logo

Det blir alvor

Publisert:
05.03.2020

Somme dagar snur det meste på hovudet.

Dei to siste vekene har vore travle. Bent Erik og eg har starta så tidleg at me har fått med oss vêrvarselet for både Ekofisk og Fladenfeltet før fyrste tekopp.  Sponhaugen veks, slipesteinen surrar og nøttetrestøvet ligg som nysnø over verkstaden. Messing-og ståldelar vert sjekka om alt er klart for innpassing.

Midt oppi alt det her er me litt urolege for det som har skjedd utanriks  dei to siste dagane:  Tenk om Tyrkia kjem inn i  militær konflikt med Russland etter det russiske luftåtaket?  Over tredve mann miste livet no i veka. Aftenposten skriv at open konflikt er noko den tyrkiske forsvarsministeren Akar vil unngå, men at situasjonen framleis er spent. På mange sett liknar det på situasjonen utpå seinsommaren i 1787, like før Tyrkia erklærte krig mot det mektige imperiet til Katarina den Store om morgonen den 19. august.  Rart, skal historia gjenta seg? Det håpar eg endeleg ikkje.  Tidleg på hausten  i 1787 stod Bartholomeus Girardoni i ein  kald verkstad i bydelen Penzing i Wien og kjempa med leveransen av trykklufttankar til keisar Joseph II. I dag står eg og kjenner på litt av den same kampen, kampen om å verte ferdig i tide.  Heldigvis er me komne heilt til skjeftet og heldigvis dreiar det seg om berre ei rifle. Nett no skulle eg gjerne spurt katten om kva han synest, men i dag har eg ikkje sett snurten av han. Merkeleg. Bent Erik er elles alltid på pletten kvar morgon klokka kvart på seks.

Jammen er det rart å arbeide med dei same emna i dag som det  Giradoni og Colli gjorde for to hundre og femti år sidan. Like rart er det at Bartholomeus truleg arbeidde med akkurat dei same verktya som eg arbeidar med i dag. Eg har alltid sett på det som spesialverkty til børsemakaren, men kan hende det er andre handverkarar der ute som kunne trengje det same? Kanskje det er atter andre som allereie har forbetra verktya eller løyser problema på ein annan måte? Det hadde vore spanande å vite. I alle høve, eg delar meir enn gjerne nokre av favorittverktya mine med andre handverkarar. Korleis skal me elles kunne utvikle faget vidare og lære opp nye generasjonar? 

Fotmeiselen, eller «Dog Leg Chisel» som han heiter på engelsk, «Fussmeisel» på tysk, er eit stykke sølvstål som er bøygd 90 grader, herda i vegetabilsk olje og anløpt til strågul farge over open varme. Sjølve foten slipar eg til på ein vasskjølt slipestein og brynar til slutt egga med finaste Arkansasstein. Med denne meiselen kan ein skave vekk små, innvendige hjørne snøgt og effektivt.

Så er turen kommen til bror til fotmeiselen. Dette er  sidemeiselen, «der Seitenmeissel»: Han er også laga av sølvstål og holslipt som ein kniv med ein eggvinkel på 20-30 grader.

Eg likar ulike eggvinklar, alt etter om treet er mjukt eller hardt, så eg har laga meg ein meisel med litt brattare egg i tillegg. Egga til meiselen lengst til høgre har eg slipt på skrå, slik at meiselen skjer på lag som ein høvel. Ei skrå egg gjer det også lettare å arbeide med meiselen vendt nedover, ettersom egga då står meir i rett vinkel på emnet. Dette verktyet har eg laga av ei gammal flatfil som eg varma i essa. Filstål gjev ei fantastisk egg som held seg lengje.

