logo

Some girls like it hot...

Publisert:
17.06.2018

….and so do we.

  Av og til kan det verte i hottaste laget, og i dag var ikkje dagen for miniskjørt ved essa.  Det kan eg garantere. Men det var ein dag  å heise flagget på.

Sjølv om det var 18.mai…

Bli med på ein gloheit tur inn i gjørtlaren si fantastiske verd…

Eg sit i smia, gneg frenetisk på eit eple og les C.W. Ammen sitt verk ”The complete Handbook of Sand Casting”: Den eldste støypte lekamen som vart laga i ei sandform og som me kjenner til er ein liten kjøkkenomn frå Kina. Denne omnen vart støypt rundt den tida Jesus vart fødd, altså for over 2000 år sidan. Tøft. Med andre ord,  folk har gjort dette før.

Prinsippet er enkelt: Ein lagar seg to rammer av tre med to styrepinnar, slik at rammene kan setjast saman på eksakt same plass kvar gong. Ein negativmodell av tre vert laga og sanden pakka rundt frå begge sider. Forma vert delt og modellen teken ut.Fordi det lagar seg eit holrom, kan ein helle flytande metall nedi forma og vente til det storknar. Då ligg det ein kopi av tremodellen inne i sanden . Genialt. Ein vakker ide. Eg kjenner meg så fantastisk privilegert. Fram til no har eg berre teke heile emne, kappa, filt, frest og dreia det til å lage noko  som ligg inne i emnet. Alt kappet og sponet måtte eg kaste.  No går eg motsett veg: No tek eg kapp og avfallsprodukt, smeltar alt saman  om til barrar og let det flyte ut i dei formene eg ynskjer. Dette er stort. Veldig stort. Tyskarane kallar dette ”Das Urformen” og  eg kjenner meg som ein fyrsteklassing med ny skulesekk, fargeblyantar og skriveblokk. No skal eg verte ”sand crab”, slik C.W.Ammen skriv, og eg gler meg. Dette gjorde Girandoni og sveinane hans i  Wien for 238 år sidan. Klarar me det også?

 

 

Sidan modellen ikkje er rotasjonssymmetrisk og har eit holrom på undersida, må eg nytte ein metode som heiter ”the oddside method”, eller ”coping out”:  ”Cope” er sandkrabben sitt namn på øvste kassen, ”drag” kallar han nedste kassen.

På biletet over har eg pakka sanden heilt tett i kassen og stroke av toppen med ein rettholt av tre. Etterpå har eg grave ut sand på undersida og pakka dette rundt sida av modellen. No har eg lagt linja for støypeskøyten, for den linja ligg i same planet som sanden eg har stroke av. Er du med? Før eg legg neste kasse på, har eg pudra overflata med talkum som slippmiddel. 

Så legg eg neste kasse på, siktar fint støypesanden med spesialutstyret som eg stal frå sandkassen til minstejenta og pakkar sanden tett. Formene er merkt med bokstaven ”A” som skal sikre at eg ikkje rotar det til, snur formene og set dei saman speilvendt. 

På biletet over fyller eg på med støypesand og komprimerar massen med eit trestykke så fast som eg klarar. No lagar eg avtrykket av toppen til forma. Føringsstiftane vert så fjerna og formene forsiktig delte. Eg tek vare på toppavtrykket og brukar det som eit utgangspunkt  for  å forme botnen av låskassen. Heldigvis har eg lagt ei veke i arbeidet med modellen, og det har eg att for no. Avtrykket vert nesten perfekt:

Eit lite hjørne innvendig er ufullstendig, men det gjer ingenting.Eg lagar til nedløp for støypekanal og lufterøyr:

Nytt lag med slippmiddel, øvre kasse på plass og me fyller på med sand:

To blekkboksar skjer eg botn og topp av, monterar eit røyr i midten og fyller med sand. No har eg trakt. Eg skrur til tvingene for å hindre at messingen løfter formene når eg skal helle.

Går dette bra? I dag er det 18.mai. Sola held på å gå ned. I går, Alf, spelte du stortromme  som innhyrt stand-in-perkusjonist i skulekorpset. Det hadde du aldri gjort før, men det gjekk storveges. Klarte du ”Ja, vi elsker  og ”Norsk Jegermarsj” klarar du dette her….Sinken dampar grønkvit i digelen og eg sveittar lite grann her eg står. Eg kostar slagget av, grip tanga, dreg pusten og heller. Støypen går. Eg legg skjelvande frå meg tanga  og ventar eit kvarter før eg knuser forma. Det er lange femten minutt. 

UTRULEG! Låskassen vart nesten perfekt i forma, litt porer her og der og ein stad der messingen ikkje flaut. Jippi! Kor er flagget? Eg kastar av meg skinnforkleet og stormar mot huset. Kor ER  flagget? No skal det flaggast. Klokka er halv elleve om kvelden, eg har trakka flat alle påskeliljene idet eg runda hushjørnet.  Kona mi ristar lett oppgitt på hovudet. Med skjelvande hand går flagget til topps. Dette er sterkt. No kan eg syngje ”Fagert er landet”. For no er det fagert....

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...