logo

Å hjelpe meg...

Publisert:
03.02.2019

Kvifor går det til tider så syndig seint framover? Vel, når ein ser det ferdige produktet gløymer ein ofte alt verktyet som må utspekulerast, teiknast, lagast og utprøvast  før ein kan gå i gong med å lage dei eigentlege delane. Hjelpeverkty, det er halve jobben, det….

Lærlingen min, Børre, ristar på hovudet:

-” Alf, du må snart ta deg ein pause. Du arbeidar som ein grevling på akkord.”

- ”Ja, Børre, du har rett.   Me skal spele mandolin i dag, men etter klokka fem. Før den tid er det full fart. No honey, no money. Det veit du, ikkje sant?”

Eg kjenner meir og meir på den kjensla Bartholomeus Girardoni hadde då distriktskommandoen og leiinga i hovudarsenalet i Wien pressa på for å auke produksjonen av lufttankar: Året er 1787, me er i september månad:  Felttoget mot Tyrkia er i gang, båtane med mannskap og utstyr ligg klar ved kaia og ventar på seglingsordre. Snart går turen  nedover Donau mot Peterwardein.  I verkstaden til Bartholomeus vert det arbeidd natt og dag.  Du kan høyre klinking, hamring og filing frå den vesle murbygningen i Penzinger Strasse nr. 27 . Brått smell det kraftig frå fyrsteetasjen: Ein nylodda lufttank  eksploderar og skremmer vitet av både folk og hestar ute på gata. Inne får børsemakarsveinen Franz Colli dugaleg med kjeft på klingande italiensk.  Handverkarane har god grunn til å sveitte: Mange timars arbeid gjekk akkurat i vasken og tidsplanen til Bartholomeus raknar som ein roten jutesekk. Grev Colloredo frå hovudarsenalet er som snarast innom for å kikke, ristar på hovudet og går ut att.  Inne frå verkstaden vert det kasta alt anna enn velsigning over siste vekes leveranse av jernplater.

For eit liv…

Nei, eg har tenkt litt på dette her: For å klare produksjonen måtte Girardoni ha ein imponerande sats med hjelpeverkty. Min sats i den vesle einmannsverkstaden er som følgjer:

Midten, frå øvst til nedst:

1) Langt klinkemothald i herda stål, dreia av ein  utrangert minebor.

2)Konisk dor med sliss for varmforming av vegger til flaske. Doren vert også brukt til klinking og til å spenne opp tanken for utvendig forming av saumhovud. Vidare er doren uunnværleg for å forme tanken utvendig og for å jamne og rette stålplatene etter at ringane er på plass.

3)Konisk dor utan sliss med litt større form enn 2). Doren vert brukt til klinking og til å spenne opp tanken for etterarbeid av randa innvendig med fil. Han vert også brukt når saumen skal planast med armfil.  Armfila er ei stor, grovhoggen fil på over tre kilo og heilt suveren når ein skal jamne større flater. Det går også mykje fortare å file denne flata enn om eg skulle ha frest henne. Oppspenninga ville ha teke for lang tid.

4)Konisk dor for å opne munning av tank til rett storleik og eksakt rund form for  gjengemuffe som skal loddast inn.

5)Fem ringar av herda stål med innvendig konisk form av ulik diameter for å forme tanken utvendig etter varmforming over dor. To av ringane er allereie montert over emnet som er  å sjå nedst.

Venstre side:

1)Aluminiumsdor med flatfrest side for å drive ringar nedover kjegla utan å setje merke i stålet.

2)To ståldorar til punktuell utbetring av mindre ujamnleikar i saumen.

3)Pressform , todelt, for utvendig varmforming av sfærisk kopp i bakkant av tanken. Forma er todelt for å dele opp pressinga i to trinn. Den indre forma kan festast til ytre form ved hjelp av fire settskruar.

4)Pressform til innvendig forming av sfærisk kopp. Pressforma vert etterpå brukt til korpusarbeid når koppen skal strekkjast og formast i bakkant.

Høgre side, ståande:

1)Dor til utretting av mindre ujamne parti i kuppelen. Doren har ei slagflate i stål og ein tupp i aluminiumslegering for å unngå merke i kuppelen. I staden for aluminium kan også hardved nyttast.

2) Aksling med fem settskruar og langsgåande innfrest sliss: Denne akslingen brukar eg til å halde stålplata når eg skal bøye henne over doren i varm tilstand. Hjelpeverktyet gjev eit jamt tak på plata og forhindrar deformering når plata er varm.

 

Dersom Girardoni hadde ti underleverandørar, måtte han ha minst ti sett som dette for å få jobben gjort. Dei to store koniske dorane byrja som akslingsemne på over elleve kilo, ordentlege beist. Eg brukte vel ein dag på kvar dor. Å dreie dei i ein pedaldriven dreiebenk i låg fart med handsmidde dreiestål som ikkje tålte varme, og det utan kjølevæske, DET må ha teke tid og tålmod, det....

Klokka er fem. Børre kikkar ned på meg og ser bort på mandolinen som ligg i kofferten i verkstaden. Eg ser opp på han og nikkar. Ja, Sam Bush. "Brilliancy." I A-dur. Me har fortent litt newgrass musikk, begge to, no. Til veka kjem gitarmakaren Leo, då skal me dreie og frese i messing. Eg gler meg. Arbeide på tvers av fag, lære nye ting. Det vert utruleg moro. Men fyrst litt Sam Bush, ikkje sant?  The father of Newgrass, high above the town of Telluride... Børre - let's go for it!

 

 

 

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...