logo

Gucken wie ein Schwein ins Uhrwerk...

Publisert:
01.10.2019

I serien «gode tyske ordtak» er me komne til «å sjå som grisen inn i urverket». På norsk ville me kanskje ha sagt «ikkje skjøne bæret». Girardoni var klokkemakar, og det merkast…

 

«Bent Erik, kva gjer me no?» Ikkje ein lyd. Katten har lagt seg ute under epletreet og nyt haustsola. Dette er ein del av planen til Bent Erik. Ikkje høyre etter. Ignorere. Typisk. Det hjelper meg lite, eg må vere inne i kjellaren i finvêret og arbeide for harde livet. Dei siste to vekene har låsen vore det eg har tenkt på frå eg har stått opp til eg har lagt meg.  I prinsippet er ikkje mekanismen så komplisert. Tanken bak er å gjere ei sirkulær rørsle om til ei rettlinja rørsle: Når hanen slår framover, skal ei forlengjing av spennstykket slå inn ventilen og setje fri ein puff med luft som skal blåse kula ut av løpet. Slik er i alle fall teorien:

Systemet er nesten som eit lite urverk: Når avtrekkjaren «A» går bakover, går avtrekkshaken «B» opp og set fri hanen»C» og spennstykket «D», som står under press frå slagfjøra. Spennstykket, som har ei nase i sida, slår rundt og bakover. Nasa grip tak i ei skei»E» som er hengsla til ei nål»F» i enden og skubbar henne bakover gjennom låskassen og inn i ventilen »G». Ventilen opnar seg, komprimert luft strøymer ut gjennom kanalen i toppen av låskassen og inn i kammeret, der kula sit. Som i eit blåserøyr vert kula feia ut gjennom løpet.
Her er hanen spent og spennstykket er klart til å kaste seg bakover:

I neste bilete har me klemt inn avtrekkjaren og spennstykket treffer skeia:

Dette punktet er avgjerande: Her står nåla på sitt djupaste i ventilen. Ei bladfjør under skeia klemmer skeia oppover og syter for at spennstykket har kontakt med skeia heilt fram til den tangentiale kontakten. Når spennstykket har passert, vil mottrykket inne i flaska vil  presse nåla og skeia framover att, slik at skeia legg seg under spennstykket og ventilen vert avlasta. Me er klar til å spenne hanen på ny og gjennomføre skot nr.2, slik som på biletet under:

Likevel: Alle desse tinga må vere avstemte i forhold til kvarandre. Eg står framfor minst seks ulike variablar som kan skilje suksess frå fiasko:

1: Kva trykk er det i flaska? No er det nesten 50 bar i dyret, som i praksis er ein luftballong av stål, ein udetonert granat med ustabile skinnpakningar. Eventyret pakning er ikkje over, nett no kjennest det som om eg er kommen til andre episode av Hotel Cæsar. Og sjølve lufttrykket: 50 bar er like mykje som 725 pund per kvadrattomme, eller ca. 52,67kilo per kvadratcentimeter. Å ha fingeren framfor ventilen i det han opnar er som å ha fingeren under ein stiletthæl, med dame oppi…

2:Gjennomstrøyming: Kor stor er opninga mi i overløpet? Ho må vere maksimalt stor og vere maksimalt glatt for å lette luftgjennomstrøyminga. Det er ein krumm kanal som må borast, dreiast, filast, meislast og smerglast i fleire arbeidstrinn.

3:Vandringa til nåla: Kva er den optimale slaglengda på ventilen? Er slaglengda for kort, kjem det for lite luft i systemet. Er ho for lang, tappar eg tanken for mykje.

4:Slagfjøra: Dette er eit beist. Aldri, og no meinar eg aldri, har eg hatt ei sterkare slagfjør i hendene mine. Grunnen til at det er to hakk, halvspenn og heilspenn, er opplagt: Krafta som skal til for å spenne henne opp med eit handgrep er rett og slett gedigen. Er fjøra derimot for svak, klarar ho ikkje å løyse ut ventilen.

5: Vinkel og inngrep mellom spennstykke og skei: Kva er den gunstigaste vinkelen? Spennstykket bør treffe skeia når momentet frå fjørkrafta er på sitt største, og når er momentet størst?

6: Arbeidsvegen til hanen: Kva er den mest effektive vandringa til hanen? Vinkelen ligg på litt under 90 grader, meir har me ikkje å rutte med. Massen til hanen er med på å forsterke momentet, men kor bør hanen helst stå når han skal omvandle stillingsenergien i slagfjøra til rørsleenergi?

Eg kjenner det vert litt varmt under topplokket når eg skal tenkje på alt dette. Kjenner meg litt som grisen som står og kikkar i urverket. Bent Erik ligg framleis under epletreet og strekkjer på potane. Kanskje eg skal unne meg ti minutt i sola, eg også?

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...