logo

Med bibel og kjettingtalje

Publisert:
17.06.2018

Herleg. No kriblar det i heile kroppen. Snart står omnen ferdig. Berre eit par små detaljar står att. Eller rettare sagt: Ein litt større detalj på 130 kilo: Døra. Her må det nok ein ekstra Libero til, eller kanskje ein Pampers Up and Go ?

 

Av og til kjenner ein seg liten og kraftlaus. Då er det eitt som hjelper:  Bibelvers . Som handverkar søkjer eg av og til trøyst i 5. Mosebok, 14.kapittel, vers 29:   ”, og Herren din Gud vil velsigna deg og alt arbeidet du gjer med hendene dine.”

Med andre ord: Ingen grunn til å hengje med nebbet. Eg finn fram kjettingtalja til min kjære broder saman med ein eingongsstropp av polsk fabrikat.  Ein  nokolunde kvistfri 4”x4” havnar over tre hanebjelkar. Tid for ei stille  bøn før eg dreg i kjettingen. Døra lettar på seg. Eg prisar Jesus.  Nett no er det stort å vere handverkstipendiat.  Døra smett på plass, og det er same herlege lyden som når ei safedør går i lås. 

Eg stemplar av med ein 2”x6” i golv og hanebjelke, tek eit kvart hallingkast i pur glede og finn fram sveiseapparatet. No skal hengslene på, og det med dekka elektrodar! Herleg. Ein I-bjelke i stål  held hengslene i andre enden og  bjelken har eg skrudd i ramma med seks M12 boltar. Dette bør halde.

Likevel, ei utfordring står att: Døra må liggje godt att mot brennrommet, her må det ikkje vere gliper  der varmen slepp ut, elles vert det vanskeleg å halde på temperaturen. Hm. Her må eg nok slipe betongen på plass, men kor får eg tak i slipeskiver?

Kappeskiver for betong er lett å få tak i, men slipeskiver? Eg får hjelp frå uventa hald: Magnar, sjefen på den lokale SPAR-butikken, har ein slipekopp av  smergelstein  som han gjerne vil låne til meg. Supert! Eg går i gong, svertar kanten til brennrommet med olje og sot og slipar inn pasningen med vinkelsliparen.Det støvar så imponerande mykje at det knasar mellom tennene kvar gong eg opnar munnen.  Fragment av Hey’di eldfast mørtel  klistrar seg i ganen. Spanande smakar.  Må tilstå at eg får medynk med  ørkenvandrarar og kjenner det kunne vore godt med drikke. Når  eg omsider er ferdig og røyken har lagt seg, skjer eg ut eit spor for glasfiberpakningen i døra. Pakningen kjem i,  eg  leskar strupen med  First Price eplesaft og tek ein sigerrunde med støvsugaren. Jauvisst er det langfredag.  Tøffe tak, men Sjefen er med meg. Det veit eg.  Påskemorgon kjem snart, og også stunda då me skal teste ut omnen. No har mørtelen tørka i tre veker…

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...