logo

Bortskjemt

Publisert:
17.01.2019

Mørkt ute, men lyst inne….No er dagane så korte at det er stupmørkt når eg  går i verkstaden og stupmørkt når eg går derifrå. Men inne skin den elektriske sola i gassrøyr og nymotens LED….

Eg har tenkt litt på det der: Korleis klarte Bartholomeus å produsere så mykje når dagane var så korte og dagslyset forsvann? I verkstaden min har eg elektrisk lys, ein varmeomn og til og med ein kaffikokar. For ein luksus. Men om straumen forsvann, kva gjorde eg då?

Tysdag morgon. 05.40.: Som vanleg er Alf i liggjande stipendiatstilling. Golvet på soverommet er iskaldt. Under tjukke dyner ligg fruen og kan sove eit kvarter enno. Stipendiaten nyttar høvet, tek eit modig byks, landar med to plattføtter på tregolvet og  klaprar seg nedover linoleumstrappa på lag som ein  giktbroten gekko. Langt der borte, ein eller annan stad i den grå disen inne på badet,  skimtar eg vasskrana.  Kaldt vatn i andletet. Herleg! To glas sitronsaft på styrten, fire tørre vedskier i omnen,  litt never, fyre opp.  Alt er laga til, også matboksane med drikkeflasker til ungane, så no kan eg starte dagen. Kvelden før har eg laga ein plan: Skjere  til plater for fem trykklufttankar og fem rondellar til kuplar. Ungane søv enno, så eg kan ikkje sveive i gong den store vinkelkuttaren min. Då vert det væpna revolusjon.  Men eg kan dreie ringar og leggje ut malar til platene,  no veit eg at alle mål stemmer.  Saft suse, det er ei gåve å kunne starte dagen så tidleg.  Perverst godt morgonhumør kallar kona mi det.  Sjølv nærer eg ein gryande mistanke om at handverkarar før fekk meir ut av dagen.  Girandoni, kva seier du?

Vel, tid til litt lauvsagearbeid i kjellaren:  Ringane i front har nemleg eit snitt som gjer at dei kan klemmast saman. Snittet er lauvtynt og eg har vore på røvartokt i skuffa til gravøren min for å finne dei tynnaste blada frå tyske Fischer. I krig og kjærleik er alt tillete. Nesten alt. Dersom kona får fotmassasje i kveld gløymer ho at eg har rana verkstadbenken hennar.

Ringane i front lagar eg av EN8 , det er mjukt stål, nesten som jern å rekne, og så nært det materialet Girardoni brukte som mogeleg.  Ein liten dreiebenk frå tyske Rotwerk har eg til å lage ringane. Om firmaet er tysk, så er benken kinesisk. Typisk, ikkje sant? Mange hevdar at kinesisk  ikkje er nøyaktig nok, men det har eg vanskeleg for å tru. Eg trur heller at folk i dag er bortskjemte.  Og eg er ikkje noko unntak. Full i fordommar er eg også. Alf, du bør skjerpe deg.   Var det ikkje kinesarane som oppfann kruttet? Eg monterar  eit måleur og rettar emnet opp etter boringa.  Spindelen går  innanfor 1/100mm. Det held.

 Girardoni hadde ikkje elektrisk dreiebenk med elektronisk turtallsregulering, hans benk var nok pedaldriven, truleg hadde han laga mykje av benken sjølv også.  Likevel klarte han å plandreie, lage konus og skjere gjenge. Eg har prøvd ein slik benk før, under læretida mi i Tyskland. Det var rett og slett vanskeleg.  I starten hadde eg meir enn nok med å få spindelen til å gå rett veg, etterpå hang tunga ut av munnen då eg prøvde å halde konstant fart.  ( I samband med pedaldrivne dreiebenkar er det ein klar fordel å halde tunga klar av chucken, red.anm.) Korleis fekk handverkarane  det til  å koordinere føter og hender slik?  Korleis klarte dei å halde spindelen med høgrefoten i  rett tempo  over tid medan dei med to hender konsentrerte seg om sleideføring, mating, korrekte mål og rett overflate? Det må vere  lettare å spele Foggy Mountain Breakdown på femstrengs banjo og vaske kjøkkengolvet samstundes. Heilt ærleg. 

Sponhaugen vert større og større. Ungane burde snart stå opp no, tid for frukost.  Over meg  knitrar og knest  det i omnen, sikkert varmt nok  i stova  for små barneføter.  Bak lerketreet i tunet  kan eg skimte ei guloransje stripe av lys, det er sola som gjer seg klar til å kikke over kanten eit kort bel før ho forsvinn  bak horisonten att.  Få frukost i ungane, følgje dei på bussen og fyre opp vinkelsliparen frå tyske Metabo på 2000 watt. Det er planen. Men kva gjorde Girandoni? Delte han ut baufiler til sveinane sine? Eitt hundre luftflasker i veka var produksjonsmålet.  Den same tida  brukar eg  på å lage til emner til f e m .  Alf, du har eit stykke att før du får dette til.  M e d  elektrisk verkty….

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...