logo

Ei sak for Super-Gunnar....

Publisert:
16.04.2020

Korleis sliper me eigentleg verktya våre? I dag tek me ein kikk på stemmjernet  med innvendig krumming, vår ven skjølpa….

 

 

På NRK Nyheter melder dei i morgontimane at husdyra våre oppfører seg annleis no i desse heimekontortider. Papegøyar snakkar meir og kattar som er van til å vere ute trekkjer inn i huset og legg seg på skrivebordet. Bent Erik er ikkje noko unntak. Han er frustrert.  No er endeleg sola komen til Vestlandet og eg har ein firbeint assistent som vil ut, sjølv om det er fullt opp å gjere inne. Men -  som elles i livet, arbeidet fyrst.   I dag står mellom anna verktysliping på programmet. Det er eit kapittel for seg. Eg står her og skal felle inn underbeslaget mitt og undrar meg: Korleis gjorde dei  slike ting før?  Det var mange ulike radiar som måtte på plass og det måtte skje snøgt og effektivt, skulle Bartholomeus Girardoni, Franz Colli og dei to sveinane deira klare å lage hundre rifler i året.  Hadde skjeftarane på Girardoni si tid femti ulike skjølper med ulike radiar? Det hadde vore ein typisk tysk måte å tenkje på, ein heil haug med spesialverkty. Likevel, hadde dei verkeleg det?

Eg trudde det berre fanst ein måte å slipe stemmejern på, eg. Det var før i tida, det.  Etter turen min til Suhl lærte eg noko anna: Børsemakarlinja oppe på den grønkledde åssida Lautenberg hadde nemleg eit utvekslingsprosjekt med fagskulen i franske St.Etienne nokre år før eg tok til.  Denne turen vart ofte nemnd i lystige lag, og det var ofte mykje humring då me brukte å samlast rundt bordet ein fredags ettermiddag, trøytte og slitne etter ei lang veke i verkstaden. Men kva var det eigentleg som var så artig? Kvifor lo alle?  Jau, det var ein grunn til det. Ein god grunn:

Sidan klassen skulle vere ved den franske børsemakarskule ei heil veke og det var mange fagfelt som skulle dekkjast, måtte klassen delast opp i mindre grupper. Ei gruppe skulle følgje systemmakarane (dei som laga låskassar), ei gruppe skulle følgje løpsleggjarane (dei som lodda piper), ei gruppe skulle vere med kikkertsiktemontørane og ei gruppe skulle vere med skjeftarane. Og det var i skjefteverkstaden i St. Etienne, ein onsdag morgon i mai, at det skjedde: Dei tyske elevane skulle slipe til nokre stemmejern og skjølper. Jerna såg forferdelege ut. Dessutan var dei slipte feil veg, frå innsida og utover.  Dette måtte sjølvsagt rettast på. Då elevane saman med sin tyske lærar hadde slipt seg gjennom halvparten av stemmejerna, som no, utan unntak, nødvendigvis var vortne ein god del kortare, tenkte dei det var på sin plass å vise fram resultatet. Elevane var temmeleg stolte, læraren deira også: Saman hadde dei brukt timevis på opprettinga av jerna, for det var litt av eit arbeid: Likevel, no stemte endeleg  vinklane. Ganz genau. Dei franske skjølpene var kvasse og  nypolerte.  Den franske skjeftemeistaren  såg  så på resultatet, men sa ikkje noko.  Så såg han på den smilande, tyske børsemakarmeisteren i fotsid kittel saman med dei stolte elevane sine i lysegrøne selebukser. Franskmannen sa framleis ingenting .  Så såg han på jerna sine. Det var då gråten tok han: Han strigret. Hulka. Eit vakse mannfolk på over femti.  Med hår på brystet. Gråtande framfor ein heil skuleklasse.  Det er sterkt, det.  

Grunnen til denne forløysinga i gråten fekk  tyske  Ingo Rottenberger snart greie på då han prøvde å trøyste sin franske kollega, som no hadde sett seg på ein stol med ein stor lommeduk i fransk flanell.  Skjølpene var nemleg slipte   f e i l   vei. Dei   s k u l l e   slipast frå innsida og ut, ikkje frå utsida og inn, slik dei no var slipt.

Dette var den gongen medisinskapet måtte brytast opp og ekstraflaska med Jägermeister hentast fram. I slike kriser er det berre eitt som verkeleg hjelper: Alkohol. I store mengder.

Nei, rett slipt verkty er viktig. Men kva er rett slipt? Når eg er hjå andre børsemakarar i inn-og utland, kikkar eg ofte på korleis dei slipar til verktyet sitt. Dei fleste slipar mykje likt slik skjølpa vart levert frå fabrikk, men ikkje alle: Skjeftemeistarane oppe på Suhler Jagd-und Sportwaffen GmbH gjorde det annleis: Dei slipte skjølpene konisk:

 

Ovanfrå vert skjølpa sjåande slik ut:

Med eit slikt slipt jern kan ein skjere fleire ulike radiar med same skjølpe, så lengje ein ikkje brukar heile egga. Her er ei svært spiss og krumm skjølpe til detaljarbeid:

Denne skjølpa er fantastisk på tronge stadar, som her i utsparinga til underbeslaget, som kjennest nokså kronglete med dei mange ulike radiane.

Men korleis gjer ein det i andre handverk? Er det andre der ute som sliper jerna sine annleis? Heilt sikkert. Skulle gjerne ha høyrt korleis andre trehandverkarar gjer det. I mellomtida får eg lære litt av Super-Gunnar. Aktivere superobservasjonskreftene mine. Eller kva seier du, Bent Erik? Du veit, Super-Gunnar versjon  2.0:   Han observerer. Han stiller spørsmål. Han undersøkjer…. Er du klar for episode 7? 

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...