logo

Girardonirifla, meir enn ei ertebørse….

Publisert:
01.02.2020

«…the most important historical gun in the entire history of the United States. «  Litt av ein påstand, men dette er faktisk orda til kurator Phil Schreier ved The National Firearms Museum i Fairfax, Virginia.  Eg gjekk saka nærmare etter i saumane og her er litt av det eg fann ut…

Litt av sjarmen ved ein regnfull vestlandsvinter er at det er mektig lite fornuftig å gjere ute. Arbeidsroa seinkar seg  og katten og eg er på plass i verkstaden. Tørr granved knitrar i peisen og kaffien er på kok. Det dampar av våt kattepels og fresemaskina durar og går. Eg har nett komme over ein interessant artikkel som eg har fått av våpenmuseet i Suhl og har funne ut at rifla vår har spelt ei stor rolle, ikkje berre i Europa, men også på den andre sida av dammen:

 

Året er 1803. Thomas Jefferson har allereie vore president i to år.  I Europa har krigane herja lengje no.  Som eit resultat er den franske statskassa snart skrapa til botnar og Napoleon Bonaparte ser seg nøydd til å selje Louisiana. Desse enorme områda vest for Mississippi kjøpte Napoleon av Spania tre  år tidlegare.  Britane har no bestemt seg for å gå inn i krigen att. England har vore alliert med Russland sidan juni 1801 og skal Frankrike ha ein sjanse mot ein knipetangsmanøver frå dei to stormaktene, treng Napoleon pengar. Og han treng dei  n  o . Jefferson grip sjansen han har venta på,  no er det h a n  som kan bestemme prisen: 15 millionar dollar gjev han for meir enn to millionar kvadratkilomer land. Det er ein sum på ca. 7 dollar per kvadratkilometer, eigentleg skillingar for eit gigantisk område som strekkjer seg frå elvane vest for Mississippi nord til skogane i Oregon og heilt vest til Stillehavet. Ingen tvil, dette er litt av eit kupp.  Men kva er det Thomas Jefferson har kjøpt? Kva rikdomar ligg der vest, kva for åkerland kan det vere der og er det hamner der vest? Kan han lage handelsruter mot Asia? Mange spørsmål reiser seg. Det er berre ein måte å finne det ut på, nemleg å ruste ut ein ekspedisjon: Privatsekretæren hans, kaptein Meriwether Lewis, tek utfordringa og får med seg løytnant William Clark og 37 mann. Troppen får namnet «Corps of Discovery» og legg ut i klinkbygde robåtar frå Camp Dubois ved St.Louis den 14.mai 1804. Den 23.september 1806 kjem dei attende, alle saman, bortsett frå ein som fekk infeksjon i blindtarmen under turen og ikkje var til å redde. Ekspedisjonen er ein kjempesuksess: Det har ikkje vore fiendtlege samanstøyt mellom dei innfødde og den kvite mann og store delar av det enorme området er no kartlagt.  Dette er eineståande i amerikansk historie: Korkje før eller sidan er det blitt gjennomført ein ekspedisjon på så fredeleg vis. Eit under, ikkje sant? Men korleis kunne det gå til?

Forskarar og litteraturvitarar har studert dagbøkene til Lewis og Clark, 13 bind med notat, skisser og kart etter ekspedisjonen. No er heile samlinga offentleggjort og prenta på ny av University of Nebraska Press under leiing av redaktør Gary E. Moulton i verket "The Definitive Journals of Lewis & Clark".  Dette er spanande lesing, og eitt er sikkert:

Clark og Lewis hadde med seg eit spesielt våpen på ekspedisjonen, ei luftrifle laga av Isaiah Lukens i Philadelphia. Rifla er svært lik M1780 til Bartholomeus Girardoni. Låsen har ein hane med litt ulik form utvendig og magasinet tek 21 kuler i staden for 20, elles er rifla nesten identisk. Ho er nemnd 39 gonger i dagbøkene, til og med på den fyrste sida, så det er ikkje tvil om at luftgeværet har spelt ei viktig rolle: Meriwether Lewis fortel om kor imponerte dei innfødde var over geværet som kunne skyte så ofte og så kraftig utan bruk av krut. Teorien er at dette verka avskrekkande og at dei innfødde ikkje kunne vite at ekspedisjonen berre hadde ei luftrifle og ikkje trettini. Eigentleg var det heile altså ein kjempebløff, eit show, det var indianarane som hadde overtaket heile tida.  Med tanke på at ekspedisjonen var undervegs i tre år var det sikkert også andre gode grunnar til å ta med seg ei luftrifle:  Det var knapt om krutt, og når båtane kantra eller etter kraftig regnvær måtte kruttet leggjast ut og tørkast i sola.  Kjøtgrytene måtte likevel fyllast, og det til ein tropp på  førti mann. Kvar dag. Eit kraftig luftgevær som Girardonirifla var truleg redninga under slagregnet som feia over slettelandet i vest.

Og ein ting til: No har eg studert dagbøkene til Lewis og Clark og ikkje funne noko om at luftrifla slutta å fungere på grunn av defekte pakningar. Det einaste eg finn, var at slagfjøra knakk og at smeden måtte laga ei ny fjør av ei gammal fil og fekk børsa til å fungere att. Nett det same opplevde eg denne veka. Men nett som Lewis og Clark, det er berre å finne seg eit emne og smi seg ei ny. Ei lita skrustikke laga me oss også, slik at me kunne spenne henne opp i låsen. No er me back in business, pus. No gler me oss til neste veke, då går arbeidet vidare med kvasse stemmejern og eikemodellen vår…

Livet som handverksstipendiat, det er eit eventyr, folkens...

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...