logo

”The world turns on Colchester lathes”

Publisert:
24.10.2018

Det står det i alle fall bak på dreiebenken min , ein Triumph 2000. Hadde benken min heitt “Nimbus 2000” ville eg vore klar for neste Harry Potter film….

Det luktar grønsåpe over heile verkstaden. Ikkje fordi eg har starta julevasket, det er for tidleg. Nei, det er fordi eg har blanda inn ein ordentleg brukardose med grønsåpe i skjærevæska til dreiebenken. Grønsåpa smører godt, forhindrar korrosjon og er antiseptisk. Og eg kjenner meg nyvaska. Fantastisk kombinasjon.  Den tilårskomne motoren med tredoble kilereimar  durar og går så jekslene ristar og  mjølkeglasa til ungane klirrar på kjøkenet over meg. I stova blinkar det uregelmessig i taklampa. Spenningsfall .  Skjerevæska ligg som ertesuppetjukk London smog i kjellaren og eg er så blank og feit i kjakane som Smørbukk. Her får ein ansiktsmaske i arbeidstida. Det fell inn i kategorien ”bonus”.

Utfordringa no er å dreie konusen: Eg spenner opp eit emne eg kappa med vinkelsliparen, plandreiar, borar ut senter og gjengar først akslingen innvendig, så eg kan skøyte på han med to mindre akslingar. I desse har eg også laga senterboring, slik at eg kan spenne opp heile sulamitten sentrisk over spissar. Som den amerikanske børsemakaren Peter A. Alexander ein gong sa det: ”If you cannot hold it, you cannot work it. “ Konisiteten målar eg så med måleuret på toppsleiden og profilslipar eit stikkstål i HSS. Kutta må vere små for å unngå sperring i benken.

Eg ser for meg bøttevis med spon, og det vert det.  Av og til klarar bakkskiva å fiske til seg ein saftig dott og slengje han rundt i verkstaden med 320 omdreiingar i minuttet. Julevasket er godt i gang.

For å kunne halde stålplata på plass under forming/valsing fresar eg eit 2,5mm breitt spor på langs gjennom doren. Mi Bridgeport universalfresemaskin frå engelske Adcock &  Shipley i 1950 har eit 42” langt bord, og det er ei velsigning.

No stig spenninga: Vil dette fungere? Det er med skjelvande hand eg rissar opp plata og set henne på plass i slissen. Eg forvarmar det eg kan med propan og den største, mest fancy  brennaren til Sievert. Nei. Plata er stiv som ein kjepp.  Eg får henne ikkje varm. Kunne like gjerne brukt hårfønaren til mor.  Kva no? Eg kjenner eit satans  frø av tvil i bringa som driv meg bort frå tradisjonell tilnærming og inn i moderne fortviling: Kanskje eg kan prøve acetylen og oksygen ? Det vert varmt. Samvitslaus fiskar eg fram min Elga X11 injektorbrennar. Nei. Varmen vert for konsentrert på ein stad.  Eg kjem til å skade molekylstrukturen i stålet og øydeleggje heile emnet mitt. Der oppe i himmelen kan eg sjå Bartholomeus. Han ristar på hovudet og ser litt oppgitt ut.  Hmm. No må eg vere kreativ.

Litt tom i toppen går eg ut på trappa. Godt med haustluft. Der sit  min nærmaste kollega, katten.  Han ser på meg og kjem med den mest fornuftige kommentaren i dag: ”Mjau!”  Etterpå leiar han meg bort til smia der herdeomnen står. Halen står beint til vers, og det plar vere eit godt teikn.  Eg ser på omnen som eg skal ha til hardloddinga av tankane seinare. Aha!  Sjølvsagt! Pus, du er eit geni!  Det varar ikkje lengje før eg i beste Wallace & Gromit -stil har kopla frå ein av dei seks injektorbrennarane frå omnen, laga meg ei forlengjing av nokre akslingsemne og eit stålrøyr. Barndomshelten min frå  teikneserieblada, Lyn Gordon, ville vore misunneleg hadde han sett nyvinninga. Brølet er majestetisk og trykket er fantastisk. No brenner eg gass, det er visst.

Veddar på at karane på TESS gret gledestårer no. Med spjeldet konstruert av to askebeger i forkobra stål kan eg finjustere oksygenmengda til flammen er lett oksiderande. Herleg. Brått er kaos snudd til orden og eg høyrer fuglesong og elvebrus gjennom hørselsvernet.  Girardoni ville sikkert lagt doren med plata i essa og lynkjapt teke det over på eit dreiebenkliknande stativ for å smi det der eller han hadde eit trau med smikol på vangane til sin eigen dreiebenk. Eg er faktisk tilbøyeleg til å tru det siste, for oppspent på dor er det mykje lettare å tilføre varme direkte i det området som skal bøyast. Dessutan, på denne måten er det mykje lettare å unngå overoppheting, for ein har full kontroll og oversikt. Girardoni var ein luring.

Til alle de som har prøvd strikkhopping på Rjukan eller rafting i Sjoa: Viss de er ute etter eit skikkeleg adrenalinkick, prøv å sjokkvarme stålplater  med grov, heimelaga injektorbrennar og 11,3kilos propanflaske  i kjellaren. Her får de også bonus med oksygenmangel  og regelrett avsviming dersom de ikkje opnar kjellarglaset.

 

 

Dette går som smør. Eg ser opp. Bartholomeus smilar og nikkar til meg. ”Molto bene….” Neste utfordring vert dei kuppelforma endestykka. Best å gjere seg opp nokre tankar om emnet...

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...