logo

Bent Erik reddar dagen

Publisert:
28.03.2019

”Digteren sukker over sin Skjebne, tenker paa, hvor lykkelig han nylig var, og sammenligner sig meget passende og net med den bladløse Birk, til hvilken han støtter sig.”

Nettopp, Nicolai Wergeland! Slik hadde Henrik det, og slik har me det i dag. Men ein ekte stipendiat gjev ikkje opp. Gje opp? Kva er det? Henrik Wergeland gav ikkje opp  sjølv om Welhaven gav han det glatte lag, så kvifor skal me kaste inn handkleet?

Eg bråvaknar. Klokka er 04.45 og eg vaknar i kneståande stipendiatstilling, med raggsokkar,  grøn ulltrøye og fire-fem hårstrå  på stipendiatskallen  som svaiar i takt med soveromsgardinene og stormen frå sørvest.  For eit vêr!  Vinden piskar mot glaset . Det har vore ei tøff natt, eg  har hatt mareritt om lekkasjar i ventilhuset på trykkluftflaska.  Og ikkje utan grunn:  Gårsdagen var ein kamp mot tetningsmateriale. Kvar gong eg laga ein ny pakning, dreia han til og tilpassa han, fekk eg  ein uynskt flatulens  frå flaska. Ufint.  Lufta sig ut, sakte, men sikkert. Pfffft….

 

Attende til kjeldene: Eg tenner lampa på skrivebordet i kjellaren og finn fram artiklane som Klas Kronberg  frå Armémuseet i Stockholm kopierte for meg:  Hmm, her må det visst stå:  Walter Hummelberger og Leo Scharer siterar den austerrikske artillerikomiteen frå eit skrift datert 24.desember 1788, ni år etter at modell 1780 kom i bruk: ” Ventilen blir difor kledd med skinn, for at ikkje flaska så lett slepper luft; til dette bruk er moskovittisk juftelær  det mest eigna materialet.”

Moskovittisk juftelær? Det har eg ikkje på lager. «Jufte» er russisk og tyder «par». Aha, dette har med sko eller støvlar å gjere: «Juchtenleder» er visst kalveskinn garva med bork frå pil, selje eller bjørk og seinare impregnert med bjørketjøre og selfeitt,  eit spesialprodukt til overlær på støvlar.  Dette var visst ei russisk oppfinning med ein sær odør,  Austerrike importerte dette spesialskinnet frå Moskva i si tid. Interessant.  «Juchtenleder». Sjeldan vare no til dags. Men kva skal eg bruke? Orda til onkel Karl svirrar endå i hovudet mitt: «….du må bruke stabilt lær. Tett lær.» Nett det testa eg ut i går: Eg skar ut pakningar av stabilt og tett lær frå Ølensvågen garveri  som eg stal frå kona i verkstaden (vonar ikkje kona les dette, då vert det skikkeleg sjau, red.anm.). Likevel,  det fungerte ikkje,  sjølv om eg smurde det med ein emulsjon av olivenolje og vatn, såkalla ”Speisse” slik også  Bartholomeus Girardoni gjorde det.

Klokka er snart halv seks. Tidleg kanskje, men ikkje for min firbeinte ven Bent Erik: Han er ein intelligent katt med utprega godt humør og sunnmørsk pågangsmot. Eg har kalt han Bent Erik fordi eg er oppriktig glad i han.  Likevel, i det siste er kjærleiken sett hardt på prøve: Bent Erik er i puberteten no og gjer ting ute i blomsterbedet saman med andre kattar, ting som ikkje eignar seg på prent og som kan få ein kvar kattepappa til å riste oppgitt på hovudet. Men det er vår. Ja, det er vår. Og no syng Bent Erik. Lidenskapeleg. Ei blanding av soul, jazz og blues. Mykje blues. Eg les litt vidare i Nicolai Wergeland sitt forsvarsskrift «Retfærdig Bedømmelse af Henrik Wergelands Poesie og Karakteer»: «…Men de legemlige Lidelser, Naturen kan tilføie, komme ikke i ringeste Betragtning, da de ere som intet at agte i Sammenligning med hans Sjels lidelser….»  Så sant, så sant.

Bent Erik tek ein kjapp kunstpause og vaskar pelsen sin slik det sømer seg før han går i gang med neste nummer. For å unngå misforståingar, vokalinnslag.

 Eg ser på Bent Erik. Bent Erik ser på meg.  Eg ser at Bent Erik ser at eg ser på han.  Han er skikkeleg staseleg. Den mjuke pelsen skin i vårsola. Ja, den mjuke pelsen! Bent Erik, du er god! Du er fantastisk. Du fortenar ein ekstraporsjon Friskies, min venn! Skinnet må vere  m j u k t  nok, her ligg svaret!

Opp på lemmen og stele den mjukaste  skinnbiten i verkstaden til kona. God plan. Før ho vaknar. Endå betre plan …

«Jeg i slet Lune, Morgenblad? Jeg, som kun behøver et Glimt af Solen forat briste i høi Latter af en Glæde jeg ikke kan forklare mig?»

 

 

Til værket!

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...