logo

Nye vindar over yrkesfag

Publisert:
25.08.2018

Eg må knipe meg i armen. Er dette verkeleg? Kunnskapsdepartementet skal ta handverksfaga inn att i skuleverket. Det skal s a t s a s t på handverk i skulen. Musikk i våre øyre, ikkje sant? Og det skal lagast ny struktur for dei yrkesfaglege utdanningane med flett nye læreplanar.  Det er ikkje lett å tru det ein høyrer og les. Eg knip meg i armen ein gong til. Og eg, ein vanleg, dødeleg  børsemakar  frå Vestlandet,  har fått invitasjon til å vere med på fyrste arbeidsmøte. Nei, dette er heftig. Eitt å gjere: Kvesse blyanten, pakke sekken og tinge flybillett til Gardermoen. Katten må klare seg med tørrfór  i mellomtida. Ingen tvil.

 

Eg kjenner meg svært så privilegert og ikkje så reint stolt her eg sit med invitasjon frå sjølvaste seniorrådgjevar Monika Thollefsen i Avdeling for fagopplæring i Utdanningsdirektoratet. Toget tøffar tøffare og tøffare inn mot Lillestrøm stasjon og brunosten på skiva mi smakar litt ekstra godt i dag når eg les orda: ”For å lage beskrivelsene av sentralt innhald i fagene trenger vi hjelp….Dette er et viktig nasjonalt arbeid for yrkesfagenes fremtid, og vi håper du har mulighet til å delta i arbeidet. I refleksen av togruta ser eg ein kopi av Sverre Wilbergs kriminalinspektør Hermansen frå filmane til Olsenbanden: ”Kongen stoler på statsministeren. Statsministeren stoler på meg. Og jeg stoler på deg, Hermansen.”

Neste morgon er det med stor spaning eg stiller opp i møtesalen på Thon Hotel Arena i Lillestrøm, dog utan smårutete tweed-dress. Eg er klar til full innsats for konge og fedreland . Med meg på gruppa har eg  Dag Ole Ward ,  erfaren faglærar og høgkompetent børsemakar frå landslinja i børsemakarfaget på Gauldal VGS. Me sit lengst framme og skriv så blekket sprutar medan dei felles retningslinene for faget vert lagt ut frå Udir. Arbeidet med nye læreplanar startar allereie i haust og dei fyrste elevane etter den nye ordninga skal på skulebenken 2020. Og i dag skal me lage føringsdokumentet  for læreplananane, eit slags manifest.  Kjernepunkt skal vere: meir relevant innhald, tydelegare progresjon, tilretteleggjing for djupnelæring, rom for overføringsverdiar og styrking av dei praktiske og estetiske faga. Eg merkar eg vert litt sveitt når eg tenkjer på alvoret og er glad eg gløymde tweeddressen. Dag Ole og eg ser på kvarandre, synkroniserer klokkene våre og tek den kollektive varianten av Egon Olsen sine ord: ”Vi har en plan.”

 

I beste Olsenbandenstil  ranar me oss ein god plass på grupperommet med tilgong på  stikk i veggen, kuttar pausar til eit minimum og dykkar ned i morfologiske, semantiske og syntaktiske tvilstilfelle i eksisterande kompetanseprofilar. Tastaturet glødar.  Ingenting er godt nok. Ingenting er klart nok. Ingenting er dekkande nok. På seks timar høvlar me til eit styringsdokument som skal utgjere ramma for seinare læreplanar. Det vert mykje høvling, teksten skal vere på maks ei A-4 side, men me får til eit resultat me kan stå inne for.

For ein dag.  Dette er stort. Teksten går ut til høyringsgruppa  i neste  veke  og me får sjå kva som kjem i retur. Hermansen er no på stigande kaffirus i eit fly  nordover mot Ålesund. I kveld  skal han opp og møte Bent Erik som er på intens pigmentjakt i murpussen sitt fantastiske univers. Dette kallar me sceneskifte…

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...