rundt boden vår. Og ungar. Ungar som smiler og ler. Me fortel om prosjektet vårt, om klokkemakaren og den mislukka flykonstruktøren Bartholomeus Girardoni , om keisar Joseph II som regjerte med mor si på slottet Schönbrunn,  om ekspedisjonen til Lewis og Clark og at det sannsynlegvis var luftrifla som fekk alle mann trygt heim att til St.Louis i 1806. Eg fortel korleis eg skamtrakka påskeliljene til kona den dagen eg klarte å støype min fyrste porefrie låskasse. Folk ler og morar seg, stiller spørsmål og er oppriktig interesserte i prosjektet vårt.  Fredagen går som ein røyk, laurdagen og sundagen også. Det vil liksom ingen ende ta på folk som vil høyre på det me har å fortelje. «Vil du sende meg til Ljublana, Herre?«  Eg slepp å vente lengje på svaret. Over plassen kjem Jozê. Med Tajfun-cap til meg….

Inger og eg traskar over Dyrskuplassen med sekkehjulet vårt då ho brått bryt ut: «Sjå, Alf, ein regnboge!» Javisst, det er regnboge over Dyrskun i dag.   Bak meg er det som eg høyrer orda til Jens Zetzlitz: 

«Jeg jorden skiøn, Gud god jeg saa, Som mig paa Jorden satte.»

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...