logo

Påskemorgen slukker sorgen

Publisert:
17.06.2018

 ….men ikkje flammen i omnen. For eit brøl. Nesten som ein V8 motor med fullt turtal.  Dette er stort. Veldig stort! Augnebryna er noko kortare etter fyrste oppfyring, men du verden!  Det er smil og det er tårer. Gledestårer….

Det var med ei skjelvande hand at eg monterte dei seks injektorbrennarane i går.Ein vert litt smånervøs når alt er nesten ferdig og det er klart for nedteljing og takeoff. Nesten sånn måtte dei ha hatt det, gjengen i NASA,  før Apollo 13 skulle ut i verdsrommet . Det elektroniske termometeret hengde eg opp på det gamle stortrommestativet til junior. Det passa perfekt.  For å lage ein nøytral atmosfære til hardloddinga valde eg å leggje ein bakgass av argon inn i omnen.  I verkstaden hadde eg eit gammalt manometer med ventil til argonflaska, men det passa ikkje, så eg måtte ta ein tur til TESS,  handle litt røyrdelar og vere litt kreativ i dreiebenken. Til slutt laga eg ei overføring til eit 6mm stålrøyr som eg førte inn i   

omnsveggjen.

Opplegget var klart, det var berre å såpe inn alle koplingar og sjå etter lekkasjar. Eg opna for flasketrykket og smaug meg rundt omnen med øyro på stilk, nesten som katten når han er på musejakt.  Ikkje ein lyd. Og ingen såpebobler. Halleluja! Med skjelvande hand og lang fakkel  var det berre å opne for brennarane, ein for ein. Det verka!  Omnen brølte med autoriteten til ein matematikklærar i ungdomskulen rett før eksamen. Det rista lett i jekslane og tårene spratt. Litt Harley Davidson over dette her, ja.  Temperaturen steig med rekordfart, på fem minutt bikka termometeret 600 grader. Det knast litt, nett som i ein gammal mann med gikt som vert rykt opp av stolen av nabokona på dans laurdagskvelden.  Dramatisk. Eit par sprekker kraup langs mørtelfugene og fekk sveitteperlene fram på panna, så eg sakka på og gjekk inn for landing med flasketrykk på 2,8 bar, 145 grader i brennkammeret og ein råsterk kopp Friele pulverkaffi  i neven. Nervemedisin. Sprekkene tek eg likevel med knusande ro: Eg har meir eldfast mørtel, tid til å eksperimentere  og  finpusse anlegget. Omnen vert ein god kamerat når me skal sylvlodde løp, lufttankar og smelte messing. Bakerste bluss på halvt trykk gjev jamne 180 grader. Er ikkje det pizzatemperatur? I så fall snakkar me om multifunksjonalitet…

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...