logo

De nære ting...

Publisert:
20.06.2019

Festeplata  i låsen kjem under lupa…

«Pus, legg frå deg det der!» No er eg litt streng med Bent Erik, han ligg på verkstadbenken og drøymer seg bort i feriereklamen som er kommen i posten. Ute regnar det. Nei, det regnar ikkje, det styrtregnar. Klart det, me er no i juni månad. Ibiza, Mallorca, Bahamas. Ja, ikkje sjå slik på meg, Bent Erik.  Klart det hadde vore freistande med ein ferietur. Men det har me ikkje råd til. Me treng girolje til dreiebenken vår. Tredve liter, pus. Og meir Whiskas, nokon har vore og plyndra kattefatet. Det merkast at nabokatten Carl Ivar er attende frå Hemsedal.

I det siste har eg tenkt ein heil del: Eg står og tenkjer på korleis Girardoni ville ha løyst saka med festeplata i låsen: Festeplata er ein viktig del. Ho tek opp spennstykket på baksida og skal vere ei opplagring for slagmekanismen. At denne delen vert perfekt har nesten alt å seie.

Er ikkje plata perfekt vil ikkje låsen fungere. Girardoni og Colli laga over tusen rifler saman med sveinane sine, dei må ha laga ein fikstur, ein jigg eller noko…Eg tek ein kikk på eit foto eg  tok av delen i museet i Suhl.  Dette er ei lita nøtt...

Så lagar eg meg ein papirmal  av skissa mi som eg limer på eit stykke papp, kontrollerer alle mål og skjer han til før eg kopierar malen på ei tynn stålplate. Det viktigaste no er å få boringane på rett stad.

Etterpå filar eg ut malen i filkloa mi:

Så loddar eg malen på eit stykke stål i kvaliteten C45, denne legeringa kan herdast etterpå. No kan eg setje boringane mine i emnet. Lupe må til, her er det snakk om  «de nære ting», eg snur på den vesle spiralboren og ser at eg er midt i boringa til malen:

Framre del har ei utsparing med ein konkav radius som ser ut som han er innfrest. Innfrest? Hadde Girardoni fresemaskin? Nei, ikkje det eg veit. Eli Whitney i USA var ein av pionerane på dette området, og han kom ikkje i gong med sine maskiner før etter 1800. Så korleis løyste Girardoni det?

Katten går og stryk seg oppetter den tilårskomne dreiebenken. Det er sannsynleg berre fordi han er varm. Men så klart! Girardoni  d r e i a  denne utsparinga.  Korleis skulle han elles ha fått det til?

Med bakkskiva er det ei smal sak å spenne opp rektangulære emne: Eg brukar senterspissen for å sentrere rundt boringa og sliper til eit innvendig dreiestål. Låg fart og forsiktig mating må til for å unngå at skjera får for mykje trykk, for stålet går inn og ut av emnet heile tida og gjer eit "brote kutt" som me seier:

No er det litt saging og filing att, så er grunnforma til festeplata ferdig. Men ein ting har eg bomma på: Radiusen eg har dreia ut er ørlite for liten. Kva gjer eg no?  Halen til pus går att og fram, han ser ikkje problemet. Akkurat. Og det er fordi det ikkje  e r  noko problem. Det er berre å lodde plata på eit stykke stål og spenne henne opp igjen etter senter:

Av og til er det fantastisk å vere i verkstaden. Somme gonger er det endå betre. Som no. Ute skin sola og ein varm sommarbris stryk varsamt inn gjennom verkstadglaset.  Eg kikkar bort på Bent Erik:  Katten ligg i glaskarmen, halen går att og fram i takt med musikken. På NRK Hordaland er det Kurt Foss og Reidar Bøe som syng:

«Gå inn i din stue,

hvor liten den er,

så rommer den noe

ditt hjerte har kjær.

På ropet i skogen skal ingen få svar.

Finn vegen tilbake til det du har.»

 

 

«Bent-Erik? Gløym Ibiza!»

Katten nikkar.

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...