logo
Norsk håndverksinstitutt / Stipendiater / Tidligere stipendiater / Alf H. Helland - Børsemaker / Børsemakerens blogg / “We choose to go to the moon in this decade and do the other things, not because they are easy, but because they are hard…”

“We choose to go to the moon in this decade and do the other things, not because they are easy, but because they are hard…”

Publisert:
24.10.2018

Takk,  John F. Kennedy!  Nett no er eg på ”the other things”, har gått til bunns i over to hundre år gamle brev til og frå den austerrikske keisaren Joseph II. og starta på kanskje det vanskelegaste prosjektet: Trykklufttanken….

Ute regnar det som vanleg vassrett. Burde hatt roterande vindusviskarar nett som på supplybåtane, men utsikta frå verkstadglaset er ikkje så interessant som det eg har på skrivebordet: Ein kopi av ein tysk artikkel om Girardoni som Klas Kronberg ved Armeemuseet i Stockholm har sendt meg. Slik er stoda:

24.august 1787: Dekret frå Istanbul: Dei tyrkiske styresmaktene erklærer full krig mot Russland. Keisar Joseph II. har heile tida mana til fred. Ettersom Austerrike er alliert med Katarina den Store må Joseph no ruste ut hæren sin for eit felttog mot Tyrkia. Keisaren fryktar at dette kan verte tøft. I 1683 var Wien kringsett av osmanske styrkar i  to månader, og det var andre gongen dei prøvde seg. Slaget ved Kahlenberg er enno ikkje gløymt. Tyrkarane må stoggast. Haustmånadene i 1787 går difor med til raske førebuingar. Klokka tikkar. Soldatane vert kalt inn, ammunisjon, verkty, mat, uniformar, kanoner, alt må på plass, og det kjapt. 

Joseph sitt hemmelege handvåpen som skal takle tyrkisk regn,  luftriflene, er langt frå ferdige. Bartholomeus Girardoni er skikkeleg stressa. Han arbeidar det han vinn nede på den vesle verkstaden sin i Penzinger Strasse og får mykje kritikk frå arsenalet i Wien for å vere for ineffektiv. Dei meiner han ikkje held avtalen sin og klagar til keisaren over  at han ikkje klarar å lage fleire enn 100 trykkluftflasker  i veka. Girardoni arbeidar på det han klarar, men slit med å levere. Grev Colloredo ved distriktskommandoen er stadig etter han, og for å få fred skriv Bartholomeus eit svarbrev, ikkje til distriktskommandoen, men direkte til keisaren:

”Vyrde keisar,

Eg har fått ordre om å tilverke 400 luftpumper og 2400 vindflasker til utgangen av mars neste år 1788, som eg vil kommentere på følgjande måte:

Dei 400 pumpene skal eg nok sikkert få fabrikert til mars, men vindflaskene, som treng lengre og meir nøye arbeid er det verre med. Dessutan er jernet som eg treng for å tilverke flaskene ureint. Feila i materialet kjem fyrst fram når eg har prøvd flaskene og dei eksploderar. På grunn av dette kan eg ikkje setje nokon bestemt dato for når eg er ferdig.

Med desse orda forpliktar eg meg til den største flid og forstår det prekære i situasjonen. Wien, den 4.september 1787, Bartholomeus Girardoni”

Der sette eg kaffien i halsen. Sterke ord, Bartholomeus. Tøft. Handverkaren er dønn ærleg. Han skriv at han gjer det han kan, men at det er materialkvaliteten som stoggar han. Dessutan må han vere nøyaktig. Kvalitet tek tid. Girardoni har mot som tør hevde noko slikt, men han veit dette er dei riktige argumenta, og kva er grunnen til dette? Eg kan berre finne ein når eg leitar mellom linjene: Keisaren har tillit til handverkaren. Er ikkje dette flott? Tenk om handverkarane av i dag hadde det same?   Eg leitar vidare: Masse pes frå distriktskommandoen og grev Colloredo gjev Girardoni skulda, hevdar jernet er godt nok, men at Girardoni ikkje vil betale prisen for materialet. Har ikkje me høyrt det der før?

Keisar Joseph, derimot, klandrar ikkje Girardoni. Flott. Endå betre, han er på handverkaren si side.  Det gjer godt i ei handverkarsjel å lese orda frå ein keisar på reisefot, datert 28.februar 1788. Neste dag, den 1.mars,  skal Joseph gå om bord i det austerrikske militærskipet nedover Donau mot Peterwardein (no Novi Sad i Serbia), krigen er i gong og keisaren fattar seg kort:

 

”Endeleg har arsenalet så mange vindrifler ferdige med to vindflasker og ei luftpumpe kvar at dei kan  sendast til Peterwardein. Våpna skal etterforsynast med ei tredje luftflaske og kvalifiserte børsemakarar  skal reise saman med våpna. Ettersom kvar soldat skal bære to ekstra vindflasker må arsenalet tilverke ei ammunisjonsvogn som kan transportere dei 1000 resterande fullada vindflaskene utan å skade desse. Joseph.”

Herleg. Eg byrjar å like Joseph. Ikkje berre at keisaren har full oversikt og detaljplanlegg vedlikehald av luftrifla, men han legg ikkje handverkaren for hogg.  Det som er viktig no, er ikkje at dei resterande lufttankane vert ferdige i ein fei, men at dei vert frakta skånsomt, slik at dei ikkje vert øydelagde. Typisk nok klarar ikkje arsenalet oppgåva og det er  børsemakaren som må trø til og snikre saman ei pumpevogn trekt av to hestar til feltmessig hurtigkomprimering av flasker. Ingen problem,  det gjer Bartholomeus på fjorten dagar.  Eg les brevet ein gong til: Ja,  i brevet er det a r s e n a l e t , grevane, skrivebordsgjengen, som får ansvaret. Joseph, eg kan like deg!

Kjenner at eg er på stigande kaffirus her, fram med teiknebrettet: Korleis lagde Bartholomeus flaskene? Det var vanskeleg, det veit me, og 20-30% av dei eksploderte ved test.

Biletet eg tok av originalflaska i Suhl gjev oss svaret: Ho vart smidd eller valsa av 2 mm tjukke jernplater rundt ein innvendig dor som var like stor som det innvendige målet i flaska.

Korleis vart dette gjort i praksis? Å varme heile plata raudglødande, halde henne rundt doren og forme henne med smihammaren? Hmmm. Då trengst det mange hender. Eg har berre to.

Bartholomeus var ein problemløysar. Det er eg også. Truleg har Girardoni gjort noko liknande som eg tenkjer på no:

Dreie ein konisk dor, skjere ein sliss for å feste metallplata, spenne opp doren på eit stativ og så varmvalse plata, bit for bit.

Trur eg har restane av drivakselen til ein Scania Vabis liggjande. Han får duge, for emnet er litt over 75mm tjukt. No får eg peile olje på dreiebenken og setje opp stål, skifte kjølevæske og smøre nisteboks til ungane. Gode førebuingar er halve jobben.

 Let the show begin!

Lat leiken byrje!

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...