Til løpsarbeidet har eg også laga meg ei skrape med tre kantar på. Dette designet har eg ikkje soge av eige bryst, men rett og slett stole det frå  Peter A. Alexander i boka  hans «The Gunsmith of Grenville County», ei herleg bok med mange nyttige illustrasjonar om  tradisjonell riflebyggjing. Peter A. Alexander er del av den flotte delingskulturen me finn blant handverkarar i USA. Delingskulturen er  ein av dei tinga  som eg trur me med fordel kunne importere hit til Europa utan å ta skade av det. Her er verktyet:

Alexander kallar det «The Scorp», og eg finn ikkje noko norsk namn på det. Verktyet er ei fil med avrunda, polerte kantar oppetter sida. Ho er bøygd 20-30 grader, og enden er slipt skrå på tre sider med innbyrdes vinkel på 45 grader. Med andre ord: Her skavar eg av tre sider av det åttekanta løpet med ein gong. Vinkelen på handtaket avgjer kor djupt verktyet tek, slik at ein kan skave av små mengder i slengen og halde på ei glatt overflate. Her er det viktig at baksida er polert som ein spegel og at ein berre sliper framsida. Filstålet anløper eg også her til strågul før sliping på vasstein.

Skjeftet er godt på veg: Løpskanalen er bora, denne gongen med større hell. Spiralbor til metall fungerte mykje betre enn spiralbor til tre.

 

Emnet til skjeftet er grovskore etter malen:

Arbeidet med å felle låskassen ned i skjeftet er også i god gang. Dette er detaljarbeid. Prinsippet er å ta ut minst mogeleg, slik at heile systemet er omslutta av tre innvendig. Faren for skjeftebrott er då så liten som eg kan få han:

Og her kjem eit triks eg lærte av skjeftemeister Reinhard Ziel i Suhl: Kva for merkjefarge skal ein nytte? Blå merkefarge som me kjenner det frå pasningsarbeid i stål? Ofte vil det ikkje vise så godt som svart. Løysinga er å bruke sot, helst frå lauvtre. Sota bør siktast godt gjennom ein fin sil. Etterpå blandar du sota med bittelitt olje, ikkje mykje, berre nok til at sota heng på ein mjuk pensel. Matolje, t.d. solsikkeolje, fungerar supert. Kosten vert så forsiktig skubba mot emnet du skal merkje, som ein pudderkvast, slik at sota legg seg jamnt utover emnet i eit flortynt lag.

«Bent Erik, kor er du?» Eg tek meg ein tur ut døra for å sjå etter katten. Klokka lir mot tolv og det er tid for ein bete mat. Sjeldan at Bent Erik går glipp av slikt. Friviljug, meiner eg.

 Ute på tunet møter det meg litt av eit syn:

Det ligg haugevis med tjukke pelsdottar over grusplassen. Kvite pelsdottar. Då går det opp for meg:  Det er Luftwaffe som har vore på ferde.  Jaudå. Over meg, på den blå marshimmelen, siglar ei vaksen havørn på stive vengjer. Og ho er ikkje åleine. Det er ein heil liten skvadron der oppe i lufta. No i vårknipa, før sauene kjem i lemminga, då er det knapt om mat. Då trekkjer ørna ut til kysten, naturleg nok. Likevel, der og då kjenner eg meg litt avmektig.  Det smakar bittert.  Ja, eg visste at både handverkarar og lærlingar vart jakta på. Men det var av skattevesen og styresmakter.  At den vesle sveinen min brått skulle rivast bort på denne måten tenkte eg ikkje ein gong.  Kva gjer eg no? Trøyste meg med tanken om at det kanskje ikkje var Bent Erik likevel? Det k u n n e  ja ha vore nabokatten, Carl Ivar,  i det han prøvde seg på ein vårleg offensiv mot matskåla til Bent Erik. Vel, korsom er, ingenting å gjere med det. Men det må likevel vere nitrist å hengje tredve meter oppe i lufta i strålande vårsol med halen beint ned og sjå varm verkstad, ullpledd,  panelovn og full matskål sigle bort i det fjerne. Det set det heile i eit anna , ja, kva skal me seie, perspektiv.

Nei, fram med kaffien. No treng eg jammen noko å styrkje meg på.  På med radioen for å få tankane over i andre spor: På P1+ ringjer lyttarane inn musikkynskje for dagen:  Vera Lynn. «We’ll meet again « . Vaksne folk på nesten femti burde ikkje gråte. Men i dag er det lov.  Flyangrep er brutale greier.  Og kvardagen kan vere beintøff. Men kva skal ein gjere?  Kanskje på tide å rigge opp antiluftskytset? Sånn i alle tilfelle….

«…Keep smiling through

Just like you always do'

Till the blue skies drive the dark clouds far away….»

 

Nemleg.

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...