logo
Der Waffenschmied  på torget i Suhl.

Vegen sørover -del 1

Publisert:
16.11.2017

"Don't take your guns to town" song ein gong Johnny Cash. Han hadde rett. Heldigvis er eg vorten litt eldre enn  cowboyen Billy Joe i teksten til Cash og  har difor lært å høyre på gode råd frå menneske som har levd ei stund. Så eg  reiste i staden til ein by der det var mange våpen frå før - Suhl i Tyskland. Bli med du også - inn i dei djupe, grøne skogane i Thüringen, på sporet av  Bartholomeus Girardoni, multigeniet frå Cortina d'Ampezzo som konstruerte verdas fyrste og siste luftdrivne armérifle, også kjend som modell 1780...

Kristiansand, den 30.oktober 2017 : 

Nett no sit eg heilt framme i frukostrestauranten på SuperSpeed 1. Fantastisk utsikt og overdådig frukost.  Båten held akkurat på å leggje ut frå hamna. Det regnar ikkje, sola skin og havet ligg temmeleg stille.For meg som er vasstett vestlending og som har stampa rundt i tjukke regnklede med kontinuerleg motvind dei siste vekene er det heile litt surrealistisk. Eg skal ut på ei reise, og det kjennest litt merkeleg:  No går turen sørover, mot Suhl i Tyskland, der eg for fjorten år sidan starta læra mi som børsemakar. Min gode ven og museumskurator, Michael Dürkoop, har eit originalt eksemplar av ei Girardoni-rifle i samlinga si. Dette er veldig spesielt, ettersom det berre vart laga 1500 våpen totalt  og fordi dei fleste forsvann på slagmarka i Holland, Frankrike og Tyrkia for over to hundre år sidan. No finst det berre nokre få att, og dei fleste er i svært dårleg stand. Som handverksstipendiat har eg fått sjansen til å rekonstruere ei slik rifle. Det har ikkje vore gjort i Europa sidan 1830. No er alle dei som kunne kunsten borte og det er forsvinnande lite som er skrive ned. Eg føler meg litt liten her eg sit med tekoppen min og tusen spørsmål i hovudet. 

Brått vert eg riven ut av tankane og legg merke til ein  engelskmann i joggebukse og hettegensar som sit ved nabobordet . Det er ei god stund sidan han har vore i kontakt med såpe og vatn, det kan eg fornemme. Han omfamnar ein kasse med Indian Pale Ale som han har sikra seg i taxfreebutikken og  klemmer pappemballasje og innhald som ein gammal venn, smiler og uttalar med kjærleg stemme ulike  engelske fyndord. Det er påfallande at nesten alle orda startar med "f", sjølv om engelsk elles er eit uvanleg ordrikt språk. Ein gutepjokk vil klatre opp på karmen og sjå ut av vindauget. Havet ligg som ei glitrande blank flate i morgonsola. Ei ung mor dreg resolutt den stakkars poden attende og gjev han eit nettbrett å trykkje på. Det er gratis WiFi ombord. Ungane skrik mindre då.

Eg let 2017 vere 2017 og let tankane gli attende til mannen som har ført meg ut på denne reisa, Bartholomeus Girardoni: Han vart fødd i Cortina d'Ampezzo, Sør-Tyrol, den 30.mai 1744 og går i lære som klokkemakar. Bartholomeus er svært kreativ og nøyer seg ikkje med urverk: Han lagar flymodellar etter teikningane til Leonardo da Vinci og testar også desse ut. Det er ikkje alltid han har hellet med seg. Godt å høyre, det kjenner eg til også. Trettifem år gammal har han også laga to våpenmodellar, prototypar,  som han presenterar for keisar Josef II. Den eine modellen er ei flintlåsrifle med magasin og den andre er ei vindrifle som brukar komprimert luft. Den 20.mars 1779 seier keisar Josef II ja og Bartholomeus får oppdraget: 1000 flintlåsrifler og 500 vindrifler. Keisaren er så oppglødd over nyvinningane at han skriv eit brev til  sin general Caramelli den 15.juli 1779 og gjev Girardoni  ei stilling som børsemakar ved hoffet, på livstid. I november same året flytter trettifemåringen frå Ampezzo til Wien med kona si og sonen Johannes. I ein forstad til Wien, Penzing, finn han seg hus. Lenger oppe i gata, i Penzinger Strasse 27, innreier han ein liten verkstad. Urmakarlærlingen hans Franz Colli og ein skjeftar skal hjelpe han. I 1784 har dei eit lager av 300 vindrifler og 150 skjefte som dei sel for 35 gylden per stykk. Wolfgang Amadeus Mozart er då 28 år gammal og har allereie budd tre år i Wien. No har Wolfgang vore gift med Constanze Weber i to år og tek ein gylden for ein privattime.

Stopp! Eg må nesten lese det ein gong til:3 0 0  våpen på f e m  år. DET er godt gjort. Korleis klarte dei det? Utan ein gong elektrisk lys? Eg er så oppslukt av historia at eg ikkje merkar at SuperSpeed held på å leggje til kai. Engelskmannen ved nabobordet er oppteken med smarttelefonen og har funne fram ein video av heller tvilsom karakter som han meir enn gjerne delar med sine medpassasjerar. Stemninga er høg når ølet og sigarettane kjem ombord i bilane. Jau, dette er nok 2017.

Men korleis klarte handverkarane å vere så effektive? Eg er bak rattet i ein gammal Toyota Hilux, det er diesel på tanken, olje på motoren og eg har tid til å gruble. Over soldekte Jylland legg eg meg bak eit vogntog som skal mot München. Det går ikkje så fort, men det går jamnt.  På planet har eg eit skyvelære på over ein meter, kamera med stativ og støypeutstyr for å ta eksakte mål av løpet innvendig. Dette hadde eg aldri fått med på flyet, så eg er takknemleg for at Handverksinstituttet let meg ta bilen sørover. 

Mot kvelden når eg Eschwege litt sør for Göttingen, seier farvel til Autobahn og skjer av austover, mot Eisenach. På radioen melder dei at i morgon er det 500 år sidan Martin Luther slo opp thesene sine på kyrkjedøra i Wittemberg. Difor skal alle ha fri i morgon, men berre i morgon.  Reformasjonsfri.  Vegane er nesten folketomme. Det er som om heile Thüringen held pusten. Wartburg ligg bada i flomlys og eg tenkjer: Der oppe, på eit iskaldt rom inne i den steinborga hausten 1521, sat Martin Luther og omsette Det Nye Testamentet frå gresk til tysk. Det er rett og slett fantastisk. Han hadde den greske bibelen til Erasmus av Rotterdam å støtte seg til, men likevel. Det vert sagt at han brukte berre 11 veker på det. Og det var utan Windows 10 og retteprogram... Eg lurar på om Martin fekk litt fri, eg. Det hadde han jammen fortent. I radioen er det heftig debatt om å innføre 31.oktober som nasjonal fridag. Ute er det stupmørkt.  Eg er nesten framme i grevskapet Henneberg, der mentor Karl Wolf, spesialist på pneumatiske våpen, ventar på meg. Det vert varm dusj og rein seng å få. Ein trøytt stipendiat syng høgt og falsk Hellbillies i bilen: "I morgooo, då har eg fri.." Men onsdag, då går jakta på Girardoni vidare, for då skal eg på museet....

 

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...