logo

"Deilig i dårlig vær...

Publisert:
19.10.2019

...da smeller det så det drønner her..."

«Bent Erik, har du sett postmannen?» Ikkje eit svar. Bent Erik ligg på den blå kontorstolen, strekkjer på potane og geispar før han legg snuten under halen. Han høyrer på favoritthøyrespelet sitt, «Dickie Dick Dickens, den farligste mann i Amerika» og tek livet heilt med ro. Det gjer ikkje eg. Eg er faktisk litt uroleg:  No er det over ei veke sidan eg  såg det trufaste landpostbodet vårt. Eg prøvde å vinke til han, men fekk berre eit kort glimt av ein lynkjapp funksjonær som kasta seg inn i ein raudlakkert Caddy  og spann rundt svingen så sand og singel spruta. Merkeleg. Kanskje berre han hadde det veldig travelt. Avisene skriv at Posten held på med ein omfattande omstruktureringsprosess, og då knip dei sikkert inn på rutene også, kan eg tenkje meg.  Det er synd. Eg likar å få post. Og  ein ting til: Kvar er alle joggarane våre vortne av, Bent Erik ?  Rart. Eg ser ikkje ein einaste ein eg no om dagen.  Jaja, me er no i oktober, og sommaren  og joggesesongen er no eigentleg over for i år, så…

 

Vel, uansett, me har andre ting å tenkje på:  I snart to veker har Bent Erik og eg hamra og skote med Girardonirifla. Det har vore heilt magisk. Å skru lufttanken til, spenne hanen og brenne av, det kjennest godt heilt inn i sjela på ein handverkar etter to år med hardt arbeid.   Dette fungerar! Bent Erik, er du klar over kva me har fått til? Me har laga ei rifle som skyt ut blykuler frå ein ståltank med komprimert luft som me har smidd sjølve. Ikkje eit gram krut! Er ikkje det tøft? Og me kan spenne hanen og brenne av på under tre sekund. 23 smell på eit minutt er rekorden. Bent Erik og eg har lege i hardtrening i hagen, plaffa luft og simulert krig mot det osmanske rike.  Når me no snart får laga eit magasin vert det eldkraft her på huset…

 

Det som plagar oss, er likevel farten.  Kulene går ikkje så fort som dei skal ha gjort for 240 år sidan. I 1780 skal Girardoni ha klart ein fart ved munningen på om lag 200 meter per sekund. Men korleis målte dei munningsfart på den tida? Ikkje veit eg. No for tida nyttar me kronografar, elektroniske maskiner som registrerar  når kula passerar to sensorar og reknar ut tida mellom dei to passeringane. I dag er det lett.  Likevel, eg får berre 80 til 90 meter per sekund, og det er ikkje mykje å skryte av, reint ballistisk. I 1820 hadde det dansk-norske forsvaret den same utfordringa og ga opp då dei ville innføre danskbygde kopiar av Girardonirifla i militæret.  Dei klarte 100 meter per sekund. Ein tanke slår ned i meg:  Kanskje eg skulle ha brukt eit anna smøremiddel på kulene? Eg fyrer opp primusen og går i gong med ein runde kulestøyping:

 

Gamle kuler i reint bly vert smelta om og snart har eg ein haug med skinande rundkuler i kaliber .457 , nesten som ein haug med klinkekuler:

Men kva feitt ville Girardoni ha brukt? Det ligg ein boks med usalta smaletalg på verkstadbenken. Talg er ikkje berre godt mot gnagsår, det tettar også godt og vart ofte brukt som smøremiddel for kuler i munnladarrifler. Hm. Tid for å teste ut.

Eg riggar til min tyske kronograf på eit bord i hagen, spenner opp rifla med pipa i ei tvinge frå Biltema og ladar med ei rundkule frå munningen. Bakgrunnen er ein røsleg furukubbe litt lenger nede i hagen. Rikosjett kan vere ei plage når kulene går så langsamt. «Klakk -huiiiii» plar det seie, ein gong small ei rundkule inn i tujatreet rett ved postkassen min.  Klok av skade parkerar eg bilen på ein trygg stad, bed ei stille bøn til Vår Herre om at han vil spare glasrutene i huset og finn så fram hjelm og vernebriller. Bent Erik har gått i dekning i vedskjulet og kikkar spent ut gjennom kattedøra.

«Kaboom-patsj» seier det.  Kvit røyk stig ut av munningen. Eg kikkar på kronografen:

121,9meter! Jippi! Og det på 30 bar! Fullt trykk skal vere 50 bar, men då får eg ikkje løyst ut ventilen. Kva er det som gjer det? Er det slagfjøra som er for svak eller er det slaglengda som er for kort?  Eg tek ein meisel og skavar ørlite av låskassen i bakkant, Såleis  vert vandringa til ventilnåla  bittelitt lengre.

Det er berre snakk om ein kvart millimeter, men eg er spent på utslaget. No er rifla kvassare i målet: Smellet er som ein piskesnert. Oj. Eg kjenner det suser i øyra etter at eg har klemt på avtrekkjaren. Det må vere eit godt teikn. Kva er det kronografen viser?

137,2meter per sekund! Det er jamt 500 kilometer i timen, det. No byrjar det å likne på noko. Og ingen rikosjettar heller. Kulene har bora seg godt inni furustammen:

«Bent-Erik! Du kan komme ut no!  «Ikkje ein lyd frå vedboden. Katten ligg sikkert framleis i dekning etter siste kanonade. «Bent-Erik! Kaffipause! Whiskas!»  Då skjer det noko: To små svarte øyre stikk opp over vedstabelen.  Ordet «whiskas» har ein magisk effekt: Mat! Ein glad katt kjem stormande fram i fullt firsprang bortover mot verkstaddøra.  Eg ser på han med eit stolt blikk og seier: « Bent-Erik, dette var 500 kilometer i timen. F E M H U N D R E !!! Dette må feirast. Kva skal me gjere? Skal me syngje litt i lunsjpausen? Skal me syngje den songen som du likar så godt?» Katten ser opp med eit litt tvilande blikk. «Du veit, den songen som du vil syngje kvar gong Carl Ivar har tissa i dørsprekken og det er du som får skulda for det? Chicago? Frå Dickie Dick Dickens?»

«Mjau», seier Bent Erik. Det tolkar eg som eit «ja»…..

 

                                             

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...